Hopp til innhold

Meiner Ødegaard har ei «ukjend» side

Dette er eit av få bilete av Martin Ødegaard (22) som kaptein. Tidlegare lagkameratar meiner den nye landslagskapteinen har leiareigenskapar som ikkje er så synlege.

Strømsgodset

KAPTEIN: Her er Martin Ødegaard (markert med raud ring) kaptein for G16-laget til Strømsgodset. Bak frå venstre: Hallvard Håskjold, Iver Fossum, Liki Paul Sekwat, Marcus Næslund Haugland, Kristoffer Hoven, Jean-Eric Goké, Severin Sørlie, William Solheim. Føre frå venstre: Rasmus Gjemmestad, Henrik Bredeli, Eirik Johannessen, Ole Lauritzen, Martin Ødegaard, Andreas Hoven og Viktor Wikheim.

Foto: Strømsgodset

– Det er mykje ein ikkje ser utanfor dei fire veggene, seier Marcus Næslund Haugland.

Haugland har vore god kamerat med Ødegaard heilt sidan barnehagealder. Dei spelte fotball saman på den etter kvart velkjende Kjappen-banen i Drammen, og lenge var dei òg på same lag.

Biletet ovanfor er av Strømsgodsets G16-lag i 2012.

Då 14 år gamle Ødegaard var «alltid» litt yngre enn lagkameratane sine. Det er naturlegvis noko av grunnen til at Ødegaard ikkje fekk mange kampar som kaptein i ungdomsfotballen.

Ødegaard, Haaland

PÅ PLASS: Her er Martin Ødegaard og Erling Braut Haaland under landslagstreninga på måndag på Marbella. Onsdag ventar Gibraltar i VM-kvaliken.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Folk får eit anna inntrykk

Haugland vart overraska over at Ødegaard vart utnemnt til landslagskaptein allereie no, men ikkje på grunn av leiareigenskapane hans.

Sjølv om Ødegaard gjerne er lågmælt i møte med pressa, tek han langt større plass i ein garderobe, fortel Haugland.

– I media kan han oppfattast som ein som ikkje tek så mykje plass og ikkje er så verbal, men i ein garderobe tek han alltid plass og seier det han meiner. Han har leiareigenskapar som kanskje folk ikkje har sett og oppfatta. Han er jo ein veldig roleg og jordnær type, så folk får nok eit anna inntrykk. Men han tek ansvar, seier Haugland.

Hallvard Håskjold

IMPONERT: Hallvard Håskjold var ein del av Strømsgodset før ferda gjekk vidare til mellom anna Notodden og Asker.

Foto: Privat

Barndomskameraten trur Ødegaard vil leie i kraft av statusen hans på landslaget, og han trekkjer fram at 22-åringen er reflektert og vaksen til å vere så ung.

Samtidig kan han altså setje skapet på plass.

– Han seier frå på ein konstruktiv måte. Viss han ikkje er fornøgd, set han seg ikkje ned og lyttar. Han kjem med meininga si, seier Haugland.

– Naturleg autoritet

Harald Johannessen var dåverande trenar for G16-laget og leiar av det såkalla Ungt Løft-prosjektet. I dag er han utviklingssjef i Strømsgodset, og han har følgt Ødegaard tett heile karrieren.

Johannessen seier at dei gav spelarane ulike utfordringar i løpet av prosjektet, og det er òg grunnen til Ødegaards kapteinsframferd.

– Grunnen til at det finst få bilete av Ødegaard som kaptein, er fordi han alltid var yngst, seier Johannessen.

Martin Ødegaard

HISTORISK: Martin Ødegaard vart tidenes yngste spelar i Eliteserien då Strømsgodset møtte Aalesund 13. april 2014. Då var Ødegaard 15 år og 118 dagar.

Foto: Vegard Grøtt / NTB scanpix

Han beskriv leiarevna til Ødegaard som «typisk norsk».

– Han får med seg alle på ein veldig bra måte utan å heve stemma, men krava er der, seier Johannessen.

Godset-leiaren trekkjer ein parallell til Jørgen Strand Larsens erfaringar i Groningen.

Spissen fortalde til Nettavisen at han ofte har fått tips om å halde seg på blindsida av stopparane, men det gjorde først ordentleg inntrykk då Arjen Robben sa det.

– Når Ødegaard speler i Real Madrid og Arsenal, får han ein så naturleg autoritet. Du treng ikkje heve stemma. Du veit verkeleg kva toppnivå er, og kva som krevjast, seier Johannessen.

Fann alltid svakheitene

Hallvard Håskjold hugsar ikkje den aktuelle kampen på Notodden i 2012, men han hugsar Ødegaard som ein naturleg leiar sjølv om han var yngst.

Håskjold er to år eldre.

– Det verka ikkje som om han var yngre. Både på grunn av det han gjorde på banen, og òg at han heile tida kom med innspel. Då Martin snakka, lytta ein. Då visste ein at det kom noko nyttig, seier Håskjold.

Den no utdanna advokaten trur Ødegaard tilnærmar seg garderoben på same måte som han gjorde i midten av tenåra: Fagleg og presis.

– Han er ikkje han ein høyrer mest eller gjer mest ut av seg. Han klovnar ikkje så mykje rundt. Men han seier frå der det trengst, der det er forbetringspotensial. Han har alltid hatt gode innspel, og eg trur ikkje det har endra seg med åra, seier Håskjold.

Håskjold snakkar med NRK rett etter at Ødegaard storspelte mot West Ham søndag ettermiddag.

Igjen var nordmannen arkitekten. Ødegaard kontrollerte midtbanen og var tredje sist på alle måla til Arsenal.

9_7lg8oE80c

PRAKTKAMP: Martin Ødegaard imponerte igjen då Arsenal henta opp 3-0 til 3-3 mot West Ham søndag.

Fotballforståinga var minst like imponerande som det tekniske òg i ung alder.

– Viss vi hadde dårlege kampar, synest eg alltid at han sette fingeren på nøyaktig kva vi måtte gjere annleis, seier Håskjold.

– Han var han blant oss som var lengst framme òg på analyse og taktikk. Det ser du når han speler. Fotballforståinga er heilt sjuk, og det klarer han òg å formidle med ord, seier Håskjold.

Siste nytt

  • Eliteserieklubbene smadret salgsrekorden i 2023

    Norsk Toppfotballs (NTF) mål om at landets fotballklubber samlet skal selge spillere for mer enn én milliard kroner årlig innen 2028 er nesten nådd allerede.

    Det viser en fersk rapport fra Europatoppen.

    I 2023 solgte norske klubber spillere for hele 959 millioner kroner. Det var en markant økning fra 355 millioner i 2022.

    – Det er fantastiske tall, og det viser at spillere i norske klubber er attraktive på det internasjonale markedet. Samtidig er det en risiko for at ligaen blir svekket dersom man ikke klarer å fylle på med egenutviklede spillere eller bommer på spillerkjøp, sier NTFs sportssjef Erik Hoftun.

    I fjor solgte Molde alene spillere for nær en kvart milliard kroner, mens også Bodø/Glimt (149 millioner) og Rosenborg (105 millioner) passerte et tresifret antall millioner. (NTB)

    Sivert Mannsverk
    Foto: NTB
  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal