– Eg blei ganske irritert på meg sjølv i nokon dagar. Man blir jo bekymra med ein gong og så tenkte eg; Å det er så dumt å drive og spele denne fotballen, fortel Lundby til NRK.
Skihopparen har brukt våren og sommaren til å spele fotball for Kolbu/KK i 4. divisjon. Dette som eit ledd i den fysiske treninga fram mot årets sesong. Men i ein kamp mot Vardal i juni skjedde det ho hadde frykta mest.
– Det var ein skikkeleg smell. Ein duell som enda med ein vriding i kneet. Akkurat der og då gjekk det over etter nokon dagar, men så har det blussa opp igjen.
Frykta menisken hadde losna
For tre veker sidan var det ironisk nok duka for returkamp mot nettopp Vardal. Lundby spelte heile kampen, men då ho skulle legge seg om kvelden stivna kroppen og kneet byrja å hovne opp.
MENISK: Maren Lundby frykta menisken hadde losna og at ho måtte operere kneet etter at ho skada seg på fotballbana.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK– Eg fekk litt ulike beskjedar i starten. På eit tidspunkt var eg usikker på om menisken satt der eller om den hadde rivna eller losna rett og slett.
I så tilfelle hadde det betydd operasjon og minst seks månadar med rehabilitering.
– Då rekna eg meg fram til mars månad, og det hadde jo vore dårleg timing, fortel Lundby.
Kvinnene sin hoppsesong blir nemleg avslutta med skiflyging i Vikersund 17. mars neste år. Eit hopprenn som er eit av Lundby sine store mål for sesongen.
– Det var eit par dagar der eg var i litt dårleg humør, svarar Lundby om dagane som følgde.
På hennar eigen bursdag 7. september blei sølvvinnaren frå VM i Planica sendt til kontroll for å ta MR av kneet. Heldigvis synte bileta at menisken ikkje var riven av.
Men ein ting hadde ho uansett bestemt seg for;
– Eg har tatt til fornuft og avslutta fotballkarrieren for i år. Så eg må nok tenke meg ekstra nøye om eg skal spele så mykje meir fotball før hoppkarrieren er over.
Innebar risiko
Lundby var i sine unge dagar ein lovande fotballspelar før ho valte å satse alt på hopp. Trenar Jermund Lunder vedgår at skaderisikoen ved å sleppe 29-åringen til på fotballbana var ein risiko dei vurderte.
POSITIVT: Jermund Lunder er trenar for Lundby på Lillehammer.
Foto: Erik Johansen / NTB– Men vi følte at den positive effekten av fotballen var større enn risikoen. Eg hadde jo håpa det skulle skje utan skade.
Lundby la om treninga totalt etter at ho fekk vektutfordringar etter VM-gullet i Oberstdorf i 2021. I ettertid har skihopparen trent mykje meir kondisjon enn tidlegare, noko som har betydd timevis med lange skiturar og løpeturar i skogen aleine.
– Det er ganske hardt for hovudet. Å få litt gratis trening gjennom å spele fotball med gode venninner – den effekten skal man ikkje undervurdere, svarar Lundby.
Skal bli best i verda igjen
Når NRK møter Lundby i Lysgårdsbakken på Lillehammer er smilet og fokuset på hopping tilbake. Ho måtte avstå frå landslagssamlinga i VM-bakken med landslaget i Trondheim sist veke. Men kan no trene meir som normalt.
– Det går bra. Men eg må vere litt varsam med belastninga og passe på at eg får nok kvile mellom øktene.
VM-sølvvinnaren frå stor bakke i Planica i vinter er heller ikkje snau og har sett seg eit høgt mål for sesongen.
– Eg har lyst å bli best i verda igjen. Å vinne verdscupen samanlagt er målet. Og så bygge seg opp mot skiflyging i Vikersund mot slutten av sesongen. Det er det store høgdepunktet i år. Det hadde vore artig ha det lengste hoppet der i år.
Kvinnene fekk for første gong lov å fly i Vikersund i fjor. Slovenske Ema Klinec hoppa 226 meter og har dermed verdsrekorden i kvinnehopp.
– Ja, den står jo for fall den, ler Lundby.
SØLV: 29-åringen tok eit kjensleladd sølv under VM i Slovenia i år.
Foto: Heiko Junge / NTB