NRK Meny
Normal

Inga kontrakt til islendingen

Molde vil hente nye spelarar, helst angriparar, etter at to sentrale spelarar ikkje er med vidare. No melder MFK at Hannes Sigurdsson ikkje er aktuell, og satsar vidare på Ben Spencer.

Ole Gunnar Solskjær
Foto: Gunnar Grindstein / NRK

I går tapte Molde 1–3 i årets første treningskamp. Motstandar var Widzew Lodz frå Polen.

– Det er første kampen vår i år. Her leitar vi ikkje etter anna enn speletid og meir fotball i føtene, kommenterte Molde-manager Ole Gunnar Solskjær etter kampen i Copa del Sol.

For mest fokus får prøvespelarar, der Solskjær har sagt at han vil ha nye angrepsspelarar.

I augneblinken er både Hannes Sigurdsson og Julian Erhardt er begge med til La Manga. Dei to spelte kvar sine 45 minutt i 3-1-tapet.

Hannes Sigurdsson

Islendingen Hannes Sigurdsson prøvespelar for Molde. Han seier sjølv at han håper på kontrakt med klubben.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

Amerikanar på veg?

Ifølgje Romsdals Budstikke er det 17 år gamle spisstalentet Ben Spencer straks på veg til klubben. Då som eit utviklingsprosjekt.

– Ben er ein spelar som det kan hende vi blir einige med, ja, seier Solskjær til avisa.

Dermed kan det stå igjen berre to ledige angrepsplassar. For med Davy Claude Angan ut vil Solskjær ha tre inn.

– Hannes og Erhardt er her for å vise seg fram.

– Hannes fekk ikkje moglegheita til å vise seg frå si beste side då vi låg for lågt i første omgang. Julian viser kor kreativ og talentfull han er. Han kjem til å bli god i tida som kjem, sa Solskjær til NRK.no.

Ingen kontrakt til Sigurdsson

Solskjær fortel at begge dei to er aktuelle for Molde, men kl. 17.08 melder klubben at Hannes Sigurdsson ikkje vil få kontrakt med Molde FK.

– Hannes har vore veldig positiv og imponert, men i den fasen han er i karrieren no fortener han å spele fast fyrstelagsfotball, noko vi ikkje kan garantere. Han får seg heilt sikkert ein god klubb som passar for han, seier manager Ole Gunnar Solskjær.

Den unge amerikanaren Ben Spencer slutta seg til Moldes tropp onsdag. Den høgvokste 17- åringen har vitja MFK tidligare, og skal no vurderast på ny.

Ser ikkje spesifikt etter midtstoppar

To av klubben sine mest sentrale spelarar ser ut til å ikkje bli med i 2013. Vegard Forren er allereie Premier League-proff, medan Davy Claude Angan snart er spelar i kinesisk serie.

Der angrepet skal styrkast er ikkje forsvarsplassane nødvendig å styrke, meiner Solskjær.

– Vi må ha inn nokre spelarar, og vi har fleire sikte. Generelt ser eg spelarar som kan gjere oss betre, i alle posisjonar.

– Det er aktuelt med betre spelarar på alle plassar. Ting er ikkje statisk i fotball, så gode spelarar er alltid aktuelt å hente, seier Solskjær.

Han fortel likevel at fokuset er på angrepsspelarar.

Saka held fram under bildet.

Magnus Wolff Eikrem

Magnus Wolff Eikrem kan vere på veg til Borussia Monchengladbach.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Wolff Eikrem til Tyskland?

For på midtbanen er Molde greitt skodd i augneblinken. Rykta svirrar derimot kring Magnus Wolff Eikrem.

Tyske Borussia Monchengladbach viser konkret interesse for Molde-spelaren, melder Dagbladet.

Ifølgje avisa kan det gå mot sal. Neppe i januarvindauget, men til sommaren. Frå før er landslagsspelar Håvard Nordtveit i den tyske klubben.

Dermed kan ein midtbanespelar inn bli aktuelt i tillegg til tre tenkte angriparar.

– Håper han er klar

På forsvarsplass er Even Hovland på veg tilbake.

– Vi håper han er klar til seriestart, men vi vil ikkje legge press på guten. Men i løpet av april er han nok i alle fall tilbake, meiner Solskjær.

I tillegg har klubben talentfulle Magnar Ødegaard og rutine i Kristoffer Paulsen Vatshaug og Børre Steenslid.

– Til rett pris er ting alltid aktuelt. Men vi har også eit budsjett å halde oss til.

– Vi har budsjettert med spelarsal, så delar av salssummane går til å dekke det førespegla. Men litt får ein nok bruke, avsluttar Solskjær, og refererer til dei mange millionane Forren-salet og det trulege salet av Angan genererer.

Siste nytt

  • Mjelde kåret til tredje beste

    Maren Mjelde ble søndag kveld stemt frem av spillerne selv som den tredje beste spilleren i engelsk fotball.

    Lagveninne fra Chelsea, Fran Kirby, vant prisen. Ji So-yun fra Manchester City tok andreplassen.

    SOCCER-CHAMPIONS-CHE-WOB/WOMEN
    Foto: ADAM HOLT / Reuters
  • Napoli senket Juventus

    De fleste av de store fotballigaene er avgjort, men i Italia er det fortsatt spenning.

    Søndag kveld tapte tittelforsvarer Juventus 0–1 mot Napoli på hjemmebane.

    Dermed er Napoli bare ett poeng bak Juventus på toppen av tabellen.

    FBL-ITA-SERIE A-JUVENTUS-NAPOLI
    Foto: MARCO BERTORELLO / AFP
  • Salah kåret til årets spiller

    Liverpools storscorer Mohamed Salah ble søndag tildelt den prestisjetunge prisen som årets Premier League-spiller av den engelske spillerforeningen PFA, skriver NTB. Egypteren tangerte ligarekorden da han scoret sitt 31. seriemål lørdag.

    FBL-ENG-PR-WEST BROM-LIVERPOOL
    Foto: LINDSEY PARNABY / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Best i verden: Martin Schanche - Rattets Messias
Sport i dag
4-4-2 Eliteserien: Odd - Sarpsborg 08