- Les:
– Målet er ein svært god prestasjon, der Sverre kjem seg gjennom. Han er god, der han får lagt ballen til rette i ein pressa situasjon, før han smekkar den i mål.
Det seier Kristiansund-trenar Geir Bakke, som var godt fornøgd etter 1-0-siger over Follo borte.
Matchvinnar Sverre Økland scora det einaste målet i kampen etter 63 minutt, der han banka sin eigen retur i mål.
– Han spelar ein svært god kamp gjennom samtlege 90 minutt, slår Bakke fast i prat med NRK.
I toppen etter fire kampar
Med to sigrar, éin uavgjort og eitt tap har Kristiansund sju poeng. Etter fire spelte kampar ligg dei på fjerdeplass, likt med Sandefjord, Bryne og HamKam.
– Vi skal vere veldig godt fornøgd med sesongopninga. Samstundes er vi langt frå fornøgde med tapet mot nyopprykka Vard Haugesund på heimebane sist, fortel Bakke.
For førre helg blei det 2-1-tap på Idrett.
– Vi hadde ein halvdårleg cupprestasjon mot Herd, der vi «karrar» oss vidare, og vi taper mot Vard Haugesund. Då er det herleg å slå tilbake med ein bortesiger.
– Nesten nordvestlandske forhold
Førre helg måtte Follo avlyse den planlagte heimekampen mot Hødd, Kristiansund sin fylkesnabo i første divisjon.
Denne søndagen var derimot stadion kampklar, men gjennom 90 minutt blei underlaget ein ufrivillig stor del av kampen.
– Det var ei tung og vanskeleg grasmatte, med neste nordvestlandske forhold med blåst og regn, fortel Bakke.
For det mest blei vanskeleg, trass i to lag som hadde lyst til å spele god fotball. Få sjansar og mange duellar blei resultatet.
Jubel for tilbakevendt energi
I første omgang blei det ingen scoringar, og Økland si scoring blei kampens einaste. Follo pressa på for utlikning, men KBK hala i land årets andre siger.
– Totalt sett har vi banespelet gjennom matchen, og det er greitt av vi vinn det som er ein godt gjennomført bortekamp, seier Bakke.
– Men det kjekkaste å sjå i dag var at energi var tilbake, etter to dårlege kampar.
Neste kamp for KBK er i cupen borte mot Levanger 2. mai. Neste helg, søndag den 5. mai, er Sandefjord gjestar på Idrett i Kristiansund.
– Konsentrasjonen vår no er i cupkampen, men heimekampen mot Sandefjord blir tøff, avsluttar KBK-trenar Geir Bakke.