Magnus Carlsen kunne ha droppa Noreg

Magnus Carlsen gjorde eit «prinsipielt val» då han melde seg ut av Norges sjakkforbund, men han ønskte ikkje at utmeldinga skulle offentleggjerast.

Magnus Carlsen

Magnus Carlsen var ikkje fornøgd da sjakkforbundet sa nei til ein avtale verd 50 millionar i sommar.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Det viktigaste var det prinsipielle, ikkje å laga vanskar eller bråk.

Carlsen er så usamd med Norges sjakkforbund at han valde å melde seg ut av forbundet, noko som vart kjent for ti dagar sidan. Usemja stakk så djupt at han kunne ha droppa det norske flagget.

– Hadde eg ikkje fått ei løysing, kunne det vore aktuelt å spele under FIDE-flagg, seier Carlsen til NRK og legg til:

– Men eg er veldig fornøgd med at det vart norsk flagg, og at leiinga i forbundet har vore såpass samarbeidsvillige.

Magnus Carlsen og Jon Ludvig Hammer

PÅ JOBB: Magnus Carlsen under filminnspeling i Oslo, saman med Jon Ludvig Hammer, Noregs tredje beste speler.

Foto: JØRUND WESSEL CARLSEN / NRK

– Trur det sat langt inne

Magnus Carlsen jobba saman med Norges sjakkforbund og det internasjonale sjakkforbundet (FIDE) for å sjå på ulike alternativ. Eitt av dei var å droppe Noreg, men det ville verken Carlsen eller Norges sjakkforbund.

I sjakken kan utøvarar som er i konflikt med eige forbund spele under «FIDE-flagg». Det fungerer omtrent som utøvarar som ikkje får vore med i OL, men som konkurrerer under det olympiske flagget.

Til slutt fann dei ei løysing, og utmeldinga har inga praktisk tyding for den beste sjakkspelaren i verda. Dermed kan han framleis spele seriesjakk for Offerspill, og turneringar som vanleg.

– Det ville vore nokså dramatisk. Kva flagg ein har på brystet er ein viktig del av alle sportar. Det ville vere noko heilt uvanleg at ein norsk utøvar melder seg ut på den måten, seier NRKs sjakkekspert Torstein Bae.

– Men eg trur det hadde sete ganske langt inne, seier NRKs ekspert.

Nyheita om Carlsens utmelding vart sendt ut av sjakkforbundet 8. november.

– Det var ikkje ønsket mitt at det skulle bli offentleggjort, med tanke på at eg har vore utmeld ei stund, utan at det vart kjent, seier Carlsen til NRK.

– Kvifor vilje du ikkje at det skulle offentleggjerast?

– Poenget mitt er at det er eit standpunkt, eg ville ikkje lage meir baluba enn eg gjorde.

TOrstein Bae

NRK-EKSPERT: Torstein Bae.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Prinsipp-valet

Ved sida av sjakkbrettet har debatten rundt Norges sjakkforbunds avtale med eit spelselskap, skapt ein del oppstyr.

– Det er alltid reaksjonar, og folk som meiner mykje, seier han.

I sommar gav Carlsen klar beskjed om at han var for at sjakkforbundet skulle inngå ein avtale med Kindred. Det enda med eit klart nei, og like etter starta Carlsen å sjå på moglegheitene for å melde seg ut.

– Det er eit prinsipielt val eg har tatt. Eg jobbar framleis med forbundet, og har god dialog med dei, i alle fall leiinga. Eg har prøvd å finne ei løysing som ikkje er altfor konfronterande eller byr på praktiske problem, seier Carlsen.

Siste nytt

  • Zuccarello-assist og seier

    Minnesota Wild vant i natt mot Edmonton Oilers, men gjestene bet godt fra seg i kampen som endte 6-5 for hjemmelaget. Mats Zuccarello leverte en assist. Mats Zuccarello hadde 19 minutter og 31 sekunder på isen under kampen.

    Wild Lightning Hockey
    Foto: Chris O'meara / AP
  • Storseier til Manchester United

    Ole Gunnar Solskjærs mannskap ble altfor sterke for «norskeklubben» AZ Alkmaar på Old Trafford. Kampen endte 4-0. Ashley Young og Juan Mata (straffe) scoret ett mål hver, mens Mason Greenwood gjorde to. Alle målene kom i løpet av en 20 minutters periode i andre omgang. Begge lagene var videre til 16-delsfinaler i Europaligaen før kveldens oppgjør, men Fredrik Midtsjø må stå over neste kamp for AZ Alkmaar etter sitt tredje gule kort i gruppespillet.

    Europa League - Group L - Manchester United v AZ Alkmaar
    Foto: Jon Super / Reuters
  • Uavgjort for RBK i Nederland

    Pål André Hellands scoring etter 22 minutter borte mot PSV Eindhoven sørget for at Rosenborg ikke går poengløse ut av høstens Europaliga. Det ene poenget hindrer likevel ikke at trønderne ender sist i gruppe D. PSV Eindhovens utlikningsmål i andre omgang ble scoret av Mohammed Ihattaren. Heller ikke Eindhoven går videre fra gruppespillet. Rosenborg har ikke vunnet en gruppespillkamp i Europa siden 28.9.2017.

    I gruppe B slo Malmø FC København med 1-0. Dermed går begge lag videre fra gruppespillet.

    Netherlands Soccer Europa League
    Foto: Peter Dejong / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal