Mot Slovakia i opningskampen kom han inn som innbytar og sette inn 2-1-målet i sluttminutta.
Mot Belgia i kveld sende han Wales igjen føre med 2-1 med eit akrobatisk kunstverk av ei scoring. I ei og same rørsle sette han tre belgiske forsvarspelarar ut av spel og banka inn leiarmålet.
– Eg fekk ballen i føtene. Eg greidde å vende og setje ballen i mål, sa han.
Det gjorde han med en finte som blir samanlikna med det Johann Cruyff fekk til i sine beste dagar.
Stort betre søknad om ein plass i ein Premier League-klubb kunne han knapt ha lagt inn.
Før EM hadde han berre scora to landslagsmål på 30 kampar i løpet av seks år.
På det walisiske sensasjonslaget som har teke EM med storm, kjempar han med Sam Vokes om spissplassen. I dag scora dei begge.
Video: Sjå Kanus mål.
Fødd i London
Thomas Henry Alex Robson-Kanu – som er hans fulle namn – er klubblaus. Han har spelt 8 år i Reading, men sa nei til ny kontrakt i vår. Han var fødd i London og var i Arsenals akademi, men med walisisk bestemor kunne han velje Wales som landslag.
Hos Wales-fansen har han fått kultstaus.
– Vi klarte å halde fram med å spele vårt spel etter at dei hadde teke leiinga. Vi visste at då ville vi få resultat til slutt, sa Kanu.
– Vi har møtt dei fleire gonger før, og vi visste korleis vi skulle møte dei. Vi har spelarar i toppklasse og er solide som fjell bakover, sa målscoraren etter kampslutt.
Han var vald framfor Vokes frå start i dag. Ti minutt før slutt vart han bytta mot Vokes, som fekk gleda av å score det tredje for Wales.
Og hyllesten nådde nye høgder på twitter: