Maks 37,5 grader i kroppstemperatur

På den asiatiske meisterligakampen mellom koreanske Jeonbuk Motors og japanske Yokohama Marinos får ikkje tilskodarar sleppe inn på tribunen dersom dei har kroppstemperatur på over 37,5 grader. I tillegg må dei ha ansiktsmaske.

Det er naturlegvis frykta for korona-viruset som er årsaka. Tilskodarane må fylle ut skjema før dei slepp inn, der dei må svare på spørsmål om helseproblem og nylege besøk i Kina, melder nyheitsbyrået AP.

Det asiatiske fotballforbundet satsar på å gjennomføre gruppespelet, men kampar med kinesiske lag er utsette på ubestemt tid.

Jeonbuk Motors vs Shanghai
Foto: Str / AFP

Siste nytt

  • Liverpool snudde og tangerte rekord

    Med 3-2 over West Ham tangerte Liverpool rekorden med 18 strake sigrar i Premier League. Det er like mange som Manchester City hadde i 2017-18.

    Liverpool tok leiinga ved Georginia Wijnaldum, men Issa Diop og Pablo Fornals gav West Ham overraskande 2-1-leiing.

    Men Mohamed Salah og Sadio Mané sikra poenga for sigersvane Liverpool.

    Liverpool leier med 22 poeng på Manchester City når 11 kampae står att.

    Mohamed Salah
    Foto: Paul Ellis / AFP
  • Bryants enke går til sak

    Kobe Bryants enkje Vanessa går til sak mot eigaren av helikopteret som krasja i skodda då Bryant og dottera omkom i utkanten av Los Angeles 26. januar.

    Vanessa Bryant meiner piloten var uforsiktig då han flaug i dei vanskelege tilhøva. Ho meiner han burde ha avbrote flyuturen. Piloten sjølv var blant dei ni som omkom i styrten.

    Helikopteret som krasja
    Foto: Jayne Kamin-oncea / Reuters
  • RBK-kvinnene tapte sin første kamp

    Rosenborg Kvinner tapte 1-0 for Sandviken i sin aller første kamp. Den blei spela på La Manga, og målet kom etter 39 minutt.

    Rosenborg Kvinner er same laget som tidlegare heitte Trondheims-Ørn. Frå i år er dei ein del av Rosenborg BK.

Sendeplan

Kl. Program Kanal