NRK Meny
Normal

– Det er ein ond sirkel for Magnus

Magnus Carlsens svake resultat gjer at motstandaren får trua på siger og dermed spelar betre, meiner NRKs sjakkekspert.

Carlsen og Topalin

Magnus Carlsen tapte mot Veselin Topalov frå Bulgaria i opningskampen i storturneringa i St. Louis. Her frå tilsvarande oppgjer i fjor.

Foto: Stringer / NTB scanpix

Torstein Bae

NRKs sjakkekspert, Torstein Bae.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Magnus Carlsen tapte opningskampen i storturneringa Sinquefield Cup i USA mot bulgarske Veselin Topalov.

Motgangen held fram for sjakkesset etter dei svake resultata i Norway Chess i Stavanger.

NRKs sjakkekspert, Torstein Bae meiner den dårlege trenden også tenner konkurrentane.

– Mostandarane får sjølvtillit og får trua på at dei kan slå Magnus. Det er ein ond sirkel for Carlsen dette, seier Bae til NRK, som meiner konkurrentane legg merke til at han startar middelmådig også i denne storturneringa.

– Dei ser at dei har sjansen til å ta knekken på Magnus fordi han ikkje er på hugget. Dei får ekstra motivasjon av å sjå at han sliter, seier Bae vidare, som følger spent med på turneringa i St. Louis der heile verdseliten er samla.

Ikkje lenger uovervinneleg

Veselin Topalov vann over Carlsen for andre gang på rad etter ein noko heldig siger under Norway Chess sist.

Bae meiner bulgararen såg sitt snitt til å banke nordmannen nok ein gang.

– Topalov hadde eit agressivt trekk i opninga. Det er klart at han tenkte at han hadde sjansen igjen.

Neste motstandar for Carlsen er verdstoar Fabiano Caruana mandag. Bae trur mannen med både italiensk og amerikansk pass kjem til partiet med eit stort håp om siger.

– Magnus viser at han berre er eit menneske som gjer tabbar og som tapar parti. Dermed tenker kanskje Caruana at når Topalov klarte det, så kan han også klare å vinne, seier Bae, som avslører at konkurrentane i mange år har sett på Carlsen som uovervinneleg.

– Det er mange toppspelarar som har sagt at Magnus «hypnotiserer» motspelarane. Magnus har gått frå siger til siger og har verka uovervinneleg i mange år. Ingen har klart å spele godt mot Magnus, seier Bae, som meiner at den respekten er borte.

(Artikkelen held fram under bildet)

Carlsen og Caruana

Magnus Carlsen sliter ved sjakkbordet for tida. Mandag møter han Fabiano Caruana Sinquefield Cup. Her under Norway Chess i Stavanger der Carlsen også fikk stryk av Caruana.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

Vil slå tilbake

Superturneringa i St. Louis er den siste store testen for Magnus Carlsen før VM i lyn- og hurtigsjakk i Berlin i oktober. Der er 24-åringen regjerande meister. Og sjakkeksperten har trua på at nordmannen vil slå hardt tilbake.

– Eg trur han kjem tilbake sterkare enn nokonsinne. Men det har vore ein uvant tung periode for Magnus. Dette er noko han kan lære av, og ha nytte av i seinare turneringar og i VM. Og eg trur han fortsatt kan gjere eit godt resultat i USA, seier Torstein Bae.

Siste nytt

  • Bare uavgjort for Atlético Madrid

    Atlético Madrid spilte uavgjort mot Tarik Elyounoussis Qarabag i dagens gruppespillskamp i Mesterligaen.

    Dermed står Atlético, som har nådd finalen i to av de tre siste sesongene, med bare to poeng etter tre kamper. Chelsea leder gruppen foran Roma.

    Azerbaijan Soccer Champions League Kevin Gameiro, Maksim Medvedev
    Foto: Aziz Karimov / AP
  • OL-sjef siktet for korrupsjon

    Carlos Nuzman, sjefen for fjorårets OL i Rio de Janeiro, er formelt siktet for korrupsjon, hvitvasking, skatteunndragelse og kriminell virksomhetsledelse. Nuzman er fra før suspendert fra sine verv i Den internasjonale olympiske komité (IOC).

    Brazil Nuzman Arrested
    Foto: Silvia Izquierdo / AP
  • Fem kamper for Ylven

    Vålerengas Martin Laumann Ylven er utestengt i fem kamper for den røffe taklingen mot Alexander Wall i søndagens kamp mot Frisk Asker.

    Vålerenga har akseptert straffen.

    GET-Ligaen i hockey: Storhamar - Vålerenga
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Vipers-Oppsal