– Nei, eg skulle aldri ville gjort det igjen. Eg kjem ikkje til å springe ein maraton til i dette klima. Eg har vore her i ti dagar, trent på denne tida, og gjort alt etter planen. Min fysiske form var veldig god, men det var mykje tøffare enn eg trudde, seier svenske Cecilia Norrbom til SVT.
Det varme klima i Doha har vore det store samtaletema før VM og under den første maratonøvinga natt til laurdag fekk deltakarane for alvor smake på dette. Av 68 deltakarar på startstreken, braut så mange som 28 av desse.
– Det var fult over alt, jenter som berre rista. Ei av de kanadiske såg nesten død ut, fortel Norrbom i eit intervju med svenske Aftonbladet.
I natt skal norske Håvard Haukenes ut på den same ruta i Doha. Den norske leiren har med isbad som løparane skal ligge i før løpet.
– Det er ein utmattande og farleg konkurranse, og den stiller store krav til arrangøren. Kappgang er ei ekstremtbelastning i seg sjølv, seier lege Ove Talsnes til NRK.
– Dette er ekstremt
Alt etter 15 kilometer starta problema rundt strandpromenaden i Doha. Golfbilar som fungerte som ambulanse gjekk i skytteltrafikk til sjukestova. Temperaturen var på over 30 grader og det vart svært høg luftfuktigheit.
– Dette er ekstremt. Eg lurer på kor dette skal ende, sa NRK sin friidrettskommentator Jann Post under løpet.
Svenske Charlotta Fougberg som var ein av dei som fullførte løpet. Ho er kritisk til at maratonen vart gjennomført under dei ekstreme forholda.
– Nei, det gir ikkje meining. Ikkje når så mange kollapsar. Det er ikkje humant og springe under slike forhold. Det er tøft og springe maraton som det er. Alle baneløparane får aircondition. Løyse dei det der, så kunne dei løyst det for oss og. Eller flytta maraton til eit anna land, seier Fougberg til SVT.
Og ho får langt på veg støtte av NRK-ekspert Jack Waitz.
– Det er nokon av oss som har lurt på om dette er riktig. Kanskje burde nokon sagt at det er ei øvre grense for kva løparane skal gå gjennom, sa han under løpet.
– Burde vore avlyst
Monika Bytautiené frå Litauen, som braut løpet er 17 kilometer, meiner løpet aldri skulle vore gjennomført.
– Eg hadde det veldig dårleg. Mitt hovudet var overoppheta og beina mine var veldig tunge. Det var farleg for meg, seier ho til SVT.
– Å ha ein maraton i denne delen av verda var ein veldig dårleg ide. Det her er ekstremt. Eg synst at dei burde ha avlyst denne konkurransen, fortel ho vidare.
Kenyanske Ruth Chepngetich, som leia store deler av løpet, vann til slutt maratonen.