Meir koronatrøbbel for Bayern

Bayern München-profilen og landslagskaptein Joshua Kimmich vart for ein månad sidan innstendig oppmoda av leiande politikarar om å ta koronavaksine. No har han smitta.

Det stadfestar Bayern i ei fråsegn. Kimmich er isolert i eigen heim og skal ha det bra.

26-åringen er den siste av fleire Bayern-spelarar som har testa positivt den siste tida. Han bles liv i vaksinedebatten i tysk fotball då han for nokre veker sidan avslørte at han ikkje er verna mot korona.

Kimmich sa at det var på grunn av «personlege bekymringar». Han vart raskt kritisert av medisinske ekspertar for ikkje å vere klar over sitt ansvar som rollemodell.

Innanriksminister Horst Seehofer i Angela Merkels avtroppande regjering bad Kimmich om å tenkje seg om.

– Du er ein personlegdom med eksemplarisk åtferd. Dersom du tek vaksinen, vil andre si «då gjer eg det også». Vaksinasjon er det fremste våpenet vårt mot pandemien, sa han til Bild i slutten av oktober.

Joshua Kimmich
Foto: Matthias Schrader / AP

Siste nytt

  • KFUM vann kvalik-drama

    KFUM er klar for vidare eliteseriekvalifisering etter 3-3 og 5-4 på straffespark mot Fredrikstad i kampen som hadde alt.

    Snuoperasjon, ekstraomgangar, scoring langt på overtid, to raude kort, og straffespark - det blei drama i snøveret i Fredrikstad.

    FFK hadde sigeren i lomma, men på overtid av overtida av den siste ekstraomgangen sikra Bilal Njie KFUM 3-3 og straffesparkkonkurranse mot Fredrikstad.

    Olav Øby sette den aller første straffen i tverrliggaren. Deretter scora alle på sine straffer, med Johannes Humelvoll Nunez som matchvinnar.

    Før det hadde heimepublikummet fått sjå sitt lag hente inn 0-2 til 2-2 i ordinær tid.

    KFUM leia nemleg 2-0 ved pause etter ein omgang med klart overtak. Alagie Sanyang og Bilal Njie scora for gjestene.

    Så bytte FFK ut tre midtbanespelarar frå starten av andre omgang, og tok kommandoen.

    Henrik Kjelsrud Johansen reduserte etter 64 minutt og utlikna to minutt før ordinær tid var ute. På overtid smelte FFKs Nicolay Solberg ballen i tverrliggaren.

    Dermed gjekk kampen til ekstraomgangar, og det var den spanske innbytaren Maikel som på den etter kvart snødekte bana smelte inn det som såg ut som sigersmålet åtte minutt før slutt.

    Men tre minutt på overtid vippa Njie inn utlikninga.

    KFUMs Tore Andre Sørås fekk sitt andre gule kort like før slutt og måtte gå av bana. Langt på overtid av ekstraomgangane fekk også FFKs Ayoub Aleesami

    KFUM skal møte Jerv i Grimstad søndag. Vinnaren der skal møte det tredje siste laget i eliteserien i avgjerande kamp.

    Bilal Njie, KFUM
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Manchester United får PL-motstand

    Den tredje runden av FA-cupen er trukket, og her er noen utvalgte oppgjør:

    Swansea City – Southampton

    Chelsea – Chesterfield

    Liverpool – Shrewbury Town

    Leicester City – Watford

    Hull City – Everton

    Tottenham Hotspur – Morecambe

    Millwall – Crystal Palace

    Swindon Town – Manchester City

    Manchester United –Aston Villa

    Wolverhampton – Sheffield United

    Newcastle – Cambridge United

    West Ham – Leeds United

    Chartlon Athletic – Norwich

    Nottingham Forest – Arsenal

    Maguire
    Foto: Rui Vieira / AP
  • Tre positive tester i håndball-VM

    Kroatia må stille uten Ćamila Mičijević, Ivana Dežić og Dora Krsnik i kveldens kamp mot Japan i håndball-VM, da trioen har testet positivt for korona. Resten av troppen har mottatt negative prøvesvar, og kampen går som normalt. Du kan høre den på radiokanalen NRK Sport.

    Dora Krsnik
    Foto: Bo Amstrup / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal