Hopp til innhold

Uhrenholdt Jacobsen: – Ein siger å gå

Stavbrekket kosta nok ein OL-medalje, men akkurat det blei uviktig. Det seier Astrid Uhrenholdt Jacobsen i sin første kommentar etter at ho mista broren.

Jacobsen blir trøstet

Astrid Uhrenholdt Jacobsen blei teken imot av vinnar Maiken Caspersen Falla og sølvvinnar Ingvild Flugstad Østberg.

Foto: SERGEI KARPUKHIN / Reuters

– Eg trur eg er den mest fornøgde fjerdeplass-vinnar i OL i Sotsji, og det var utruleg gøy at Ola, Maiken og Ingvild gjorde det så bra, seier ho i ei pressemelding.

Då Maiken Caspersen Falla og Ingvild Flugstad Østberg tok gull og sølv, blei Astrid Uhrenholdt Jacobsen nummer fire på OL-sprinten tysdag. Ho brekte derimot staven.

– Den brekte staven kan ha vore det som stod mellom meg og ein medalje på sprinten. Men ein tapt medalje er ikkje så viktig i dag, fortel 27-åringen.

– For meg var det ein siger å gå og mobilisere krefter for å prestere i skisporet, seier Uhrenholdt Jacobsen vidare.

Det var fredag førre veke at ho fekk den tunge meldinga om at broren var død.

Marit Bjørgen

Marit Bjørgen var svært rørt etter opningsrennet i OL.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Lagvenninnene tok til tårene

Etter opningsrennet laurdag, då Marit Bjørgen tok gull og Heidi Weng tok bronse, tok kjenslene overhand for lagvenninnene til Uhrenholdt Jacobsen.

– I dag betyr idrett ingenting. Ein får litt perspektiv for ting, sa Bjørgen etter gullet.

Under skiathlonet laurdag gjekk Bjørgen, Weng, Therese Johaug og Kristin Størmer Steira i tillegg med sørgeband.

Bjørgen: – Rørande å tenkje på

Sprinten tysdag skulle uansett bli Uhrenholdt Jacobsen sitt første renn under OL, og både ekspertar og utøvarar var imponerte då ho tok seg vidare til kvartfinale. Etter sprinten var det mange som imponerte over innsatsen til 27-åringen.

– Ho har vore veldig sterk. Ho hadde veldig lyst til å gå bra. Og at ho klarte å mobilisere og gjere det så bra, er imponerande, sa Marit Bjørgen.

– Det er rørande å tenkje på det ho har vore gjennom. Eg trur det har vore ei frisone for henne å trene og konkurrere, heldt Bjørgen fram til NRK.

Dario Cologna, som vann skiathlonet søndag, meiner det står enorm respekt av det Uhrenholdt Jacobsen fekk til tysdag.

– Det er heilt fantastisk det ho gjer. Det er veldig sterkt, og det hadde vore veldig moro om ho gjekk inn til medalje, sa sveitsaren då Uhrenholdt Jacobsen blei klar for semifinale.

Astrid Uhrenholdt Jacobsen

Astrid Uhrenholdt Jacobsen gjekk inn til ein imponerande fjerdeplass på sprinten tysdag. Her blir ho teken hand om av svenske Ida Ingmansdotter og amerikanske Sophie Caldwell etter finalen.

Foto: MAJA SUSLIN / NTB Scanpix

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal