Hopp til innhold

Norsk OL-utøvar er ambassadør for Saudi-Arabia – eige forbund visste ingenting

Den norske golfprofilen Marianne Skarpnord (36) er ambassadør for den kontroversielle saudiarabiske golfligaen. Men forbundet vil ikkje kritisere Skarpnord ope.

Sommer-OL i Rio 2016

AMBASSADØR: Marianne Skarpnord er éin av åtte kvinnelege ambassadørar for den saudiarabiske golfligaen.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Det er mykje tøffare på kvinnesida i golfen. Det er ei satsing som kostar veldig mykje og ikkje alltid gir utteljing, svarer Tor-Anders Hanssen, som er generalsekretær i Noregs Golfforbund.

– Korleis stiller forbundet seg til denne ligaen?

– Generelt sett fordømmer vi sjølvsagt alle brot på menneskerettar. Det er utfordrande at pengar i idretten kjem frå regime som har andre haldningar og verdiar enn det som er vanleg i Noreg og Norden. Men eg synest jo Hovland sa det ganske bra: Dei spelarane som knytte seg til den saudiarabiske «LIV»-serien er ikkje nødvendigvis «bad guys» og alle andre «good guys».

Roste Saudi-Arabia

Det var tilbake i april at det vart kjent at Marianne Skarpnord skulle bli ein del av den saudiarabiske golfligaen som ambassadør saman med åtte andre golfarar.

Golfturneringa har vorte arrangert sidan 2018, og nettstaden «golfdigestme» skriv at spelarane skal promotere golf i Saudi-Arabia, i tillegg til å promotere Saudi-Arabia globalt som golfnasjon.

NRK har prøvd å opprette kontakt med Skarpnord om denne saka fleire gonger dei siste vekene. Den norske golfaren svarte denne veka at ho vil fokusere på å spele golf, og vil dermed ikkje kommentere saka.

Sommer-OL i Rio 2016

VIL IKKJE KOMMENTERE: Golfprofil Marianne Skarpnord.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ho har likevel kommentert engasjementet sitt for Saudi-Arabia tidlegare, og ho snakka om landet med positive ordelag.

– Kvinneleg golf er i endring no, og eg trur vi kan sjå touren bli endå større dei neste åra, spesielt med støtte frå «Golf Saudi» og «Aramco» (saudiarabisk energiselskap). Vi ligg langt bak i Europa, men eg trur folk i Europa er i ferd med å sjå at vi kan spele spelet, sa Skarpnord til nettstaden «Women & Golf» i februar.

Ho fekk så spørsmål frå same nettstad om ho trivst med å spele i Saudi-Arabia.

– Eg elskar å spele i Saudi-Arabia. Det er ei fin golfbane, og vêret er alltid bra. Eg var skeptisk første gongen. Eg visste berre det eg hadde lese i avisene, og eg var ikkje veldig positiv. Eg er veldig glad for at eg drog dit, fordi det er ikkje i nærleiken av det eg trudde, seier Skarpnord.

Les også: Hovland uenig i NRK-kritikk: – Dere i media gjør det veldig forenklet

Viktor Hovland på Stokke
Viktor Hovland på Stokke

Forbundet visste ingenting

Ifølgje Amnesty er Saudi-Arabia eit land med lite ytringsfridom, og dei skriv at det er bokstaveleg talt livsfarleg å kritisere styresmaktene. Drapet på den saudiarabiske journalisten Jamal Khashoggi i Istanbul blir ofte trekt fram som eit døme i den samanhengen.

Hanssen i golfforbundet vil ikkje kritisere Skarpnord ope, fordi ho speler ikkje golf gjennom det norske forbundet no for tida.

– Men viss ein av våre Team Norway-utøvarar som vi har ein avtale med hadde sagt noko liknande er dette noko vi måtte undersøkt nærare. Og som mest sannsynleg ville vorte ein diskusjon heilt oppe på styrenivå, seier generalsekretæren.

Tor-Anders Hanssen Generalsekretær Norges Golfforbund.

INGEN KRITIKK: Tor-Anders Hanssen i golfforbundet vil ikkje blande seg inn i prioriteringane til Marianne Skarpnord.

Foto: Pressebilde

– Har forbundet vore i dialog med henne rundt dette saudi-samarbeidet?

– Nei, ikkje så vidt eg veit. Det har vi ikkje. Eg har ikkje personleg sett ein type avtale eller kjenner ikkje til om ho er tiltenkt ei ambassadørrolle. Det var noko som de i NRK formidla. Innhaldet i avtalen har eg ikkje sett.

– De har jo hatt kontakt. Har det ikkje vore noko kontakt om saudi-samarbeidet?

– Nei. Vi har prøvd å formidle at NRK ønskjer å få kontakt med henne, men vi har ikkje diskutert saudi-samarbeidet med henne.

– Knytt til pengar

For halvanna år sidan forsvarte Skarpnord det å delta i golfturneringar i Saudi-Arabia.

– Utgangspunktet mitt som idrettsutøvar er at eg dreg og gjer jobben min der han er. Og når dei set opp ei turnering med éin million euro i prispengar, som er fire gonger så mykje som i vanlege «LET»-turneringar, er det klart eg reiser og gjer jobben min der, sa ho til Norsk Golf den gongen.

På herresida har også Viktor Hovland stått i eit liknande dilemma. Ei rekkje mannlege golfarar har gått frå PGA-touren til å delta i den saudi-finansierte «LIV»-serien. Hovland har sagt at han ikkje er interessert i å delta i turneringa på noverande tidspunkt.

– Det («LIV»-serien) er jo knytt til pengar, rett og slett. Så ærleg må vi vere. Det er framleis så mykje pengar i omløp der som nok er forlokkande for spelar som har ein fallande karriere. No seier eg ikkje at det er tilfelle for Marianne, men eg snakkar om herresida her, seier Hanssen.

Siste nytt

  • Sverige markerte sammen med det spanske landslaget

    Sammen med Spania markert Sverige sin motstand mot bråket i det spanske fotballforbundet før lagenes kamp i nasjonsligaen fredag kveld.

    Før kampen poserte de to lagene med et stort banner med teksten «Vår kamp er en global kamp».

    De siste ukene har det vært mye bråk i det spanske forbundet etter at fotballpresidenten kysset en av spillerne på munnen, mot hennes vilje, etter VM-triumfen i sommer. Flere av landslagsspillerne har nektet å spille og presidenten har etter hvert gått av.

    Helt opp til denne uken var det usikkert om Spania i det hele tatt kunne stille lag i nasjonsligakampene mot Sverige og Sveits.

    En avtale mellom regjeringen og fotballforbundet gjorde at de fleste av de uttatte spillerne møtte opp til kamp under den nye treneren Montse Tome.

    Sverige og Spania markerer sammen
    Foto: TT NEWS AGENCY / Reuters
  • Uno-X-signering ble europamester

    Det danske supertalentet Henrik Pedersen (18) signerte nylig en fireårskontrakt med Uno-X. Fredag tok han EM-gull på landeveien i Nederland.

    Pedersen kom alene til mål på U23-fellesstarten under mesterskapet i nederlandske Emmen. Sølvvinner Ivan Romeo ble slått med 25 sekunder.

    Den danske europamesteren har de siste sesongene syklet for kontinentallaget ColoQuick. Foran neste sesong går veien videre til norske Uno-X. (NTB)

  • Baldauf røk ut av VM i kvartfinalen

    Felix Baldauf ble et nummer for liten i kvartfinalen mot iranske Mohammadhadi A. Saravi i 97-kilosklassen i bryte-VM i Beograd fredag.

    Det norske håpet røk 1-4 i møtet med Saravi og måtte håpe på en ny medaljemulighet gjennom systemet med rekvalifisering. Da måtte Saravi gha vunnet sin semifinale mot Gabriel Kindelan og sikre seg finaleplass, men det skjedde ikke. Saravi tapte, og dermed er mesterskapet over for Baldauf.

    Felix Baldauf
    Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Ødegaard med perlescoring i Mesterligaen - Bilder fra TV 2 00:38
Neste