Sulland har herja for Vipers i Kristiansand. På åtte kampar har ho scora 50 mål, men likevel har ho ikkje fått det til å stemme i Norge-comebacket.
Hergeirsson peikar på at kaptein og playmaker Oftedal ikkje fekk trent saman med høgrebacken i oppkøyringa til EM på grunn av skade.
– Det var ei utfordring at Stine var ute i Møbelringen. Ho er definitivt vår beste playmaker, så vi fekk ikkje nok tid på å samkøyre ho med Linn, seier Hergeirsson.
Skademarerittet for Norge på høgre kant starta før dei norske kvinnene sette seg på flyet til EM. Korsbandet til Amanda Kurtovic rauk i kampen mot Frankrike like før avreise.
Thea Mørk måtte gi seg etter får minuttar på bana i EM og drog heim.
– Det lønna seg ikkje akkurat at eg var skada i oppkøyringa. Det var litt irriterande for då trur eg eigentleg det hadde losna heilt, mykje tidlegare, vedgår Norge sin kaptein og ballfordelar, Stine Brede Oftedal.
Manglar erfaring
Linn Jørum Sulland vedgår ho har slite med å finne sin plass på laget i EM.
– Ulempa mi er at eg ikkje har vore på landslaget på to og eit halvt år, og det er lenge. Dei spelar litt annleis no og det er vanskeleg å lære seg noko nytt så seint i karrieren, seier Sulland til NRK.
For det er ikkje tvil om at spelet mellom Sulland og Oftedal har vore ei utfordring, ifølgje NRK sin handballekspert Kenneth Gabrielsen.
Sulland har berre to spelarmål, men kan likevel notere seg for 12 mål på straffe.
– Eg synst ho har vore kvassare i ein lengre periode i Vipers Kristiansand, så det er litt overraskande. Ho har ikkje heilt fått rytmen på det. Det er synd, seier Gabrielsen til NRK.
Skal skyte straffe
I kampen mot Ungarn fekk ikkje Sulland sjansen på anna enn frå straffemerket. Løysinga for Norge har vore å sette høgrehendte spelarar som Veronica Kristiansen inn på plassen til Sulland. Og i angrep har det fungert.
På fire kampar har Norge i snitt scora 31 mål.
Og det er ein plan landslagssjef Thorir Hergeirsson har tenkt å halde fram med. Med andre ord kan det berre bli korte innhopp for Sulland i Norge sine resterande kampar.
– Ho skal få halde fram med å skyte straffe, og det er hennar viktigaste rolle akkurat no.