Hopp til innhold

Meisterskapsdebutant gjekk opp 16 kilo på ein sommar: – Eg enda opp med å ete heile tida

Tobias Schjølberg Grøndahl får meisterskapsdebuten sin for Noreg i handball-VM i januar. Tallause brødskiver var ein viktig del av VM-oppskrifta til bakarsonen.

Tobias-Grøndahl-stills

VM-DEBUTANT: Å spele i VM er ein barndomsdraum som går i oppfylling for Tobias Schjølberg Grøndahl.

Foto: Mats Sparby / NRK

Handballspelaren Tobias Schjølberg Grøndahl sit på bakeriet til mora og et julekake. Dei har det blitt mange av.

I fjor sommar måtte mora fôre han med meir brødbakst – då målet til eliteserieklubben Elverum var å få Grøndahl opp i vekt.

I løpet av tre månader la 20-åringen på seg imponerande 16 kilo.

Schjølberg ung

LETTARE: Her er eit bilete av Grøndahl frå november 2016.

Foto: Privat

– Då måtte det meir enn krumkaker til, ler Grøndahl og held fram:

– Eg fekk litt hjelp til å finne ut av korleis eg skulle løyse det, og det var eigentleg ikkje så veldig vanskeleg. Mellom alle dei fire hovudmåltida åt eg to brødskiver.

Målretta

– Det var storhandling kvar dag, og han følgde eit strengt skjema frå ein ernæringsfysiolog i Elverum. Han åt jo heile tida, mimrar bakar-mora Tonje Schjølberg Grøndahl.

Grøndahl fortel at han konstant fylte på lageret og at det til slutt vart ein vane:

– Eg enda opp med å ete heile tida ein liten periode. Samtidig som eg sjølvsagt trena styrke regelmessig og fornuftig.

– Han er målretta. Set han seg eit mål, så når han det, seier mamma om sonen som har vore eit handballtalent frå barnsbein av.

– Eg merka det med ein gong den sommaren. Å ha litt meir fysikk å spele på, rett og slett, i ein kropp som i utgangspunktet er ganske lett mot dei vi møter, hjelper. Eg trur eg har drege veldig god nytte av det, fortel Elverum-spelaren om det auka matinntaket.

Grøndahl

MOR OG SON: Mamma Tonje Schjølberg Grøndahl smurde mange skiver med leverpostei i fjor sommar. Ho skryter av kor målbevisst sonen er.

Suksessoppskrifta

Grøndahl fekk gjennombrotet sitt med Elverum i fjor. Då vart han kåra til beste unge playmaker i Meisterligaen.

Tobias-Grøndahl-stills

PLAYMAKER: I fjor vart 20-åringen kåra til beste unge playmaker i Meisterligaen.

Foto: Mats Sparby / NRK

No er han teken ut i Noregs VM-tropp.

– Det er ein liten barndomsdraum som går i oppfylling, innrømmer 20-åringen.

Grøndahl takkar klubben for suksessen:

– Det er kanskje totalpakken med det å vere i Elverum som hjelper meg med å utvikle meg som spelar.

Han fortel om godt samarbeid med trenarduoen Børge Lund og Raymond Hamar, og det fysiske apparatet rundt.

– Saman har vi funne ei lita oppskrift som har fungert veldig godt for meg, seier 20-åringen og held fram:

– Den fysiske trenaren min passar på at eg alltid er klar for kvar einaste utfordring som kjem. Samtidig som eg har trena med dei beste spelarane i Noreg i fire år no, som har gjort meg til ein utruleg god handballspelar.

Tobias-Grøndahl-stills

FRAMSTORMANDE: Trenar Børge Lund meiner Grøndahl har eit enormt handballhovud.

Foto: Mats Sparby / NRK

Han takkar for at han har fått så stor tillit i ung alder.

Trenar Lund trur mange unge spelarar har mykje å lære av Grøndahl.

– Det er ein ung gut som har trua på seg sjølv. Han vil sikkert verke på grensa til arrogant. Men han er klok nok til å vite kva som er styrkane hans, seier Elverum-trenaren og avsluttar:

– Alt Tobias har gjort har vore mynta på å bli best. Han har prestert, og det er ikkje utan grunn.

Siste nytt

  • PST blir med OL-troppen til Paris: – Vi er godt ivaretatt

    En representant fra Politiets sikkerhetstjeneste (PST) skal oppholde seg i Paris under sommerlekene samtidig som de norske gullhåpene.

    Det opplyser toppidrettssjef Tore Øvrebø til NTB.

    – Det er et veldig flott samarbeid. Det øker opplevd trygghet i troppen, vi vet at vi er godt ivaretatt, sier Øvrebø.

    Han opplyser at PST-representanten ikke er en del av troppen, men skal være i Paris og fungere som en forbindelse mellom sikkerhetsapparatet hos arrangøren, politimyndigheter og OL-troppen.

    Toppidrettssjefen informerte om sikkerheten og den norske troppens forberedelser til Paris-lekene under et mediemøte i Oslo onsdag. Der opplyste han også at det er tett kontakt med Utenriksdepartementet og den norske ambassaden i Paris.

    I tillegg skal det avholdes et beredskapsseminar i juni.

    (NTB)

    ETfSi5_G-i8
    Foto: NTB
  • Arsenal og Ødegaard slått ut av Mesterligaen

    Arsenal skapte knapt sjanser og tapte 0–1 borte mot Bayern München. Dermed ble Martin Ødegaard og co. slått ut i kvartfinalen i Mesterligaen etter 2–3-tap sammenlagt.

    Bayern München skapte heller ikke all verden, men Joshua Kimmich scoret onsdagens eneste mål og sendte den tyske storklubben til semifinale.

    Raphaël Guerreiro svingte ballen inn i Arsenal-feltet. Der kom Kimmich stormende, og headet ballen kontant inn i det lengste hjørnet.

    Ødegaard var stort sett involvert i det lille Arsenal skapte, men verken langskudd, gode pasninger eller forsøk fra skrått hold var i nærheten av å overliste Bayern-keeper Manuel Neuer.

    Arsenal var denne sesongen med i Mesterligaen for første gang siden 2016/17-sesongen, men ble også da slått ut av Bayern München. Den gang endte det 10–2 til Bayern i åttedelsfinalen.

    Champions League - Quarter Final - Second Leg - Bayern Munich v Arsenal
    Foto: Leonhard Simon / Reuters
  • Vålerenga utlignet NM-finalen mot Storhamar – hat trick fra Karterud

    Jørgen Karterud ble nøkkelmann med tre mål da Vålerenga snudde til 5-2-seier over Storhamar i den andre finalekampen i NM-sluttspillet i ishockey.

    – Det er helt magisk. Man går rundt med frysninger hele matchen egentlig. Nei, det er helt magisk, spesielt som Vålerenga-gutt, sier Karterud til TV 2.

    Onsdagens resultat på et fullsatt Jordal betyr at det står 1-1 sammenlagt i en serie som spilles i best av sju oppgjør.

    Storhamar tok ledelsen ved Marcus Bryhnisveen etter drøyt ti minutter, men 70 sekunder senere var lagene like langt etter Karteruds første scoring for kvelden.

    Karteruds andre mål sendte Vålerenga i føringen etter halvspilt midtperiode, og Alex Dostie økte til 3-1 kun 38 sekunder senere.

    På benken tok Storhamar-trener Petter Thoresen grep umiddelbart. I timeouten skjelte han ut spillerne sine, og i pausen avslørte kaptein Patrick Thoresen at faren med rette hadde stemplet dem som «jævlig diva» og «ræva».

    – Dette var dårlig, enkelt og greit. Det ser ut som vi er veldig høye på oss selv og er ekstremt fornøyde med kampen vi gjorde sist, sa Storhamar-veteranen til TV 2 før sluttperioden.

    Dostie la på til 4-1 kort tid etter den siste pausen, mens Tommy Hjelm tente et lite Storhamar-håp med en kjapp redusering.

    Nærmere kom ikke gjestene, og i stedet fullførte Karterud hat tricket i sluttsekundene.

    Den første finalekampen vant Storhamar 5-1. Lagene møtes igjen på Hamar fredag.

    Storhamar tok sist NM-pokalen i 2018, mens Vålerenga tok klubbens siste av 26 i 2009. (NTB)

    Jørgen Karterud jubler for mål i 2. NM-finale mot Storhamar
    Foto: Lise Åserud / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal