Hopp til innhold

Norge 17 sekund frå sikker OL-plass: – Utruleg bittert når ein er så nær

Norge måtte vinne med seks mål for å vere heilt sikre på OL-plass. Det blei fem mot Romania, Norge vann 29–24.

Malin Aune

NESTEN TIL OL: Malin Aune og dei andre på det norske kvinnelandslaget slo knallhardt tilbake etter kampen mot Montenegro fredag

Foto: Aleksandar Djorovic / NTB

Men OL-sjansen er likevel stor for Norge. Med Montenegro-siger eller uavgjort mot Romania søndag, går Norge vidare saman med Montenegro. Om Romania vinn, blir det ei målsforskjellsak.

Men berre om Romania vinn med nøyaktig fem mål, kan det gå gale. Då vil det totale talet på scoringar avgjere.

Det betyr at rumensk femmålssiger med 29–24 eller meir er det som skal til for å sende Norge ut av OL. Alle andre resultat gir norsk OL-billett.

Norge leia med dei nødvendige seks måla til 17 sekund før slutt. Så reduserte Romania til fem mål, og dermed er Norge avhengig av resultatet av kampen mellom Romania og Montenegro søndag.

Det er ein kamp som går medan det norske laget sit på flyet heim frå Montenegro, og som dei ikkje kan gjere noko for å påverke.

– Sterkt å slå Romania med fem mål

– Dette er ein av dei betre kampane vi har spela. Jentene gjorde ein kjempejobb mot eit rumensk lag med kniven på strupen, seier landslagssjef Thorir Hergeirsson til TV Norge.

Thorir Hergeirsson

KJEMPEKAMP: Thorir Hergeirsson var stolt av spelarane etter kampen

Foto: Aleksandar Djorovic / NTB

– Det er sterkt å slå dei med fem. Det er eit godt lag med alle sine store spelarar med, og i god form. Eg er stolt av resultatet og prestasjonen i dag.

– Korleis vurderer du OL-sjansane?

– Den er betre enn i går, men vi er framleis ikkje sikre. Vi er avhengige av andre, det er inga god kjensle. Men om det ikkje lykkast, var det i går det skar seg, ikkje i dag.

– Eg hadde venta at dette skulle kome. Ingen var nøgd med prestasjonen i går. Vi reiste alle kjerringane og gutane, seier landslagssjefen.

Det stod 13–11 ved pause, og låg og vippa mellom fem-seks mål gjennom dei siste 20 minutta.

Veronica Kristiansen gav Norge 29–23 med 1.06 igjen. Då var Norge i OL. Så reduserte Romania, og Norge missa eit angrep i siste sekund.

– Det er eit forferdeleg scenario å vere avhengig av to andre lag. Vi hadde sjansen her til å sikre det. Det er utruleg bittert når ein er så nær, seier NRKs ekspert Håvard Tvedten.

Skogrands straffeshow

Stine Skogrand scora 12 mål, ni av dei på straffe. Ho har likevel ei tom kjensle etter kampen.

– Vi kunne ha greidd det. No må vi berre vente på å sjå kva som skjer i morgon, seier Skogrand.

– Vi er på seks og på sju mål. Men det er ein tett kamp, fordi vi må ha den leiinga. Håpar at begge laga gjer alt for å kjempe.

– Er du redd for at dei skal tenke at «her skal vi kvitte oss med Norge»?

– Tanken har slått meg.

Geir Oustorp i TVNorges studio ser faren, men trur ikkje det vil skje.

– Det er ikkje lett å spele på at det skal vere sluttresultatet. Slike ting er lettare i andre idrettar enn i handball. Men det skal bli moro å sjå på slutten korleis dei oppfører seg, seier han.

Heilt ny innstilling

Norge viste ei heilt anna innstilling enn mot Montenegro fredag. Kontringane sat, Katrine Lunde leverte fleire gode redningar, og forsvaret jobba svært godt mot frykta Cristina Neagu og hennar lagvenninner.

Men et såg stygt ut frå start denne gongen også, med rumensk 3–1 tidleg. Men Norge slo tilbake til 4–3.

Laga følgde kvarandre til 9–9. Så fekk Romania kampens første utvising, og Norge utnytta den til tre rake. Då spela Norge aggressivt og godt. Ved pause stod det 13-11, etter mellom anna fem straffescoringar av Stine Skogrand.

Etter pause drog Norge frå. Ti minutt ut i omgangen stod det 18–13. I resten av kampen vippa det rundt den seksmålssigeren Norge måtte ha for å sikre OL-deltaking.

Det mangla 17 sekund på at dei hadde greidd det.

Norge har hatt kvinnelag i alle OL sidan 1988, med unntak av 2004. Seks gonger har Norge teke medalje, to av dei gull.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal