18 år gamle Mason Greenwood har strålt om kapp med sola etter at den engelske ligaen starta opp igjen.
Mot Bournemouth var han svært tonegivande då Manchester United sikra tre viktige poeng.
Etter å ha sett tenåringen briljere mot Joshua Kings lag, var det naturleg at Ole Gunnar Solskjær vart spurd om å dele sine tankar om talentet etter kampen.
– Flott timing og fantastiske avslutningar. Forsvarsspelarar ser at han kan gå begge vegar, som gjer at dei blir nølande, sa United-manageren til klubbens eigen kanal MUTV før han kommenterte evna spelaren har til å bruke begge bein.
– Begge måla er frå utsida til forsvararane, men ein med venstre og ein med høgre. Igjen, fantastiske mål.
Gjestene opna målfesten
– Vi skal ikkje gi dei noko håp i opninga av kampen.
Det var Ole Gunnar Solskjærs klare beskjed til Sky Sports før kampstart.
Ein som ikkje fekk med seg den beskjeden var United-kaptein Harry Maguire, som vart rundlurt av Junior Stanislas før kvarteret var spelt.
30-åringen slo tunnel på Maguire inne i femmeteren til dei raude djevlane før han dunka ballen i nettet.
– Skåringa til Junior Stanislas, den var det seniornivå over.
Det sa TV 2s ekspertkommentator Nils Johan Semb etter praktskåringa.
Rett før halvtimen sørgde Mason Greenwood for balanse oppgjeret då han banka inn ei skåring.
Mot Bournemouth sette Mason Greenwood si 14. ande og 15. ande skåring denne sesongen.
Foto: PETER POWELL / ReutersFem minutt seinare fullførte Marcus Rashford snuoperasjonen frå straffemerket.
King-skåring til ingen nytte
Like før pause varta Anthony Martial opp med ei skåring Solskjær sjølv ville vore stolt av.
Joshua King skåra på straffe mot sin tidlegare klubb
Foto: Dave Thompson / Dave ThompsonJoshua King var anonym før kvilen, men då gjestene fekk eit straffespark tidleg i andreomgang var det Solskjærs landsmann og tidlegare elev som fekk ansvaret for å setje ballen i nettet.
Det var til lite hjelp for gjestene.
Ikkje lenge etterpå fann nemleg Greenwood nettmaskene for andre gong, tett følgd av ei frisparkskåring av Bruno Fernandes.
– Greenwood er langt føre det eg var då eg var rundt 18-19 år, det er heilt sikkert. Han har målteft, alt er naturleg for han, som det òg var for meg, sa Solskjær om Greenwood på pressekonferansen før kampen mot Bournemouth.
– Han er ein fantastisk spelar å jobbe med, og han held fram med å ta betre avgjerder, la nordmannen til.