Hopp til innhold

Meiner Noregs nye sjef jobbar på «unik» måte: – Aldri vore borti noko liknande

Den nye trenaren til kvinnelandslaget Leif Gunnar Smerud (46) er ikkje redd for å tenkje utanfor boksen som fotballtrenar.

Leif Gunnar Smerud Caroline Graham Hansen

NY SJEF: Leif Gunnar Smerud skal leie det norske kvinnelandslaget ut 2023.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Frå første dag på samling med Smerud vart det sett ein ny standard for måten ein jobbar fotball på.

Det seier Jonas Grønner, som var NRKs ekspert under U21-EM-et i sommar.

Tidlegare denne månaden vart det klart at tidlegare U21-landslagssjef Leif Gunnar Smerud skal leie kvinnelandslaget ut 2023. Fredag starta det med 1–1 mot Austerrike på Ullevaal stadion.

Grønner har sjølv spelt under Smerud og sett U21-sjefen i aksjon på nært hald. Han var Smeruds kaptein i fleire år og stortreivst under vengene til rogalendingen.

  • Leif Gunnar Smerud og Noreg møter Portugal i nasjonsligaen tysdag kl. 19.15 – kampen blir send på NRK2, i NRK TV og på NRK Sport.

– Ikkje vore borti liknande

Grønner hugsar han raskt vart imponert då han fekk U21-debuten i mars 2014, same år Smerud vart henta inn som hovudtrenar for Noregs nest beste menn.

– Eg synest han kom inn med veldig mange gode tankar og på mange måtar revolusjonerte landslagsfotballen med spelet sitt, og tilnærminga si til måten han jobba fotball på. Det var noko eg ikkje hadde vore borti tidlegare, og noko som var veldig fascinerande, hugsar Grønner.

G

LIKER ARBEIDSMÅTEN: Jonas Grønner har førstehandkunnskap om korleis Leif Gunnar Smerud jobbar som trenar. Han liker godt det han har sett.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB

Den tidlegare midtstopparen hugsar spesielt godt ein sekvens på spelarhotellet i Aserbajdsjan, der U21-landslaget skulle spele ein av dei første kampane under Smeruds leiing.

– Han kopla opp PC-en og viste oss ein «PowerPoint» ingen av oss hadde sett maken til. Han sette ein standard der vi berre vart heilt «wow, dette er dritkult». Det var så proft og kult gjennomført at spelarane sat ytst på stolkanten og vart som ein kyrkjelyd, hugsar Grønner.

– Det laget treng no

No skal Smerud prøve å få kvinnelandslaget på rett kjøl etter eit par turbulente meisterskapar dei siste åra. Rogalendingen skal i utgangspunktet leie laget ut året.

Etter fredagens uavgjort mot Austerrike, er det bortekamp mot Portugal som ventar tysdag. Sjølv om spelarane ikkje har hatt mange dagar saman med Smerud, fortel dei gjennomgåande om eit godt inntrykk.

– Eg vil seie at styrkane hans er at han er veldig god éin-til-éin med spelarane. Sjå, snakke og komme med det han ønskjer av oss, slik at det er ganske tydeleg for kvar og ein av oss kva rolla er og kva ein skal tenkje på inn mot kamp, seier Ingrid Syrstad Engen.

– Han verkar veldig smart og tenkjer litt på heilskapen med det menneskelege, ikkje berre fotball, fotball, fotball, seier Tuva Hansen.

– Eg synest han er tydeleg i måten han speler på. Eg trur det er det laget treng no, ein tydeleg spillidé. Han er i tillegg god til å kommunisere med spelarar og tydeleg på kva han vil, seier Frida Maanum.

Smerud har sjølv også opplevd ein god respons.

– Viss eg skal dømme ut frå det eg ser på trening og i kamp, så er det teke imot, forstått og omfamna. Det er eg glad for.

Sportsvideoer
Spiller nå
Ler av treneres julekalender-deltakelse 01:04
Neste

Hugsar spesielt foredrag

Smeruds evne til å stille høge krav og få det beste ut av folk er noko Geir Jordet, professor i idrettspsykologi ved Noregs idrettshøgskole, har fått merke på kroppen.

Han hugsar med eit smil tilbake til då Smerud inviterte han til å halde foredrag for U21-landslaget for nokre år sidan.

Før foredraget snakka vi om kva han ville oppnå med foredraget, og han sa at han ville treffe og bevege spelarane emosjonelt og kroppsleg, ikkje berre intellektuelt eller kognitivt. Dette var veldig annleis enn det eg var vand til, der trenarar som inviterer til foredrag stort sett berre oppgir eit tema, og eg sjølv vel korleis dette skal kommuniserast, fortel Jordet til NRK.

Geir Jordet

FULLROSAR SMERUD: Geir Jordet er full av lovord om Leif Gunnar Smerud.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Smeruds bestilling gjorde at han angreip foredraget med ein stor dose ærefrykt.

Eg enda opp med å jobbe ei veke i strekk for å førebu denne vesle halvtimen med spelarane. Og med Leifs hjelp undervegs strekte eg meg meir enn eg nokon gong har gjort. Resultatet vart bra. Leif utfordrar gode spelarar på same måte, der dei opplever svært høge krav, men så får hjelp og støtte til å oppnå desse krava, meiner Jordet.

Han fortel til NRK at han har kjent Smerud heilt sidan dei møttest på Noregs idrettshøgskole for over 20 år sidan, då Jordet var student og Smerud fotballspelar i det som den gong heitte Tippeligaen.

– Ein av dei viktigaste bakmennene

Dei har fleire gonger hjelpt kvarandre med faglege bidrag begge vegar,

Alle som er med Leif skjønner fort at han er svært kunnskapsrik, ekstremt belest og uhyre intelligent. Leif er også ein kreativ problemløser og kommuniserer treffande og presist. I tillegg er han utruleg ambisiøs og offensiv, og har gode verdiar og skyhøg integritet, seier Jordet.

Det er ingen tvil om at Leif er ein av dei viktigaste bakmennene i norsk toppfotball det siste tiåret, og han skal ha sin del av æra for mange av dei gode rørslene vi ser i norsk fotball no, legg han til.

Sjølv beskriv Smerud seg som ein person som ikkje aksepterer 99 prosent, berre 100 er godt nok.

Han hugsar godt det omtalte foredraget Jordet nemner, og seier han har forståing for at det «ikkje var den mest behagelege førebuingsperioden».

– Av og til må ein ikkje gi dei rundt seg berre det dei vil ha, men det dei treng. Anten ein er professor eller toppidrettsutøvar, det vi lever av er å bli «pusha». Og det som kanskje utgjer forskjellen er å treffe på eit emosjonelt nivå. Det må treffe på ekte. Mange kan seie at «no skal vi jobbe hardt», men når du verkeleg kjenner på kroppen kva det er, er erfaringa mi at folk då tek steg dei kanskje ikkje trudde dei skulle klare, seier Smerud.

PS! Før kampen på tysdag har Portugals trenar Francisco Neto rådført seg med Rui Jorge, som trenar U21-mennene til Portugal.

– Vi veit at trenaren er veldig smart og god, seier Neto om Smerud – eit kompliment Smerud tek til seg med eit stort glis:

– Det er tydeleg at dei har peiling i Portugal, så eg tek det med stor audmjukskap.

Siste nytt

  • Ingebrigtsen-brødrene får eget rådgiverteam

    Det har stormet rundt Henrik, Jakob og Filip Ingebrigtsen gjennom store deler av 2023 som følge av familiekonflikten som impliserer pappa Gjert Ingebrigtsen.

    Filip Ingebrigtsen sier i en pressemelding at brødrene i høst har sett at de «har behov for tilrettelegging og støtte» slik at de kan konsentrere seg om det sportslige.

    Derfor har de nå inngått en avtale med et rådgiverteam som skal bistå med sponsorsalg, kommersiell rådgivning og pressehenvendelser.

    Det er sportsbyrået NPG Sport & Communication som i årene som kommer skal forsterke teamet rundt løperbrødrene.

    Avtalen innebærer at Espen Skoland fortsetter som pressetalsmann og kommunikasjonsrådgiver for trioen.

    Samtidig har yngstebror Jakob levert en av sine beste sesonger sportslig sett. (NTB)

    Henrik Ingebrigtsen på friidrettsbanen.
    Foto: NTB
  • Nakkebeskyttelse blir et krav for hockeyspillere

    Mandag annonserte det internasjonale ishockeyforbundet at nakkebeskyttelse blir obligatorisk i alle turneringer de arrangerer.

    Det skriver britiske The Guardian.

    Det innebærer blant annet de olympiske lekene i 2026 og VM for både menn og kvinner.

    Påbudet vil ikke gjelde for profesjonelle ligaer som blant annet NHL, som ikke har noen form for beskyttelse. Selv om det i årevis har blitt diskutert om en slikt påbud skal på plass i den amerikanske ligaen.

    Forbundets beslutning om påbud kommer etter dødsfallet til den amerikanske ishockeyspilleren Adam Johnson i oktober.

    wWt4B3cAsa8
    Foto: Reuters
  • Erling Braut Haaland kjemper med Max Verstappen og Novak Djokovic om gjev pris

    Erling Braut Haaland er én av bare seks nominerte i kampen om å bli kåret til årets idretttsutøver i verden av BBC.

    Han får kamp av Formel 1-stjernen Max Verstappen, som lekte seg med konkurrentene på veien mot en ny VM-tittel. Tennisstjernen Novak Djokovic kan også vinne prisen. Han vant tre Grand Slam-titler denne sesongen.

    Tirsdag offentliggjorde BBC årets seks nominerte til prisen som har blitt utdelt siden 1960. Blant dem finner vi Erling Braut Haaland. Han var svært viktig for Manchester City da de tok tre titler forrige sesong.

    Den amerikanske turnstjernen Simone Biles, den sørafrikanske rugbyspilleren Siya Kolisi og Barcelona-spiller Aitana Bonmatí er blant de tre siste nominerte.

    Det var Lionel Messi som vant den høythengende BBC-prisen for 2022. Året før gikk rytteren Rachael Blackmore til topps.

    Kun fem ganger tidligere i prisens 70 år lange historie har en fotballspiller gått seirende ut. Erling Braut Haaland kan bli den sjette. I så fall går han i fotsporene til blant andre Eusebio, Pelé, Ronaldo og Cristiano Ronaldo.

    Det er folket som stemmer fram vinneren av BBC-prisen. Den deles ut under en høytidelig galla senere denne måneden, og går til en ikke-britisk utøver som anses å ha gitt et betydelig bidrag til idretten sin det siste året. (NTB)

    Erling Braut Haaland klapper i hendene etter kamp.
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal