Blei dytta - droppar protest

AMSTERDAM/OSLO (NRK): Ingvill Måkestad Bovim (34) låg på andreplass ut på oppløpet, men stivna på slutten og måtte ta til takke med fjerdeplassen.

Ingvild Måkestad Bovim ble nummer fire på EM-finalen på 1500 meter. Hun kjempet lenge om medalje, men måtte gi tapt. Dessverre var hun ikke i nærheten av å klare kvalifiseringskravet til OL i Rio.

FJERDEPLASS: Ingvill Måkestad Bovim enda på den sure fjerdeplassen, men vurderer å legge inn protest etter at ho fekk ein dytt inn på oppløpet. Ho låg då på andreplass.

Thomas Brakstad
Journalist i Amsterdam
Mads Nyborg Støstad ny en
Journalist i Amsterdam

– Eg får ein dytt i siste svingen der, og vil sjå på reprisen saman med Ronny Nilsen, seier Måkestad Bovim til NRK etter løpet.

Situasjonen ho vil sjå på skjer i den siste svingen, der ho vert passert av to andre jenter, som til slutt stakk av med dei siste medaljane.

Umiddelbart etter intervjuet med NRK, ringde Bovim sportssjef Ronny Nilsen for å diskutera ein eventuell protest.

Sportssjef i det norske friidrettsforbundet, Ronny Nilsen, skriv i ein SMS til NRK at dei har sett gjennom reprisen og har valt å ikkje legge inn protest.

Polske Angelika Ciuchocka vann løpet på 4.33, medan Sifan Hassan og Ciara Mageean tok dei siste medaljane. Måkestad Bovim gjekk i mål på 4.34,15.

Langt bak OL-kravet

1500 meteren start i roleg tempo, og det vart tidleg klart at Måkestad Bovim aldri ville vera i nærleiken av det norske OL-kravet på distansen, som er 4.05,50. Ho vert ståande med årsbeste på 4.09,09, men at OL i Rio mest sannsynleg vil gå utan 34-åringen brydde ho seg ikkje stort om etter målgang.

– Det var veldig nære. Eg hadde utruleg gode bein og det losna verkeleg i dag, strålte Måkestad Bovim i NRK intervjuet etter målgang.

– Eg er sjukt godt nøgd med framgangen eg har hatt sidan Bislett, legg ho til.

– Det er fantastisk å komme tilbake å bli nummer fire, men det er med ein liten bismak når ho er så nære bronsen, seier NRKs kommentator Jann Post.

Ingvild Måkestad Bovim er fornøyd tross fjerdeplass og kjenner at formen blir bedre og bedre.

GODT HUMØR: Ingvill Måkestad Bovim var i strålande godt humør, etter å ha tatt fjerdeplassen i EM, men vurderer å leggja inn protest etter at ho fekk ein dytt på oppløpet.

Til OL i London for fire år sidan var 34-åringen i sitt livs form, men måtte trekkje seg frå 1500 meteren, grunna ein skade.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM svømming kortbane
VM svømming kortbane