– Treningshallane dei har tilbode oss er ikkje ein verdsmeisterskap for kvinner verdig. Det er ruglete betonggolv med to–tre millimeter linoleumsduk oppå, fortel landslagssjefen til NRK på pressetreffet på laurdag.
Noreg knuste Kasakhstan i opningskampen fredag kveld, utan å ha vore optimalt førebudd. Landslagssjefen ville ikkje la spelarane sine trene i treningshallane dei hadde fått tildelt frå arrangøren og IHF.
– Det er uakseptabelt. Så vi har avstått frå det. Det har òg Romania gjort og fleire andre lag her, seier Hergeirsson.
LITE HANDBALLTRENING: Nora Mørk (t.v.) og Stine Bredal Oftedal har måtta trene mykje alternativt etter at dei kom til Spania.
Foto: Stéphane Pillaud / NTBMeiner det ikkje ville skjedd i eit herre-VM
Han fortel at dei har gitt klar beskjed til IHF og arrangøren om misnøya med treningsfasilitetane, og at forbundet har beklaga og jobbar med å løyse problemet. Etter at dei sa frå har Noreg fått tildelt treningstid i kamphallen laurdag.
Likevel er ikkje landslagssjefen spesielt imponert over at det ikkje var lagt betre til rette i ein verdsmeisterskap.
– Det er ein tankevekkjar for IHF. Eg trur aldri dei hadde gitt eit slikt tilbod til eit herrelag i eit herre-VM, seier han.
KRITISK: Thorir Hergeirsson trur ikkje noko liknande ville skjedd i eit herre-VM.
Foto: Beate Oma Dahle / NTBNRK har sendt kritikken til IHF. Talspersonen deira, Jessica Rockstroh, forklarer at forbundet er klar over problemet etter å ha fått tilbakemeldingar frå fleire av laga om treningsforholda.
– Treningsarenaen blir jamleg brukt til lokale handballaktivitetar, men vi reagerer sjølvsagt dersom spelarane ikkje er nøgde, då vi ønskjer at dei skal ha best moglege forhold. Vi ser etter alternative løysingar, skriv ho.
I ein ny e-post fortel ho at IHF nettopp har klart å skaffe ein ny treningshall med treparkett som forbundet har fått godkjent.
Ønskjer seg fleire håndballøkter for Romania-kampen
Ei som truleg er veldig fornøgd med det, er Nora Mørk. Ho var kritisk til at dei ikkje hadde fått trent meir handball før opningskampen.
– Vi har hatt utruleg lite handball. Det er ei veke sidan vi spelte kamp mot Russland i Bergen, så vi skulle gjerne hatt litt meir handball spesielt no den første veka der det er så enkle kampar, slik at vi hadde stilt endå betre mot Romania tysdag, sa Mørk til NRK etter Kasakhstan-kampen.
Kaptein Stine Bredal Oftedal var ikkje like bekymra, og seier at mykje kan gjerast med videoanalyse og trening utanfor hall.
– Sjølvsagt ville vi hatt eit par håndballøkter til, men det er mykje handball generelt òg. Så nokre gonger er det kanskje lurt å gå ned på belastning uansett, seier ho.