– Dette er ein medalje for Ida, seier Mari Eide til NRK. Ho har nettopp fått delt ut bronsemedaljen ho tok på sprinten i går.
Mari Eide har på imponerande vis klart å mobilisere fram mot VM-sprinten etter at sytera døydde i haust.
– Det var ekstra stort å få høyre nasjonalsongen for Majken. Det hadde ikkje vore det same å høyre den svenske, seier Eide. – Det var mange nordmenn her, og det var verkeleg rørande. Eg greidde ikkje å slutte å grine.
Ho var glad for medaljen.
– Den er min, og den heng rundt halsen. Dette er stort, og mange skal ha ein del av. Heile laget, ikkje minst det fantastiske kvinnelaget. Vi står saman, seier Eide.
– Denne medaljen er god som gull for meg, seier Eide og tar på seg gull-lue.
Ho avviser rykta om at ho skal slutte no.
– Men eg såg veldig fram til dagen i går. Det er ei blanding mellom ei enorm glede og tomrom og sorg, som eg ikkje veit korleis kjem til å bli i framtida.
Eide skal uansett ikkje gå fleire distansar i VM. No skal ho ha ei frihelg i Seefeld før ho reiser heim.
– Veldig spesielt å stå her saman med Mari
Verdsmeister Maiken Caspersen Falla blei rørt av å stå på pallen saman med bronsevinnar Mari Eide.
– Det er veldig spesielt. Eg blir veldig rørt av å sjå at Mari får medalje. Det er veldig spesielt å stå her saman med Mari. Det er i tjukt og tynt. Vi har jobba mykje saman, seier Falla etter å ha fått gullmedaljen.