Måkestad Bovim skada igjen – mistar Beijing-VM

Ingvill Måkestad Bovim går glipp av resten av sesongen og VM på grunn av skade. Det er ikkje fyrste gong.

ingvill

SKADA IGJEN: Ingvil Måkestad Bovim rakk berre to løp før ho måtte avslutte sesongen.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Ho var akkurat i gong med eit nytt comeback. I slutten av juni sprang Ingvill Måkestad Bovim sitt fyrste løp etter at ho opererte hælen i slutten av oktober i fjor. Etter det andre løpet i belgiske Liege sist veke meldte ein ny skade seg.

– Utan betydning for Rio

– Under løpet falt ein av dei andre løparar rett framfor meg. Eg måtte då hoppe over denne utøvaren og landa litt på skrå. Dette førte til ein skade i leggen, skriver Måkestad Bovim, på sin Instagram-konto.

Etter eit par dagar på krykker og ein MR-undersøking viser det seg at skaden ikkje er av like alvorleg grad som dei mellomdistanseløparen har slite med før, fortel ho vidare. Etter seks veker skal leggen vere bra.

Men det er uansett for kort tid for at 33-åringen skal kunne greie VM-kravet og førebu seg optimalt til meisterskapet i Beijing i slutten av august.

– VM i år går derfor ut, men med tanke på Rio neste år vil denne skaden vere utan betydning, fortel ho på Instagram.

På same måte som OL i London gjekk ut. Då akillesen nærmast røyk rett av rett før avreise. VM i Moskva året etter gjekk også utan Måkestad Bovim som måtte operere etter London-OL og fødde også sin fyrste son. I fjor var ho tilbake under EM i friidrett, men måtte operere den andre hælen etter sesongslutt.

Beijing var aldri stort mål

Då NRK snakka med Måkestad Bovim i forkant av stemnet i Belgia, var ho optimistisk men klar på at det store målet ikkje var årets VM i Beijing, men OL i Rio neste år.

– Eg er veldig spent på korleis eg ligg an, men stressar ikkje med å klare VM-kravet. Eg trur eg vil eit stykke unna dei tidene no, men føler eg er på god veg. Klarer eg kravet stiller eg sannsynlegvis i VM, men Beijing er uansett ikkje noko stort mål for meg, sa 33-åringen frå Odda då.

No blir det ingen jakt på VM-krav, men ny opptrening.

LES SAKA: Måkestad Bovim operert – igjen

Siste nytt

  • Hovland slo tilbake

    Viktor Hovland avsluttet PGA-turneringen i Sør-Korea med nok en runde på 69 slag (-3), etter en svak dag med to over par lørdag. Dermed endte han totalt sju under par, og ble nummer 31. Amerikanske Justin Thomas vant, 20 under par.

    TGXsL4jtxvU
    Foto: JONATHAN FERREY / AFP
  • Stavanger med sesongens første tap

    Det skulle gå ti kamper før Stavanger Oilers avga poeng i årets eliteserie i ishockey. Etter 1-1 til full tid, og en målløs overtidsperiode, tapte siddisene til slutt 1-2 etter at hjemmelaget Storhamar hadde avgjort på straffer lørdag.

    Eliteserien ishockey, menn (12. Runde): Storhamar - Stavanger
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • City tilbake på vinnersporet

    Etter et svært overraskende tap før landslagspausen, slo Manchester City tilbake med 2-0-seier borte mot Crystal Palace i Premier League lørdag.

    Scoringer av Gabriel Jesus og David Silva sørget for 0-2 og tre poeng til gjestene.

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Rui Vieira / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal