– Eg har hatt eit lite håp om OL-plass, og det har vore to emosjonelle veker. Det har vore vanskeleg å snakke med folk i media om det, og eg har tenkt mykje, seier Ingvill Måkestad Bovim til NRK, dagen etter ny årsbeste på 4.05,35 på 1500-meter under Diamond League-stemnet i London.
Det er 15 hundredelar under det særnorske OL-kravet og førre helg sprang ho under det internasjonale kravet med tida 4.06,03.
Dessverre for 34-åringen var det for seint. Fristen for å ta OL-kravet gjekk ut, før ho sprang under OL-kravet, og namnet hennar stod ikkje på lista då Olympiatoppen tok ut dei siste norske OL-deltakarane førre veke.
- Les også:
Har vore i tenkeboksen
Sidan uttaket har det vore stille frå 1500-meter-løparen.
– Eg har vore i tenkeboksen med tanke på karrieren vidare, seier Måkestad Bovim, som la ut dette bildet på Instagram etter løpet i går.
– Kva som fekk deg til å bestemme deg for å gå på ein ny sesong, trass i at det ikkje blir OL?
– Kroppen fungerer endeleg. Eg har fått trent meir med piggsko dei siste fire vekene, enn eg har gjort dei siste fire åra. No kan eg gå inn i vintertreninga skadefri, det har eg ikkje gjort sidan 2011, seier ho.
Gårsdagens Dimond League-stemne gjekk på olympiastadion i London, og neste år er det VM i friidrett same plass. Der vil Måkestad Bovim stå på startstreken.
– Eg hadde ikkje heilt dagen i går og beina var tunge, men hadde eg hatt betre dagsform trur eg at eg kunne hengt på ho som vart nummer tre. Det er veldig motiverande, med tanke på kor lite trening eg har hatt i år, seier ho.
– Eg føler endeleg at eg på veg mot det potensialet eg har. Denne sesongen starta eg ikkje opptreninga før i januar grunna skade, og eg har tatt store steg sidan då. Med tanke på kva eg har fått til på så kort tid er eg veldig motivert for å sjå kva eg kan gjere det neste året.
- Les også:
Skademareritt
For fire år sidan var det OL i London, og Måkestad Bovim var i sitt livs form, men ein akillesskade i siste liten gjorde at ho måtte trekkje seg frå leikane.
Sidan den gong har det vore fleire skadar, graviditet og barnefødsel som har stykka opp treningsarbeidet.
- Les også:
Sjølv om det ikkje blir OL i Rio er ikkje sesongen over. Første ventar NM, der ho spring 1500- og 800-meter, før Diamond League i Paris.