Måltørka over for Søderlund: – Vi har slite tungt

Aleksander Søderlund stod heilt utan mål før møtet mot Mjøndalen på Lerkendal. Der sørga 31-åringen for at Rosenborg kunne ta ein etterlengta 3–2 siger.

Eliteserien fotball 2019: Rosenborg - Mjøndalen.

MÅLTØRKE: Alexander Søderlund kunne juble for det første målet i årets sesong.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det var godt å score, men det viktigaste er at vi fekk tre poeng. Vi har slite tungt og det går ikkje på skjener i dag heller, men vi får med oss det viktigaste og det er tre poeng, seier Søderlund.

Trass siger måtte Rosenborg slite seg til tre svært viktige poeng mot opprykkslaget Mjøndalen.

Ein hardt pressa Eirik Horneland var nødvendigvis letta over tre poeng, men nekta framleis å svare på kvifor han held fram med å vrake Nicklas Bendtner.

– Skal eg vere ærleg så er det ting der som er vanskeleg å kommunisere, så det gjere eg ikkje, var alt han ville sei til Eurosport etter kampen.

Eliteserien fotball 2019: Rosenborg - Mjøndalen.

PRESS: Eirik Horneland har hatt ein tøff start som trenar for Rosenborg.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Men sjølv om trønderane kunne glede seg over tre viktige poeng er laget langt ifrå friskmeldt.

– Viktig for gutane, viktig for Rosenborg og viktig for laget og få den sigeren. Men når vi ikkje får den tredje, så blir vi engsteleg og fall bakpå igjen. Vi mista det psykiske overtaket og blir stressa, og det er ikkje bra, seier Horneland til NRK.

Pål André Helland var vraka til startoppstillinga, men kom inn i andre omgang.

– Frykteleg fortent. Eg har vore dårleg, så ser ikkje noko problem med det når eg har vore så dårleg, seier han til Eurosport.

Mjøndalen reduserte to gonger og sigersmålet kom etter tabbe av Mjøndalen. Gjestane lét seg derimot ikkje imponere over Rosenborg.

– Eg er utruleg irritert over måla vi slepp inn. Men veldig stolt over måte vi spelar fotball på. Dette Rosenborg-laget synst eg vi er betre enn rett og slett, seier Christian Gauseth til Eurosport.

Mjøndalen-trenaren Vegard Hansen meiner laget burde vunnet og at RBK-sigeren ikkje var fortent.

– Det blir for dumt å sei. Det er ein jamn kamp, men vi kunne fort feid inn 3–0 i første omgang, og då kunne vi sendt dei heim i pausen, svarar derimot Horneland.

Slapp med skrekken

Det var Mjøndalen som var best det første kvarteret, men etter 27 minutt gjekk det nok eit lettande sukk over Lerkendal. Eit hjørnespark blir slått inn, og etter litt rot i forsvaret klarar Tore Reginiussen å setje ballen i mål via ein Mjøndalen-spelar.

Tre minutt seinare sørgar Yann-Erik de Lanlay for at det igjen kunne jublast på Lerkendal. Hedenstad kom på eit flott løp på høgrekanten. Han slår ballen inn mot de Lanley, som ved hjelp av breisida av foten, sett han i mål.

Stian Semb Åsmundsen fekk derimot trønderane raskt ned att på jorda, då han reduserte for gjestane mot slutten av første omgang.

Eliteserien fotball 2019: Rosenborg - Mjøndalen.

REDUSERING: Stian Semb Aasmundsen sørga for redusering for gjestane i første omgang.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

I andre omgang gav Tonny Brochmann eit nytt støkk til trønderane, da han utlikna til 2–2. Rosenborg svarte derimot raskt.

To minutt seinare sørga Alexander Søderlund for at trønderane igjen kom seg over nedrykksstreken.

3–2 sigeren mot Mjøndalen gjere at Rosenborg får eit pusterom ifrå botnstriden. Med ni poeng klatrar dei opp til ein 12.-plass på tabellen.

Bendtner vraka

Pål André Helland var vraka i startoppstillinga, men kom inn for Emil Konradsen Ceide i andre omgang. Dansken Nicklas Bendtner var helle i dag med i troppen mot Mjøndalen.

Trønderane har hatt ein tøff start på sesong. Betre vart det ikkje då laget tapte heime mot Eirik Horneland sin gamle klubb Haugesund på sjølvaste 16. mai. Før møte mot Mjøndalen låg fjorårets serie- og cupmeister nest sist på tabellen med seks poeng på dei åtte første kampane.

Det gjer det til den nest dårlegaste sesongopninga i klubben si historie. Vi må faktisk tilbake til 1977 for å finne ein dårlegare start, då rykte RBK ned frå øvste nivå.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Hovland forbedret egen rekord

    Norges golfstjerrne Viktor Hovland fortsetter storspillet i PGA-turneringen. Fredag gikk han sin 19. strake runde på touren under 70 slag. Dermed forbedret han sin egen historiske rekord med en runde.

    Viktor Hovland
    Foto: Bradley Collyer / AP
  • Nok et tap for Zuccarellos lag

    Den tredje bortekampen for Minnesota Wild i Canada endte med et nytt tap. Denne gangen mot Montréal Canadiens. 4-0 ble sluttresultatet.

    Wild åpnet positivt i Canada med seier mot Ottawa Senators 2-0 mandag, men det ble tap 2-4 for Toronto Leafs onsdag.

    Mats Zuccarello har ikke vært med på lagets tre bortekamper i Canada denne uken på grunn av en skade «i underkroppen».

    NHL: Minnesota Wild at Montreal Canadiens
    Foto: Eric Bolte / Reuters
  • Tre Rosseli-assist i Frölunda-seier

    Mats Rosseli Olsen sto for tre assist da Frölunda slet seg til 6-5-seier etter forlengning mot tabelljumbo Växjö i ishockeyserien SHL torsdag. Nordmannen var nest sist på pucken både ved 2-1 og 3-2, og han fikk assist også på 4-3-målet.

    Mats Rosseli Olsen
    Foto: Tt News Agency / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal