Hopp til innhold

Sleit med eteforstyrring: – Det var vanskeleg å stoppe

Etter hans beste år som klatrar, tenkte Magnus Midtbø at han måtte ned i vekt for å bli enda betre. – Eit bilete på at ein kan kome ut med helsa i behald, seier professor.

Magnus Midtbø utanfor NRK sine lokaler på Marienlyst i Oslo.

VIKTIG TEMA: Magnus Midtbø trudde at det å gå kraftig ned i vekt, ville hjelpe på prestasjonane i klatreveggen.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Magnus Midtbø er ein av dei beste klatrarane i Noreg. Han slutta med konkurranseklatring i 2017, etter å ha vunne nesten alt som var å vinne i dei nordiske konkurransane.

Men framleis kan ein la seg imponere over ferdigheitene hans på YouTube. Der er han òg ein av Noregs største akkurat no.

Det er derimot eit tema han ikkje har ville dele med følgjarane sine før no. Rett etter hans beste år i klatresporten, begynte ei ferd mot det ekstreme.

– Det var ei eteforstyrring, seier Magnus Midtbø til NRK.

Då Midtbø var 16 år vann han junior-VM og kom til finalen i verdscupen. I dei prestisjefylte konkurransane fekk han sjå dei beste av dei beste.

Det påverka han.

– Eg tenkte at den einaste måten eg kunne bli like god som dei, altså å bli best i verda, var å sjå meir lik ut som dei andre og derfor gå ned i vekt, fortel han.

Klarte ikkje å stoppe

Difor byrja Midtbø å faste seg ned i vekt sommaren 2005, heilt til han sjølv merka at det gjekk for langt.

– Det var vanskeleg å stoppe. Eg tenkte at om eg berre gjekk ned eit par kilo til, så ville eg bli enda sterkare. Slik fungerte det ikkje. Det enda med at eg blei veldig svak utan å innsjå kvifor.

Han styrte seg sjølv, var sin eigen trenar og levde med tankesettet om at skulle han bli best i verda, kunne han ikkje høyre på nokon andre her heime.

Ingen av dei var best. Ti kilo mista han på eitt år.

– Dei gongane det gjekk dårleg i konkurransar, straffa eg meg sjølv med å ikkje ete på eit par dagar. Eg var veldig sta og bestemt på at dette var noko eg måtte gjere, seier Midtbø.

Mesternes mester 2021 - Magnus Midtbø

Magnus Midtbø er med i den siste sesongen av Mesternes mester.

Foto: Sondre Transeth / Rubicon TV/NRK

Søkte aldri hjelp

Professor og spesialist på temaet, Jorunn-Sundgot Borgen, seier dette er ein vanleg veg å gå.

– Det er eit dilemma når nokre av dei beste i ein idrett er ekstremt lette eller tynne, for då tenkjer veldig mange andre utøvarar at det er det som må til for å bli best, seier Sundgot-Borgen til NRK.

Jorunn Kaiander Sundgot Borgen

PROFESSOR: Jorunn Sundgot Borgen.

Foto: Norges idrettshøgskole

Foreldre, lærarar og venner la merke til vektnedgangen til klatraren, men få turte å seie ifrå.

– Eg vart god på å skjule det. Eg fråtsa i sosiale samanhengar, men åt ingenting åleine. Det vil eg oppfordre andre i miljøet til å tenke over, at folk som slit blir veldig gode på å skjule det, seier Midtbø.

– Når fann du ut at du hadde eit problem?

– Det gjekk opp for meg då livskvaliteten gjekk ned. Eg følte verkeleg at eg ikkje levde noko liv. Eg trena mykje og hadde lite energi. Eg elska dunjakka mi, for då kjendest det som at eg aldri forlét senga. Humøret var ustabilt – eg kunne fyre meg opp for den minste ting, seier han.

– Søkte du hjelp nokon gong?

– Nei, eg syntes det var såpass pinleg å snakke om. Det går på stoltheita mi, og eg ville stå fram som tøff og sjølvsikker. Samstundes føler eg at eg set meg i ei offerrolle, og eg har absolutt ikkje lyst å vere noko offer.

Eksperimentet med mat føregjekk i eitt år, men det påverka klatreforma i fleire år etterpå.

– Hadde det gått lengre tid, så kunne eg potensielt øydelagt veldig for meg sjølv, mista klatregleda og stoppa med idretten, seier han.

Magnus Midtbø i NRKs lokaler

OPNAR SEG: Magnus Midtbø håpar historia hans kan hjelpe andre.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Auke i tilfelle

Landslagssjef i klatring, Reino Horak, fortel at forbundet ofte pratar om kosthald med utøvarane sine.

I nyare tid har forbundet innført krav om at alle på laget må levere helseattestar som viser at dei oppfyller krava om vekt for å konkurrere. Det meiner Horak hjelper han å halde oversikt over helsa til kvar enkelt utøvar.

Reino Horak

VIKTIG TEMA: Reino Horak og resten av klatreforbundet snakkar ofte om kosthald med utøvarane.

Foto: Klatreforbundet

Han påpeiker at det som skjedde med Midtbø, ofte skjer med utøvarar som byrjar å slanke seg.

– Det er ein snarveg på kort sikt. Problemet er når ein har gjort det og syns at det gjekk bra, for då vil ein slanke seg enda meir. Til slutt blir ein berre svakare, får skadar, stressbrot og kan ikkje bli sterkare, seier Horak til NRK.

Sundgot-Borgen kallar historia til Midtbø ei suksesshistorie. Særs få klarer å komme ut av ei eteforstyrring på eiga hand.

– Det er veldig mange som held på for seg sjølv, utan at nokon tek tak før det har gått for langt. Og veldig få klarer å snu ein slik prosess sjølv – dei aller fleste må ha hjelp, seier ho.

Ho meiner det er bra at Midtbø fortel om sine eteforstyrringar.

– Han gjer ein viktig jobb ved å fortelje at dette var noko han sleit med. Han kan vere eit bilete på at det går an å snu det. Ein kan komme i frå det med helsa i behald. Det kan også bidra til at fleire tør å be om hjelp, seier ho.

Ein auke i meldingar har bidrege til at professoren trur problemet er større no enn tidlegare.

– Eg er veldig bekymra. Det er tragisk at unge utøvarar skal få redusert livskvalitet og helse for resten av livet fordi vi ikkje førebyggjer problemet, seier ho og held fram:

– Vi har behov for å gjere ei ny kartlegging. Alle idrettar bør undersøkast, og så må effektive og førebyggande tiltak implementerast. Eg trur diverre det er ein auke i utøvarar som slit no på dei siste 20 åra som har gått.

Midtbø ynskjer at andre no skal lære av hans feil.

– Eg lærte på den harde måten at vekt ikkje har alt å seie. Viss ein vil halde på lenge, nyttar det ikkje å presse kroppen for hardt. Då kjem ein verken til å nå måla eller leve spesielt bra, avsluttar han.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal