NRK Meny
Normal

Sette punktum med ny pers

Ida Marcussen avslutta VM-sjukampen som ho starta den - med å sette personleg rekord i ei løpsøving. Likevel enda ho bare på 20.-plassen.

Video Ida Marcussen løper 800m

SJÅ VIDEO: Ida Marcussens pers på 800m.

Marcussen

Ida Marcussen sette sin andre personlege rekord i VM.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX
Chernova

Tatyana Chernova kapra gullet i sjukampen.

Foto: Martin Meissner / Ap

Ida Marcussen hadde før 800 meteren, som var siste øving i sjukampen, opplevd nedtur etter nedtur.

– Ho må kanskje ta ein liten pause når ho kjem heim og tenke litt nytt, sa Vebjørn Rodal før løpet var i gang.

To personlege rekordar

I den avsluttande øvinga sikra ho andreplass og slo sin personlege rekord med eitt hundredels sekund. Den nye tida er 2.11.01.

– Det føles veldig bra å avslutte på denne måten. Det har vore to veldig lange dagar. No blir det godt å kvile, seier ei utslitt Marcussen.

Talentet starta sjukampen med 13,96 og personleg rekord på 100 meter hekk.

Ho nådde ikkje målsetjinga om ein plass mellom dei ti beste, og ho var også langt unna den norske rekorden på 6226 poeng.

For etter dei sju øvingane blei Marcussen ståande med 5911 poeng.

Det var langt opp til gullvinnar Tatjana Tsjernova frå Russland som hadde 6880 poeng.

  • SJÅ VIDEO:
Video 16f050dd-a113-4584-93a7-a849c1a6f4f4.jpg

Ida Marcussens personlege rekord på 100 meter hekk.

– Vil vise at eg er betre enn dette

Jenta er bitter etter fem nedturar utanom 800- og 100 meter hekk.

– Eg starta veldig bra, men det er noko som ikkje flyt heilt som det skal. Formen er der men det vil seg ikkje heilt, seier Marcussen.

No skal ho ta tak i problema og jobbe for å få ut potensialet til OL i London neste år.

– Vi har noko å jobbe med. Eg har veldig lyst til å vise at eg er betre enn dette, seier Marcussen.

Jessica Samuelsson frå Sverige vann Marcussens 800 meter-heat med 2.10.20.

Trenaren: – Kuleøvinga øydela mykje

Ida Marcussens trenar var nøgd med VM-avslutninga. Lukas Udelhoven er ikkje skuffa etter 20.-plass i sjukampen.

– Eg ser ikke vekk frå at Ida kan komme til å vere med i ein sjukamp til denne sesongen. Dersom heimreisa ikke tappar for mykje krefter, meiner eg det er viktig å utnytte den gode formen ho er i, seier trener Lukas Udelhoven til NTB.

Han sa også at han på forhånd visste at den siste medaljen ville gå på drøye 6500 poeng.

– Vi er gode for det vi også, men det gjeld bare å ha flyten for å henge med. I dette VM-et var det kuleøvelsen som ødela mykje. At det stoppa opp for henne i kule var ei sjokkoppleving, men sjølv om vi ikkje nådde målet vårt, er eg ikkje skuffa. Det kan eg ikke vere etter at ho sette pers i den siste øvinga, seier Udelhoven.

Sjukampen samanlagt - medaljar:

Gull: Tatyana Chernova (Russland)
Sølv: Jessica Ennis (Tyskland)
Bronse: Jennifer Oeser (Tyskland)

Siste nytt

  • Tre strake for Kokslien

    Mikko Kokslien vant tre renn på rad i Colorado i USA i helgens kontinentalcup i kombinert.

    Tre seirer på rad gjør at han også leder kontinentalcupen suverent sammenlagt, melder NTB.

    Holmenkollen skifestival. 10 km. kombinert
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix
  • Barcelona har luke

    Barcelona cruiset inn til 4-0-seier hjemme mot Deportivo La Coruña søndag. Luis Suárez og Paulinho ble begge tomålsscorere for den spanske La Liga-lederen. De leder med seks poeng på Atletico Madrid.

    Luis Suárez
    Foto: Stanley Chou / Getty Images

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Uttak landslagstroppen til håndball-EM for menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm, menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm menn