Manchester City får dommen måndag
Den internasjonale idrettsdomstolen CAS skal måndag offentleggjere om Manchester City skal stengjast ute frå europeiske fotballturneringar i dei to neste sesongane.
UEFA vedtok i februar å stenge City ute på grunn av «alvorlege brot» på dei økonomiske reglane mellom 2012 og 2016, og gav også klubben ei bot på rundt 300 millionar kroner. Men City anka straffa til CAS.
Dersom CAS opprettheld straffa, vil dermed ikkje klubben får delta i meisterligaen igjen før i 2022. Men dei får fullføre årets turnering der dei enno er med.