For Tottenhams Hugo Lloris og Reals Keylor Navas tok alt som kom frå stjernespissane. Berre eit sjølvmål og eit straffespark gav teljande resultat.
Sjansar var det rikeleg av, men Navas og Lloris let seg ikkje overliste. Spesielt hadde Lloris fleire redningar frå øvste hylle.
Det toppa seg i andre omgang då Karim Benzema heada hardt frå kort hald. Lloris var på veg til feil side. Men han «la att» ein fot og redda. Det skulle også berge eit sterkt poeng for Tottenham.
Reals Navas var ikkje stort dårlegare. Han toppa kvelden med å få fingertuppane på eit hardt og lågt skot frå Harry Kane. Ballen hadde kurs for lengste hjørne, men gjekk via Navas' fingrar og millimeter utanfor.
– Eg greidde å plassere ballen der eg ville, men han redda gidt, sa Kane.
– Vi gjorde ein god kamp og er godt nøgd med uavgjort, sa Hary Kane til BT Sport. – Vi spela godt og gjorde det vanskeleg for dei.
Sjølvmål og straffe
Tottenham tok leiinga mot spelets gang, og det var Harry Kane som skapte målet. Kane hælsparka innlegget frå Serge Aurier mot mål. Det gjekk ikkje, men ballen trefte Raphaël Varane og utmanøvrerte keeper.
Real styrte spelet, og fekk løn tre minutt før pause. Auriers takling av Toni Kroos var langt utanfor regelverket, og Real fekk straffe. Den sette Cristiano Ronaldo knallhardt og velplassert i mål. 1–1 etter Ronaldos meisterligascoring nummer 110.
Real Madrid dominerte første del av andre omgang, og Ronaldo fekk vise seg fram. Men utan Real-resultat fekk gjestene kontre.
Det gav seg utslag i eit par svære Tottenham-sjansar. Både Kane, Eriksen og Sanchez kunne gitt gjestene føringa.
Men trass stort Real-press i dei siste minutta blei det poengdeling. Tottenham jubla absolutt høgast etter resultatet.
Ettersom Apoel og Dortmund i same gruppe spela 1-1, er både Real og Tottenham på god veg mot avansement.