– Opprykk og cupfinale, svarer Pimenta.
Trenaren har nettopp fått spørsmål om ambisjonar for framtida, og vil ikkje snakke om store, langsiktige mål for eigen karriere. Den unge portugisarens kontrakt går ut etter sesongen.
I går tok han til tårene då Kongsvinger sikra sensasjonell cupfinaleplass med triumf over Strømsgodset torsdag. På nesten to sesongar har Pimenta ført laget frå andredivisjon til toppen av førstedivisjon og cupfinale mot Rosenborg.
– Han har blitt satsa på i Kongsvinger
Spelarane gjev trenaren mykje av æra for at klubben har kjempa seg lengre enn nokon hadde tru på før sesongen.
Ein av dei er spelande dagleg leiar Espen Nystuen, som starta oppryddingsprosessen i det som for to år sidan var ein kriseramma klubb.
– Vi hadde bygd eit godt team, så kom Luis inn og spissa det. Han skal ha sin store del av æra for dette, seier Nystuen.
– Fryktar du at han kan bli henta av større klubbar?
– Eg trur Luis er fornøgd på Kongsvinger. Han har blitt satsa på i Kongsvinger. Han har bygd seg eit namn i Kongsvinger. Om han ikkje går seg vekk i forhandlingane klarer vi vel raskt å bli einige der også, seier spelande sportsleg leiar, Espen Nystuen.
Slik har dei bygd suksess-laget
I går var Pimenta Kongsvinger-suksessens ansikt, men portugisaren fortel at gledestårene på Marienlyst kom fordi han unna spelarane så sterkt å vinne.
Det er truleg ikkje tilfeldig. Kongsvinger har fokusert på personkjemi når dei har sett saman lag.
– Det er dette vi har prøvd å bygge. Vi har grundig referansesjekk på typar, så vi kjenner dei og veit alt om dei når dei kjem til oss. Dette gjør vi for at dei skal smelte bedre inn, seier Nystuen.
– Vi må ha endå tettare band enn det som er mogleg i storklubbane for å vere i stand til å slå dei.
Pimenta støttar Nystuen, og er ikkje i tvil om kva den viktigaste suksessfaktoren i Kongsvinger er.
– Vennskap. Det gir så mykje energi. Alle spring for kvarandre. Alle taklar for kvarandre, seier Pimenta.
Tar heller opprykk enn cupgull
No står vennegjengen overfor enorme oppgåver. Først skal laget styrke sjansen til å kvalifisere seg til eliteserien ved å slå Ullensaker/Kisa. Så startar kampen om opprykk - og til slutt kampen om cupgull mot seriemeister Rosenborg.
Så spørst det om Pimenta er ein del av Kongsvingers klubbframtid når sesongen er over.
Nystuen er uansett klar på kva det aller viktigaste er for klubben uavhengig av kva Pimenta måtte gjøre.
– Opprykk. Det er viktigare enn cupgull, seier Nystuen.