Britiske media: Mourinho til United, det er avgjort

Fleire britiske aviser siterer i dag ei sentralt plassert kjelde som meiner å vite at det er klart at Jose Mourinho blir manager i Manchester United til sommaren.

SOC/ Chelsea - Jose Mourinho Press Conference

UNITED-KLAR: Jose Mourinho skal vere klar for å leie Manchester United i kamp mot Manchester City og sin gamle rival Pep Guardiola, melder fleire britiske media

Foto: Tony O'Brien / Reuters
Arve Lote byline
Journalist

– Jose Mourinho går til Manchester United. Det er allereie avgjort, seier kjelda ifølgje The Telegraph.

Han skal sjølv ha fortalt dette til vener, melder avisa.

Klubben sjølv avviser at det er gjort nokon avtale, men nektar ikkje for at det har vore samtaler.

I januar skreiv Mourinho eit seks sider langt brev til United der han argumenterte for seg sjølv som Uniteds neste manager.

Dagens United-manager Louis van Gaals kontrakt går ikkje ut før sommaren 2017. Men det er lite truleg at han får halde fram etter årets sesong – i alle fall dersom United ikkje kvalifiserer seg til meisterligaen, meiner The Telegraph.

I dag er United på femteplass, seks poeng bak fjerdeplasserte Manchester City på tabellen.

Irish Independent meiner å vite at det internt i United har vore motstand mot Mourinhos leiarstil og fotballfilosofi.

– Vi veit alle at Mourinho er ein vinnar som brukar dei nødvendige middel for å få resultat, skriv komentator Jordan street på nettstaden oldtraffordfaithful.com.

If he does come in, the United fans will have to be patient with him and accept the fact that he doesn’t really promote youth, but we all know he is a pure winner and gets results by any means necessary.

Jordan Street, Old Trafford Faithful

Men etter at byrival City nyleg tilsette Pep Guardiola som manager, veg det tyngre for United å få ein tungvektar som kan matche City i kampen om fotballhegemoniet i England.

I så fall er det duka for nye nappetak mellom dei to som var bitre rivalar i La Liga frå 2010 til 2012 – Guardiola som trenar for Barcelona, Mourinho for Real Madrid.

Mourinho har vore arbeidsledig sidan han fekk sparken i Chelsea før jul. Han har heile tida sidan sagt at han vil halde fram som manager, aller helst i England.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup skiskyting: sprint menn
V-cup fristil: Skicross
V-cup fristil: skicross
V-cup skiskyting: Sprint kvinner
V-cup skiskyting
V-cup skiskyting: sprint kvinner
V-cup hopp: kvalifisering menn
V-cup hopp: Kvalifisering
V-cup hopp
V-cup skøyter
V-cup skøyter: 500 m kvinner og 500 m menn