Målfest mellom Odd og Brann

Det stod ikkje på underhaldninga då Odd tok imot Brann søndag kveld.

Brann tok leiinga to gangar i den første omgangen, men Sander Svendsen utlikna begge gangane før pause.

Like etter pause sende Salomon Owusu Odd i føringa for første gang i kampen, men det tok berre ti minutt før Aune Heggebø utlikna.

Dermed enda det 3–3 i Skien. Dermed blir Brann verande på 14.-plass i serien, med fem poeng opp til Tromsø på trygg plass.

Aune Heggebø
Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

Sportsnyheter

Messi fikk Gullballen for sjuende gang: – Det er utrolig å være her i kveld

Gullballen gikk til Lionel Messi. Superstjernen sikret sin sjuende Ballon d'Or under mandagens prisutdeling. Ingen har vunnet prisen oftere enn argentineren.

Siste nytt

  • Vinter-universiaden avlyst

    Vinterleikane for studentar, vinter-universiaden i Luzern i Sveits, er avlyst som følgje av korona-varianten omikron.

    Universiaden er ein multi-idrettskonkurranse i vinteridrettar, som blir arrangert annakvart år.

    Årets skulle ha vore den 30. i rekke, og skulle eigentleg vore avvikla i januar, men blei utsett til desember på grunn av covid-epidemien.

    Arrangementet skulle opna 11. desember og pågått i ti dagar. Men på grunn av omikron og innstrammingar i reise til Sveits, er arrangementet no avlyst, mindre enn to veker før det skulle ha starta.

    Vinter-universiade
    Foto: MAXIM SHEMETOV / AFP
  • Granerud blei att for å trene

    Halvor Egner Granerud vart verande i Ruka for å trene etter å ha vorte einaste nordmann utan verdscuppoeng. No er han klar for revansj.

    – Halvor ville gjerne trene ein dag i Ruka og vart igjen saman med Andreas Vilberg (trenar) for å gjennomføre to økter. Hoppinga såg lovande ut, og Halvor er meir trygg på seg sjølv, seier landslagstrenar Alexander Stöckl.

    Granerud missa i begge kvalifiseringane i Finland.

    – Helga baud på få hopp, og sjølv om vi til søndag hadde ei god løysing, fekk eg ikkje moglegheita til å sjå korleis det faktisk fungerte. Eg gler meg til Wisla, fulle tribunar og forhåpentleg ein fin revansj, seier Granerud.

    Dei same sju hopparane som var i Ruka, får sjansen i Wisla i helga der det er lagkonkurranse laurdag og individuelt renn søndag.

    Halvor Egner Granerud
    Foto: VESA MOILANEN / AFP
  • Kina: Omikron kan by på utfordring

    – Den nye korona-varianten omikron skaper utfordringar, men vi meiner likevel at gjennomføringa av OL vil gå fint, seier talsmann Zhao Lijian i det kinesiske utanriksdepartementet.

    Omikron gir litt ekstraarbeid med smittevern, men Kina meiner dei har kontroll.

    – Vi trur vi skal kunne avvikle OL etter planen, seier Lijian.

    Vinter-OL i Beijing skal gå frå 4. til 20. februar, og har allereie planlagt nokre av dei strengaste smittevernreglane som finst. Mellom anna skal leikane gå heilt utan utanlandske tilskodarar.

    OL i Beijing
    Foto: Mark Schiefelbein / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal