Hopp til innhold

Meiner nytt møte er over VM-nivå: – Forventar at Magnus gjer hakkemat av ham

Måndag sit rivalane Magnus Carlsen og Hans Niemann endå ein gong på kvar si side av sjakkbrettet. Ekspert beskriv møtet som «ei veldig sjeldan hending».

Niemann og Carlsen

MØTEST: Ekspert meiner det sjeldan har vore så høge forventningar knytt til ein sjakkamp som når Niemann og Carlsen skal møtast.

Foto: NRK/AFP

Dei siste vekene har store delar av sjakkverda stilt seg eitt spørsmål: Juksa Hans Niemann mot Magnus Carlsen?

Spekulasjonane har vore mange etter at Carlsen trekte seg frå storturneringa Sinquefield Cup og partiet mot den unge amerikanaren for vel to veker sidan.

I etterkant la nordmannen ut ei Twitter-melding, som fleire har tolka som ei skulding om juks mot Niemann. 19-åringen har tidlegare innrømt å ha juksa ved to høve som 12- og 16-åring, men nektar for at han gjort det etter det – også i møte med Carlsen.

Etter partiet som sende sjokkbølgjer i sjakkmiljøet, skal dei to stormeistrane møtast igjen – på måndag under Champions Chess Tour.

Dette er noko som heile sjakkverda verkeleg kjem til å benkje seg for, også mange utanfor den vanlege kyrkjelyden, seier sjakkekspert Torstein Bae til NRK.

carlsen

TAUS: Magnus Carlsen har ikkje uttalt seg om juksespekulasjonane etter kampen mot Hans Niemann.

Foto: ARUN SANKAR / AFP

– På VM-nivå

Dette er den store duellen i sjakkverda etter det dramaet som braut ut i St. Louis for litt sidan, seier Bae.

Dette blir det første møtet mellom toppspelarane sidan Carlsen trekte seg frå Sinquefield Cup. Bae meiner at partiet mellom dei to kjem til å generere enorm interesse, også for dei som vanlegvis ikkje følgjer med på sjakk.

På bakgrunn av juksespekulasjonane og duellen mellom spelarane, trur han partiet kjem til å fengje eit stort publikum.

Vil du seie at interessa er på VM-nivå rundt dette paritet?

Absolutt. På mange måtar kanskje endå meir. I verda til sjakken er VM-interessa utruleg stor, men det er ikkje alltid at ein treffer så mykje utanfor dei som har interesse for sjakk frå før av. Medan her er ein på eit anna nivå, svarer han.

Torstein Bae i NRKs studio under sjakk-VM.

SPENT: Torstein Bae meiner kampen mellom dei to sjakkspelarane kjem til vekkje enorm merksemd.

Foto: Erik Johansen / NTB

I kjølvatnet av hendinga har partiet skapt overskrifter, debattar og vore tema på ei rekkje profilerte program verda rundt. Det har gjort at interessa har vorte enorm før returmøte mellom dei to måndag, meiner Bae.

Dette er ei veldig sjeldan hending. Det er litt tilfeldig sjølvsagt at dei skal møtast igjen så kort tid etterpå med eit slikt bakteppe. Situasjonen er framleis heilt uavklart, om det er noko juks her eller ikkje. Vi har ikkje komme noko vidare i den saka, eigentleg.

Les også: Sjakkdommar avslører juksemetodar: – Eit større problem enn ein trur

Hans Niemann og Magnus Carlsen.
Hans Niemann og Magnus Carlsen.

– Forventar at Magnus gjer hakkemat av ham

Carlsen har ikkje uttalt seg om spekulasjonane eller utdjupa Twitter-meldinga etter at han trekte seg frå turneringa.

Trur du dei kjem til å prate om hendinga i etterkant av kampen?

Nei, det trur eg vel eigentleg ikkje. No har Magnus klart å vere stum som ein østers etter det som skjedde. Alt tilseier jo at han ikkje kan seie så mykje meir utan å komme i litt trøbbel, som han gav uttrykk for. Fordi han då vil komme med ein ganske alvorleg påstand som ikkje er dokumentert, sjølv om han kanskje er sikker på det.

carlsen

FAVORITT: Bae meiner Carlsen er storfavoritt før partiet mot Niemann.

Foto: ARUN SANKAR / AFP

Hovuddommaren i Sinquefield-turneringa har uttalt at dei ikkje har funne teikn til bruk av ulovlege middel frå Niemanns side – som sjølv har slått hardt ned på rykta.

No får 19-åringen ein ny sjanse mot verdseinaren. Den oppgåva trur Bae blir for tøff, som meiner Niemann er under eit enorm press.

Eg har vanskeleg for å tru at Niemann skal kunne klare å prestere noko under det enorme presset som han er inne på. Han er trass alt 19 år og uerfaren, og skal no liksom vise verda at han kan noko når alle ser på han. Eigentleg forventar eg at Magnus gjer hakkemat av ham, avsluttar sjakkeksperten.

Sportsnyheter

Treneren lo av nytt Haaland-show: – Født med det instinktet

Det var spilt under sju minutter av mesterligakampen mot FC København da Erling Braut Haaland scoret sitt første av to mål. Manageren både lo og ristet på hodet på sidelinjen, men tok nordmannen av banen i pausen.

Siste nytt

  • Niemann vann: – Sjakken snakkar for seg sjølv

    Hans Niemann vann sitt første parti i den amerikanske sjakkmeisterskapen onsdag overbevisande. Deretter snakka han for første gong om dei nye avsløringane om juks.

    – Dette partiet er ein beskjed til alle. Heile denne saka starta med at eg sa at «sjakken snakkar for seg sjølv», og dette partiet gjorde det. Det viste kva spelar eg er, sa 19-åringen.

    Ei etterforsking utført av Chess.com avslørte tidlegare i veka viser at Niemann truleg har mottatt ulovleg assistanse i fleire enn 100 onlineparti, også så nyleg som i 2020. Blant disse er fleire arrangement med premiepengar.

    Onsdag slo 19-åringen sin fire år yngre motstandar Christopher Yoo. Han deltar eit knapt døgn etter sjokkavsløringa.

    – Det viste også at eg ikkje kjem til å gi meg og bukke under for presset. Eg skal spele min beste sjakk her. Det er alt eg har å seie, sa Niemann.

    Hans Niemann
    Foto: NRK
  • Første Chelsea-seier

    Chelsea hadde få problemer hjemme mot AC Milan i Mesterligaen, og vant til slutt 3-0. London-klubbens første seier i årets gruppespill. De står da med fire poeng i gruppe E, og er foran italienerne på bedre målforskjell. Det er RedBull Salzburg som leder gruppa, etter at de slo Dinamo Zagreb 1-0 onsdag kveld.

    Chelsea
    Foto: DYLAN MARTINEZ / Reuters
  • Okafor senket Dinamo Zagreb

    Noah Okafor (22) scoret sitt tredje mål på like mange mesterligakamper da han var sikker fra elleve meter i 1–0-seieren over Dinamo Zagreb.

    Sveitseren er i målform og står med seks nettkjenninger på sine åtte siste kamper.

    Dinamo Zagrebs Sadegh Moharrami var for hardhendt og laget straffespark med 20 minutter igjen av kampen. Der sto Okafor fram. Iskaldt sendte han vertene i føringen.

    Okafor har med det scoret samtlige av Salzburgs mål i gruppespillet etter de to innledende 1–1-kampene mot Milan og Chelsea.

    Salzburg leder mesterligaens gruppe E før Chelsea og Milan har spilt sin kamp. (NTB)

    Okafor
    Foto: KRUGFOTO / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 64 klipp
Sport
Spiller nå
Kjønn og religion er ingen hindring 00:45
Neste