– Måtte denne kampen aldri ta slutt, sa Europsport-kommentator då matchen gjekk inn i det som skulle bli meir enn ti minutts tilleggstid.
Dei 2211 tilskodarane i Mjøndalen fekk vere vitne til litt av eit fyrverkeri. Ni mål, dei to siste sju og ti minutt på overtid.
– Det er mykje feil på begge lag, men det var veldig godt å gå av den bana her med tre poeng. sa matchvinnar Håkon Evjen til NRK. Det var han som avgjorde kampen med eit kjempeskot frå 25 meter.
– Det er heilt fantastisk, men det er eigentleg en sjuk kamp.. Det er så mange mål ,og så mange unødvendige mål.
– Aldri vore med på noko liknande
– Eg trur ikkje eg skal anlysere denne kampen på ei stund enno, sa Glimt trenar Kjetil Knutsen.
– Eg har ikkje vore med på noko lignende, dette var god underholdning. Det er utilgiveleg av oss, vi leia 2-0. Men så blei det berg- og dalbane. Det er gøy at det er Håkon som får sigersmålet, han brenner til og får eit fantastisk skot, seier Knutsen.
– Dette er god reklame for norsk fotball, i alle fall underhaldningsmessig.
Glimts sigersmål kom meir enn ti minutt på overtid, då Mjøndalen nettopp hadde utlikna.
– Dette er det verste tapet eg har hatt nokon gong. Det var smertefullt å sjå på, sa Mjøndalen-trenar Vegard Hansen.
– Det er vondt å sleppe inn så mange mål, det er vondt å sleppe inn så seine mål og det er vondt å tape på overtid.
– Vi blei litt for naive. Vi tenkte at dei var ufarlege med ti mann, men det var dei ikkje. Det var ti gode fotballspelarar igjen i gult, og vi blei for kåte på den femte skåringa, seier Hansen.
0-2 blei 3-2
Bodø/Glimt såg lenge ut til å halde fram der dei slapp mot Rosenborg i serieopninga.
Morten Konradsen sette inn 1-0 for Glimt etter 20 minutt, og Vegard Leikvoll Moberg omsette eit straffespark til scoring ti minutt før omgangen var slutt. Dette gjekk som ein leik for dei gulkledde.
Men leiken tok slutt. I dei siste sekunda før pausen reduserte Tonny Brochmann på straffe. Så var corner mål for gjestene. Sondre Solholm Johansen skalla inn utlikninga. Og så heada William Sell inn Joackim Olsen Solbergs frispark, til 3-2.
Men det var før Geir Herrem viste seg fram. Philip Zinckernagels frispark frå 20 meter trefte stanga, og Herrem var framme på returen mot eit passivt Mjøndalen-forsvar.
Tre minutt etterpå runda Herrem keeper og trilla ballen mot ope mål. Ein forsvarsspelar er inne i målet og måkar ballen ut, men linjedommaren markerte at ballen var klart over streken – akkurat nok til at ingen sakna VAR-teknologien. Og 4-3 til dei gule.
Keeper-skade og overtidsmål
I tileggstida måtte Glimt-keeper Ricardo Friedrich ut på båre. Målscorar Vegard Leikvoll Moberg tok på seg keeperdrakta og stod i mål dei siste minutta.
– Då Ricardo låg nede, forstod eg at det var eg som skulle i mål, for vi hadde ikkje flejre byte igjen, seier Leikvoll til NRK.
Nesten sju minutt på overtid måtte han kapitulere. Innbytar Alfred Scriven styrte ballen inn i hjørnet, og 4-4.
Men det var ikkje nok. Etter meir enn 100 minutts spel var det Håkon Evjen som fekk gleda av å sikre Glimt-sigeren med eit skot frå 25 meter.