Hopp til innhold

Meiner det er full krise i LSK etter intern uro: – Ein absurd situasjon

Det har storma rundt LSK Kvinner den siste veka. Det er trøbbel både på og utanfor banen i storklubben.

Toppserien i fotball 2021: Vålerenga - LSK Kvinner (2-1)

FERDIG I KLUBBEN: Malin Johnsen Brenn er ferdig i klubben 1. august.

Foto: Annika Byrde / NTB

Tidlegare LSK-profil Anja Sønstevold fryktar kaoset kan påverke laget, som foreløpig ikkje er blant topp fire i Toppserien.

Avisoppslaga er éin ting, men dei mistar to spelarar i ein elles tynn tropp. Det er ikkje positivt. Viss det er det rette for klubben, så er det slik det er, seier Sønstevold til NRK.

Inter-spelaren håper ho tar feil og at uroa i laget vil gjere troppen meir samla.

Ofte når det stormar kan det verke samlande i eit lag. Eg har ikkje snakka med nokon av spelarane, så eg veit ikkje korleis dei tek det. Men generelt når det stormar kan det verke samlande og motiverande.

CUPFINALE KVINNER 2018: LSK KVINNER - SANDVIKEN

LSK-SUKSESS: Anja Sønstevold var ein del av stordomstida til LSK Kvinner. Her etter cupgull i 2018.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Tidlegare LSK-spelar trur det ordnar seg

Det har verkeleg skjedd mykje på éin gong i LSK Kvinner denne sesongen. Kanarifuglane har skuffa i Toppserien, og dei ligg på sjetteplass – altså utanfor den viktige fjerdeplassen i ligaen.

Dersom dei ikkje klatrar på tabellen, vil dei altså hamne utanfor det nyinnførte sluttspelet som skal kjempe om seriegull i Toppserien.

Sophie Román Haug, som er debutant i EM-troppen til Martin Sjögren, synest det er tungt å sjå klubben og dei tidlegare lagvenninnene slite på banen. Men ho trur dei kjem sterkare tilbake.

Dei har fått ein tøff start, men eg trur dei kjem til å løyse utfordringane. Eg trur dei tek opp konkurransen og kjempar i toppen, seier Haug.

Toppserien i fotball 2021: Vålerenga - LSK Kvinner (2-1)

REAGERER: Sophie Román Haug seier det er tungt å sjå at gamleklubben slit på banen.

Foto: Annika Byrde / NTB

Samtidig skal det også vere intern uro i klubben. For nokon dagar sidan vart det nemleg kjent at som følgje av ei personalsak vil både Camilla Linberg og Malin Johnsen Brenn forlate klubben i august etter einigheit om å bryte kontrakten deira med klubben.

Det vart først kjent gjennom Romerikes Blad.

LSK skreiv også ei kort pressemelding, der dei stadfesta at dei to spelarane er ferdig i klubben.

Haug vil ikkje kommentere personalsaka som pregar gamleklubben hennar om dagen, og seier ho har fokus på det som skal skje på landslaget. Men ho trur det er viktig for spelarane i laget å halde fokus på det sportslege.

Det er klart at ein må leggje fokuset på fotballbanen og gjere det ein kan. Det er viktig å halde fokus, meiner ho.

Camilla Linberg

FERDIG: Camilla Linberg avbryt kontrakten med LSK Kvinner.

Foto: MARIUS SIMENSEN / BILDBYRÅN NORWAY

Ekspert med knallhard kritikk

NRKs fotballekspert, Carl-Erik Torp, kallar saka i LSK for «amatørmessig».

Når det står i pressemeldinga frå klubben at dei har vorte einige i at dei ikkje seier noko meir, så er det ikkje gunstig for nokon av partane. Hadde dette vore handtert bra frå starten, så hadde ikkje dette skjedd.

Carl-Erik Torp

KRITISK: NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp er ikkje imponert over LSK Kvinner.

Torp meiner at situasjonen slår negativt ut for LSK på sportsleg plan òg. Han påpeikar at det er to viktige spelarar som forlèt klubben seinare i sommar.

Det er ein veldig absurd situasjon. Dei skal stillast fri, men spele perioden ut (til 1. august). Det er spelarar som får spele regelmessig, det er ikkje spelarar som berre er med i laget. For LSK er dette krise. Eg såg dei snakka om meisterligaspel, men eg trur dei skal fokusere på å rydde i eigne rekkjer, meiner Torp.

Avviser «full krise»

Men hovudtrenar Knut Slatleim opplever det ikkje som full krise enno.

Eg opplever ikkje at det er krise i gruppa. Vi jobbar for å ta fjerdeplassen. Det skal vi stå i til det er teoretisk umogleg å gjere det, seier Slatleim til NRK.

Dei har seks poeng opp til Lyn, som førebels har fjerdeplassen. I tillegg er Stabæk framfor dei med to poeng, men det er med éin kamp meir spelt.

I tillegg er det uroa som RB har omtalt. Slatleim kan ikkje kommentere så mykje om saka.

– Det er ei personalsak, og det er krevjande for alle partar. Eg kan ikkje seie noko meir enn det, seier Slatleim.

– Brenn starta mot Kolbotn. Kvifor gjorde ho det?

Avtalen tilseier at dei er her til 1. august, og då konkurrerer dei om same plassar.

– Men samtidig var ikkje Lindberg med i troppen. Kva er grunnen til det?

– Då vi møtte Kolbotn hadde ho ei utfordring med kneet, så derfor var ho ikkje tilbake i laget.

Football, Toppserien, LSK Kvinner - Rosenborg

AVVISER SPLID: Knut Slatleim vil ikkje seie at det er full splid i klubben.

Foto: MARIUS SIMENSEN / BILDBYRÅN NORWAY

Slatleim seier han ikkje kan seie korleis saka påverkar kvar enkelt spelar, og han ønskjer ikkje å kommentere noko rundt stemninga i troppen om dagen.

Han reagerer likevel på overskrifta til RB, som hevdar det er «full splid» i laget.

Eg kan ikkje seie meg samd i at det er full splid, seier LSK-trenaren.

Siste nytt

  • Kristoff sjanseløs i EM

    Alexander Kristoff var ikke blant de aller største favorittene på søndagens landeveisritt i EM og var sjanseløs i spurten.

    Nederlandske Fabio Jakobsen vant på målstreken etter en rask spurt.

    De norske fargene preget rittet og var svært delaktige i å hente inn bruddet.

    Men når de store lagene som Belgia, Italia og Nederland satt seg foran sank de norske gutta lengre bak i feltet selv om de satt i en okei posisjon.

    Før spurten satt Kristoff godt posisjonert i front av feltet og jaktet riktig rygg. Men nådde aldri opp i spurten.

    kristoff
    Foto: BONNERUP CLAUS / AP
  • Nederlandsk spurtseier i Halden – Ludwig best sammenlagt i Tour of Scandinavia

    Marianne Vos var sterkest i avslutningen i Halden og vant finaleetappen av Tour of Scandinavia. Danske Cecilie Uttrup Ludwig forsvarte sammenlagttrøyen.

    Vos knust alle i spurte og kontrollerte inn sin fjerde etappeseier i Tour of Scandinavia.

    – Laget gjorde en fantastisk jobb. Det var en fantastisk uke. Jeg er veldig, veldig fornøyd, sa Vos til TV 2.

    Det holdt likevel ikke til sammenlagtseier for 35-åringen. For Ludwig var aller sterkest opp Norefjell og kunne juble for etappeseieren på den 5. etappen. Dansken slo tyske Liane Lippert i avslutningen og tok over den gule trøya før finaleetappen til Halden.

    I sammendraget hadde Ludwig en ledelse på 17 sekunder ned til Lippert, og hun lå godt an til å vinne hele rittet før den 6. etappen.

    Hun forsvarte ledelsen komfortabelt på avslutningsetappen og vant rittet sammenlagt.

    Katrine Aalerud ble beste norske på 9.-plass, 1.08 minutt bak Uttrup Ludwig. (NTB)

    Sykling: Tour of Scandinavia kvinner: Målgang Sarpsborg
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Kristiansen sist i EM-finalen

    Siri Eva Kristiansen (29) fikk sitt internasjonale gjennombrudd i ro-EM, men hun havnet langt bak teten i finaleløpet i München.

    Hun startet i bane én og endte på sjette og sisteplass. Medaljene gikk til Nederland, Hellas og Tyskland.

    Den norske jenta hadde over et halvt minutt opp til vinneren.

    Kristiansen har en fortid som svømmer på bra nivå. Hun ble blant annet nummer to i det amerikanske juniormesterskapet da hun studerte i USA.

    Norge fikk med seg én medalje fra ro-EM. Birgit Skarstein vant para singlesculler. (NTB)

    Roing Mediedag
    Foto: Javad Parsa / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 52 klipp
Sport
Spiller nå
Her stagediver Vetle Sjåstad Christiansen etter den fjerde Blink-seieren 00:55
Neste