Før årets EM vart talet på lag i EM utvida frå 16 til 24. Med andre ord med nesten halve UEFA i sluttspelet, og med 16 lag videre grå gruppa. Mange var skeptiske og meinte mellom anna:
- At det blir for stor kvalitetsskilnad mellom laga.
- At det er for lett å kome til utslagsrundane.
- At kvaliteten på spelet går ned.
- At det blir for mange kjedelege og uviktige kampar.
- At det ikkje lenger blir ei toppturnering for dei beste laga i Europa.
– Ein del av skepsisen gjekk på at botnnivået ville bli for lågt og at det ville bli mange kampar med altfor stor forskjell, og vi ser at slik har det absolutt ikkje gått, seier Lise Klaveness.
– Men vi har sett at mange «underdogs» legg seg bakpå, fordi det er så mange lag som går vidare at det kan halde med eitt poeng. Derfor har nokre av kampane vore litt kjedelege, seier Klaveness.
Meir fotballglede
Ho synest at andre faktorar veg opp for dette. Ho meiner nedgangen i kvalitet blir oppvegen av meir fotballglede.
– Det er gøy å ha med underdogs som Island, Wales og Slovakia for første gong. Alt i alt synest eg det har vore ein suksess med 24 lag. Landslag handlar om supporterglede og nasjonalkjensle på ein god måte.
Innvendinga er at det er for lett å gå vidare.
– Kanskje burde berre åtte lag gå vidare frå gruppene. Det er nok viktigare enn kor mange lag som er med, seier Klaveness.
Tom Nordlie er inne på det same.
– Eg trur det er forsvarleg med 24 lag, men det hadde kanskje vore betre om berre gruppevinnarane pluss dei beste toarane hadde gått vidare direkte til kvartfinale.
Han trudde at med så mange lag vidare skulle det blitt meir ope spel i gruppekampane.
– Men i staden ser det ut som om fleire spekulerte i at tre poeng skulle halde, og at det derfor vart litt defensivt spel.
– Fordelen er at det blir spreidd vilje og entusiasme, og det skaper førebilete i land som Nord-Irland. På lang sikt tur eg dette er viktig for utviklinga av fotballen, seier Nordlie.
– Har på handbrekket
Bengt Eriksen er meir skeptisk til det han har sett i gruppespelet med 24 lag.
– Fleire har på handbrekket lenger enn tidlegare. Det som har lide, er angrepsspelet, kvaliteten og tal på scoringar, seier han.
– Synest du det har vore for mange uniteressante kampar med 24 lag?
– Eg har kommentert sju kampar, og dei sju førsteomgangane har vore frykteleg trege. Det er knapt sjansar eller skot på mål. Når Sverige må ut i kamp tre før dei har skot på mål, det vert for slapt.
– Men det er viktig å skilje mellom opplevinga til folk og kvaliteten på fotball, seier Bengt Eriksen.