– Eg er ganske stolt. Hadde du sagt det her til meg for fire år sidan, så hadde eg nok ledd litt, seier Hjelmhaug til NRK på treningssamling i Marbella.
Der er ho ein del av LSK Kvinner-troppen etter vinterens overgang frå Arna-Bjørnar. Ein overgang til ein klubb ho lenge har sett opp til.
– Det er kult å ha denne logoen på brystet.
Beundra LSK
Trass i ein trøblete fjorårssesong står nemleg LSK Kvinner i høg kurs hos 23-åringen.
– Det er ein klubb med stolte tradisjonar. Eg har vore i Toppserien i snart sju år, og kvar gang følte du deg litt mindre enn LSK, seier ho.
Og det er ein situasjon ho hugsar ekstra godt når det kjem til møta med LSK. Medan ho spela i Sandviken hadde dei nettopp tapt stort mot dei gule og svarte, og var ganske langt nede, fortel ho.
– Så begynte heile laget deira å springe intervall etter kampen. Då blir du ikkje særleg høg i hatten. Eg stod og såg på, og tenkte: «Kjem eg nokon gang til å kome dit, eller vil eg for alltid berre vere eit hakk under?».
Meldinga som byrja alt
Nokre år seinare kan ho kle seg i dei same fargane som spelarane som sprang intervall framfor ho den gangen. Og den overgangen byrja på ein måte sportssjefen i LSK Kvinner aldri hadde opplevd tidlegare.
For etter det Hjelmhaug skildrar som eit turbulent år i Arna-Bjørnar, gjekk hennar kontrakt ut, og jakta på ein ny klubb tok til.
Men få var klare over at ho stod utan kontrakt, og ingen tok kontakt med Hjelmhaug. Då tenkte ho at ho måtte ta ting i eigne hender.
– Det første eg tenkte då var: «LSK. Kva er det verste som kan skje?», fortel ho.
Dermed sende ho sjølv ei tekstmelding til dåverande sportssjef i klubben, Ranveig Karlsen, for å høyre om dei kunne ta ein prat.
– Eg har aldri opplevd det før, at ein spelar tek kontakt med meg på den måten. Det skjer som oftast gjennom agentar eller andre. Men det seier sitt om Marte som person, seier Karlsen om meldinga.
– Eg tippar ho kjem til å hugse meg resten av livet, ler Hjelmhaug.
Romerikes Blad skreiv om dette først.
Deira samtale leia til eit meir formelt møte, og dermed var ballen i gang med å trille. Og no står ho framfor ein ny sesong i Toppserien, i nye fargar.
Og det takka vere ei tekstmelding.
– Det er litt utradisjonelt kanskje, men eg er kanskje litt utradisjonell, også.
- På laurdag møter Marte Bjelde Hjelmhaug og LSK Kvinner Stabæk. Kampen kan du sjå på NRK 1 og i NRK TV frå klokka 16.30.