– Kva hadde Falun vore utan Mördarbacken?
Landslagsløpar og gullvinnar på stafetten frå nettopp Falun, Didrik Tønseth, spør retorisk. Han er ikkje i tvil på kva løysinga på problemet dei høge herrar i FIS slit mest med om dagen. Stakerevolusjonen som nådde nye høgder i fjor, har kome langt og no må det internasjonale skiforbundet ta grep.
– Det er jo berre å grave
– Bakkane må bli brattare. Det er det som er løysinga. Det er jo berre å grave i jorda så har du ein bakke, det kan du gjere på alle skistadionar, meiner Tønseth, som alt no synest han ser utviklinga går akkurat i den retninga.
– Eg trur dei lange bakkane er på veg tilbake. Det er jo dei som gjer skistadionar kjent. Sjå på Mördarbacken i Falun, det er der folk samlar seg og det er det skjer. Eg trur motbakkar er framtida, både for å bli kvitt stakinga og for å gjere skisporten meir ekstrem.
I Davos før jul i fjor gjekk både Dario Cologna og Petter Northug 15 kilometer klassisk på skøyteski utan eit einaste fråspark. Klassiske sprintar og langløp har dei siste åra berre blitt meir og meir prega av staking. Mange har uttrykt uro for at diagonalgangen vil forsvinne, men Martin Johnsrud Sundby har ikkje trua på dei dystre spådommane.
REVOLUSJON: I desember i fjor staka for fyrste gong løparar ein heil 15 kilometer i intervallstart. Petter Northug var ein av desse, men blei ikkje betre enn nummer 10.
Foto: Roald, Berit / NTB scanpix– Kanskje er eg naiv, men eg trur absolutt ikkje diagonalgangen vil forsvinne i verdscupen. Spådommen min er at ein legg klassiske renn til destinasjonar som tilbyr bratte og lange nok bakkar, så kan ein heller gå skøyterenn i flatare løyper, meiner Sundby.
Blir strengare til vinteren
Vegard Ulvang er leiar av langrennskomiteen i FIS. Han innrømmer at den enorme stakeutviklinga er noko han og det internasjonale skiforbundet har brukt mykje tid på.
– Me er uroa og veit at me har betydelege utfordringar i vente om me skal behalde to stilartar, seier Ulvang.
Han fortel at tiltaka dei to landslagsløparane skisserer også er noko FIS diskuterte på det førre møte deira i juni.
– Dei kortsiktige tiltaka som allereie er vedteke er at det skal bli lettare å slå ned på tjuvskøyting. Som Sundby nemner vil me også tilpasse terminlista der det er mogleg, for å få klassiske renn i løyper der løparane ikkje vil stake.
UROA: Vegard Ulvang trur ikkje forbod mot skøyteski eller kontroll av smurning før start er vegen å gå for å stoppe stakeutviklinga. Det er løypene og strengare dommarar FIS håpar skal hjelpe til vinteren.
Foto: Åserud, Lise / NTB scanpixUlvang nemner italienske Toblach der Aleksej Poltoranin i januar blei den fyrste til å vinne eit distanserenn i klassisk utan festesmurning, som ein arena der dei prøvar å gjere endringar. Men han trur ikkje det er like lett å snu utviklinga som Tønseth meiner.
– Det er ikkje alltid det er like lett å finne bratte nok stigningar eller lov til å grave i områda rundt arenaene i Mellom-Europa. Men det må heilt klart drastiske tiltak om me skal berge den klassiske stilen i konkurranselangrenn.
LES SAKA: Ulvang: – Vi er inne i ei revolusjon