Rushfeldt er mest kjent for å ha skåringsrekorden i den norske eliteserien i fotball. Med 172 mål tronar han øvst på lista, men sidan karriereslutt i 2011 har det vorte langt fleire sjakkparti enn skåringar.
– No speler eg kvar dag. Omtrent ti parti, minst, seier Rushfeldt til NRK.
NRK har rekna seg gjennom partia til målkongen, og funne ut at det er snakk om 17.000 parti sidan 2014.
Han har i snitt spelt om lag ti sjakkparti kvar dag.
– Det blir fleire timar sjakk kvar dag, seier ekspert Atle Grønn imponert.
– Det høyrest mykje ut, men det stemmer nok. Før det spelte eg på ICC (ei anna plattform), så det er nok endå fleire, seier Rushfeldt med eit smil.
– Det er kjempemykje. Sjølv har eg spelt 2500 parti på to–tre år. Eg har ikkje spelt så mykje, ikkje samla i livet mitt, seier Grønn.
– Den beste kjendisen
Grønn har sett Rushfeldt spele, til dømes under sjakk-OL i Tromsø i 2014. Då spelte han mot Magnus Carlsen i eit oppvisningsparti.
– Det er han som var grunnen til at eg interesserte meg for sjakk. Eg er som nordmenn flest; det var han som løfta interessa. Så held eg ho ved like ved at han er så god som han er. Det er artig å følgje med, seier Rushfeldt.
– Eg trur han er den beste kjendisen som ikkje eigentleg er sjakkspelar. Det er mange som prøver seg og får eit raskt hopp. Men eg kjenner ikkje til nokon i vaksen alder som har gjort som Sigurd, seier Grønn.
– Det er morosamt å sjå at han er så fanatisk interessert, legg han til.
– Mykje ymist
I eit intervju med Tromsø Sjakklubb gjort i 2018 anslår han at interessa starta for rundt ti år sidan, då han var på tampen av fotballkarrieren.
I fotballmiljøet har Rushfeldt spelt mot andre likesinna. Men nivået er så som så.
– Det er veldig mykje ymist. Tom Høgli speler ein del, og nokon andre har byrja. Det var nokon få rundt landslaget og Rosenborg som spelte då eg var der. Det er mange som er interesserte, men ikkje mange som spelar aktivt, seier han.
– Eg spelar heller ikkje aktivt, men eg spelar mykje, legg han til.
Blant dei sjakk-interesserte på landslaget er Mats Møller Dæhli og Martin Ødegaard, som i 2015 fekk refs av Magnus Carlsen.