Triumfen på Wembley laurdag, med 3–1 over Arsenal i FA-cupfinalen, var den norske landslagskapteinens aller første trofé.
– Dette har eg venta sjukt lenge på. Lysta til å vinne noko har blitt større og større. No er eg i ein stor klubb og kan få oppleve det. Og det gav meirsmak, seier ho.
Maren Mjelde spela heile kampen. Maria Thorisdottir kom inn etter 69 minutt og fekk også vere med på moroa ute på bana.
Mjelde er godt nøgd også med sin eigen innsats på Wembley.
– Eg hadde eigentleg god kontroll heile vegen. Målet imot var kjedeleg, det kom litt for lett. Men samstundes kjende eg det som om vi hadde kontroll. Alle var på topp, og då gjekk det godt for min del også, seier Mjelde frå spelarbussen på veg heim til Stamford Bridge og sigersfest.
– Vi skal feire utover kvelden, det må vi ha lov til.
– Ei vond kjensle
Under kampen var ho likevel prega av ei uvanleg spenning i kroppen.
– Eg var mykje meir spent enn vanleg under heile kampen, og hadde ei slags vond kjensle i kroppen. Ikkje fordi det gjekk dårleg, for det gjorde det ikkje. Men det var veldig rart, derfor var det ekstra godt då dommaren bles av kampen og vi hadde vunne, seier Maren Mjelde.
Meir enn 45.000 tilskodarar var på finalen. Det er rekord for cupfinalar for kvinner i England.
– Det var heilt enormt, noko eg kjem til å hugse i resten av livet. Det er slike stunder ein drøymer om som liten.
– Det som er kult, er at det før var berre alle gutars draum å få spele cupfinale på Wembley. No er det alle jenters draum. Dette er det største eg har opplevd.
– Kan bli tre FA-cup-titlar
Tidlegare denne sesongen har Chelseas juniorar vunne FA-cupen. No vann kvinnene, og om eit par veker kan mennene også gjere det.
– Det kan bli tre FA-cup-titlar på ein sesong for klubben, seier Mjelde.
Og det kan bli meir gull. Det står att fire kampar i ligaen, og Chelsea og Manchester City ligg så å seie likt i teten av tabellen.
– Det hadde vore godt å få løfte trofeet ein gong til.