Hopp til innhold

Meiner Ndure sin rekord står for fall: – Eg skal bli den raskaste

TOKYO (NRK): Salum Kashafali (27) jaktar nye merittar. No er den paralympiske rekorden på 100 meter tatt, og neste på blokka er noregsrekorden – for funksjonsføre.

HUNDREDEL: Kashafali var eitt hundredel bak sin eigen verdsrekord i semifinalen.

– Eg er her for å utvikle meg og bli den raskaste sprintaren i Noreg, uavhengig av nedsett funksjon eller ikkje, seier den finaleklare sprintaren til NRK.

Kashafali er proppfull av sjølvtillit.

Det er kanskje ikkje så rart, då han var fullstendig overlegen i sitt semifinaleheat på Olympiastadion i Tokyo natt til fredag. Han sprang inn på tida 10.46, og var berre ein hundredel bak sin eiga verdsrekord.

Sjølv kallar han det eit middels løp.

– Hadde eg sprunge eit maksimalt løp i dag, så hadde tida vore lågt, lågt nede. Det hadde gått mykje fortare enn det gjorde, forsikrar Kashafali.

Og ofte vil dei beste ha meir.

Offensiv tankegang

Då NRK møter Kashafali etter løpet, tar det ikkje lang tid før ein forstår at sprintaren er i god form for tida.

Han har venta i fleire år på dette augeblikket.

Mannen, som skarrar på r'en, jaktar først og fremst paralympisk medalje, men også nye rekordtider.

Akkurat no har Jaysuma Saidy Ndure noregsrekorden på 100 meter. Den står på 9,99 og blei tatt i Lausanne i 2011.

LO7h2sqIuL8

REKORD: Ndure i Lausanne. Her mot Michael Frater.

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

– Du fortset å dytte tidene nedover, kva kan vi forvente av deg i framtida? Kan du ta tida til Ndure?

– Ja, kvifor ikkje. Det er det fine med idretten, at uansett så er det alltid moglegheiter for å bli betre uavhengig av nivå ein er på. Det er som ein forbanning, hell i uhell, og alltid moglegheiter for å bli betre, seier han.

Sprintaren, som blei fødd i Kongo, har ein medfødd netthinnesjukdom og konkurrerer difor i klassen T12, som er for synshemma.

Før avreise til Tokyo, røpte han at han slo si eiga verdsrekord på trening. Han var nede på tida 10,44, eitt hundredel mindre enn noverande rekord.

– Kva tider kan vi forvente oss i finalen?

– Det skal eg love deg at er ein hemmelegheit. Viss eg sa det til deg no, så hadde de slutta å spekulere. Men det blir mykje betre på søndag, konstaterer han.

Kashafali

TENT: Før løpet gestikulerte Kashafali. Det var for å forklare at noko spesielt skulle komme, og det gjorde det.

Foto: Eugene Hoshiko / AP

– Urealistisk

Jan Hordvik, trenaren til Kashafali, er usikker på om Kashafali nokosinne vil ta noregsrekorden.

Trenaren peikar på to ting: For det første er det eit hav av tid mellom 9,99 og tida til Kashafali, og for det andre, har han sett ein flust av sprintarar heime i Noreg som har fått potensialet øydelagt på grunn av eit opphald med skader.

– Eg trur ikkje det vil vere realistisk, men at han kan springe fort og kutte ned på avstanden fram dit det trur eg vi skal få sjå framover dei neste to åra. Eg blir ikkje paff om han spring ganske fort etter kvart, om han klarer å halde seg skadefri, seier Hordvik til NRK.

Men at det ligg an til å bli ny verdsrekord på søndag, det er trenaren meir sikker på.

– La oss seie det slik: Når du spring i lett motvind på 10.46, og får medvind i finalen, så spring han under den verdsrekorden. Det er det ingen tvil om, men han må springe rett teknisk og alt må sitte, seier Hordvik.

Vil skrive seg i historia

På trening i Noreg har Kashafali nemleg tatt eit grep for å bli så god som mogleg. Han trenar til dagleg med funksjonsfriske, og er no blant dei fire beste sprintarane i Noreg uavhengig av funksjonsnedsetting.

Kashafali har ein draum om å ein gong få konkurrere mot dei funksjonsfriske i meisterskap, og ikkje berre på trening og i uoffisielle konkurransar. OL er den største draumen.

Sommer-Paralympics i Tokyo 2021

GLER SEG: Salum Kashafali jaktar medalje.

Foto: Torstein Bøe / NTB

– Eg har lyst å gjere noko som ingen andre har gjort før – å gå frå å vere ein paralympisk meister til ein olympisk meister. Det er det eg har lyst å få til. Eg vil vere der det gjeld, i OL-finalen, med både funksjonshemma og funksjonsfriske, seier han.

Den treninga er essensiell for at han skal få utvikle seg og ta nye rekordar, meiner trenaren.

– Der får han motstand, blir stressa, og dei feila han gjer teknisk blir avslørt når han blir sett under press. Det presset får han ikkje på para-stemner, for det er veldig sjeldan at dei gode er til stade, seier trenaren.

Krasjar med kalender

Hordvik har trua på at konkurransar med funksjonsfriske hadde vore til stor hjelp for hans utvikling, men peikar på at kabalen sjeldan går opp om ein skulle prøve på det.

– Eg har lyst å seie ja på at han burde konkurrere i internasjonale meisterskap med funksjonsfriske utøvarar, for eg meiner ikkje at EM og slikt er urealistisk. Problemet er at dei meisterskapa kolliderer med para-meisterskapa. Hadde ikkje covid vore, så ville EM for funksjonsfriske gått i same periode som para-OL, seier Hordvik.

– Kva tykkjer du om det?

– Det er heilt greitt. Han er ein parautøvar og det er desse meisterskapa som vi ladar opp til. Alt anna er ein del av arbeidet for å utvikle han mest mogleg som utøvar, og for at han skal på pushe sine eigne rekordar, avsluttar Hordvik.

E9PzAu45YJE

JUBEL: Kashafali mot Mathias Hove Johansen på Bislett Games.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Tenkte ikkje på dekket

I OL for nokre veker sidan stod mondo-dekket på Olympiastadion i sentrum, då ein flust av utøvarar braut både verdsrekordar, olympiske rekordar og europeiske rekordar ein etter ein. På spørsmål om dette påverka den gode tida han leverte i semifinale-løpet, avviser Kashafali det glatt.

– Det er heilt uvesentleg. Eg har høyrt rykte om at det er ganske fort, men eg har ikkje rukke å tenkje på det eller bruke energi på det. Eg vil ikkje spekulere i om det var eit raskt løp eller ikkje. Eg veit eg er rask, avsluttar han.

Det lovar godt for framtida.

Søndag går finalen på 100 meter i Tokyo, og Kashafali konkurrerer mot fire andre utøvarar. Det kan du sjå her.

Siste nytt

  • Strand Larsen reddet sårt tiltrengt Celta Vigo-poeng

    Celta Vigo har ikke vunnet en ligakamp på ti strake ligakamper siden 1. september. Mandag ble det 1-1 og ett poeng mot Cadiz takket være landslagsspiss Jørgen Strand Larsen.

    Celta Vigo er i akutt poengnød i spansk fotball. Åtte poeng på de første 14 kampene var fasiten foran mandagens hjemmekamp. Sist det så like mørkt ut på samme tidspunkt i sesongen var helt tilbake i 1943.

    Mandag havnet Strand Larsen og lagkameratene også bakpå da Christopher Ramos sendte gjestene Cadiz i ledelsen etter kun 16 minutters spill.

    Tolv minutter etter pause satt utligningen signert Strand Larsen. Et innlegg inn foran mål havnet hos nordmannen på bakerste stolpe, og østfoldingen skled ballen inn i nettet.

    Nordmannen ble byttet ut på overtid.

    Det ene poenget betyr at Celta Vigo fortsatt er under nedrykksstreken. Trøsten er at det skiller kun to poeng opp til Mallorca på trygg grunn.

    (©NTB)

    Jørgen Strand Larsen
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Fanny Jahre er død

    Konen til Espen «Shampo» Knutsen, Fanny Jahre, er død.

    Det kommer frem i en dødsannonse i Aftenposten. Hun døde uventet 28. november, 45 år gammel.

    «Et hjerte av godhet har sluttet å slå. Savnet og minnene vil for alltid bestå.», skriver familien.

    Paret giftet seg 30. desember i 2012 og flyttet tidligere i år til Sveits, hvor Jahre døde. Sammen har de barna Marius (11) og Mille (9).

    Knutsen er en av tidenes beste norske ishockeyspillerne og spilte nesten 200 NHL-kamper for Columbus Blue Jackets og Anaheim Mighty Ducks. Senere har han vært trener for Vålerenga Hockey i to perioder.

    Jahre er datter av skipsreder Jørgen Jahre jr. og Kari Anette Jacobsen og spilte tidligere håndball for Runar.

  • Ny prestisjefull pris til Haaland

    Erling Braut Haaland ble under en fotballgalla i italienske Torino mandag kåret til den beste spilleren i europeisk fotball over 21 år.

    Bak den årlige kåringen står den italienske fotballavisen Tuttosport.

    – For en stor ære å få denne prisen. Stort tusen takk for den, skriver Haaland på Instagram mandag kveld med et bilde av prisen.

    I juryen som stemte fram vinneren satt legender som Edvin Van Der Sar, Alessandro Costacurta, Samuel Eto'o, Andrej Sjevtsjenko, Manuel Rui Costa og Pavel Nedved.

    Haaland var ikke tilstede under fotballgallaen i Italia, men takket for prisen i en forhåndsinnspilt videohilsen.

    Karim Benzema stakk av med prisen i fjor, mens Robert Lewandowski gikk til topps i 2020 og 2021.

    (©NTB)

    Erling Braut Haaland
    Foto: JASON CAIRNDUFF / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal