Hopp til innhold

Carlsen får uventa støtte – VM-motstandar meiner juks vart oversett

Det pågåande sjakkdramaet har ført til at Magnus Carlsen har blitt kritisert frå mange hald. Nå får nordmannen støtte av sin tidlegare VM-motstandar Fabiano Caruana.

Fischersjakk-semifinaler dag 2

STØTTAR CARLSEN: Fabiano Caruana – her under eit møte med Magnus Carlsen i Fischer-sjakk – kjem med ei uventa støtteerklæring.

Foto: Berit Roald / NTB

– Eg veit om ei profilert sak der eg med hundre prosent sikkerheit kan si at nokon juksa.

Det seier Caruana i ei podkast som vart gitt ut natt til torsdag.

Sjakkprofilen fortel vidare at episoden skal ha skjedd i ei viktig turnering, og at personen vart etterforska.

Det skal likevel ikkje ha blitt avdekt juks, men Caruana understrekar at han er helt sikker på at det vart jukset.

Vedkommande kom unna med det.

Skeptisk til jukseanalyse

Denne opplevinga gjør at Caruana, som var Magnus Carlsen sin VM-motstandar i 2018, gir nordmannen uventa støtte etter hendingane dei siste vekene.

Fabiano Caruana

SJAKKSTJERNE: Fabiano Caruana.

Foto: PIERRE-PHILIPPE MARCOU / AFP

Ifølge 30-åringen vart nemleg professor Kenneth Regan sine metodar og verktøy brukt for å undersøke hendinga der Caruana var overtydd om juks.

Det er same mann som langt på veg også frikjenner Hans Niemann – stortalentet som har fått Carlsen til å skape skandaleoverskrifter.

– Eg ville tatt Regan sine analysar med ei stor klype salt. Man må nærmast bli tatt på fersken for å bli oppdaga av hans metodar, samanfattar Caruana i podkasten.

Les også: Professor feller «juksedom» etter Carlsen-drama – ekspert ikkje overtydd

Hans Niemann, professor Kenneth Regan og Magnus Carlsen.
Hans Niemann, professor Kenneth Regan og Magnus Carlsen.

Magnus Carlsen er på alles lepper etter at han trakk seg frå ei turnering førre veke, etter å ha blitt slått av nemnde Niemann, før han følgde opp med å gi opp eit parti mot Niemann etter berre eitt trekk denne veka.

Mistenker ikkje Niemann

Oppførselen har blitt tolka som antydningar om at Niemann driv med skittent spel, men professor Regan fortalde NRK onsdag at han har analysert alle Niemanns parti de siste to årene, og at han ikkje har funnet noko som tyder på at 19-åringar juksar.

Når NRK konfronterer Regan med utsegna til Caruana, sett han seg ikkje akkurat på bakbeina.

Professor Kenneth Regan.

PROFESSOR: Kenneth Regan er anerkjend i sjakkmiljøet.

Foto: NRK

– Den «klypa med salt» har vore sann i evigheitar, seier professoren.

Utan å utdjupe meir viser han til eit sitat av sjakkspelar Aleksandr Grisjtsjuk, som går på bruken av datajuks i sjakken, at berre ein veldig dum person som berre brukar det fyrste trekket til datamaskina vil sannsynlegvis bli oppdaga.

Caruana understrekar at heller ikkje han har grunn til å tro at Niemann juksar, og at han sjølv ikkje har sett noko mistenkeleg frå den amerikanske tenåringen.

Samtidig trekker han fram Niemann sin brokete juksehistorikk, og meiner at det er relevant at han tidlegare har vist vilje til å jukse.

– Det viser ei fasett av personlegdommen hans. Det kan gi grunnlag for mistenkeleggjering, meiner Caruana.

Fabiano Caruana

STORMEISTER: Amerikansk-italienske Fabiano Caruana.

Foto: PIERRE-PHILIPPE MARCOU / AFP

Forsvarer Carlsen: – Ikkje egoisme

Den tidlegare VM-motstandaren fortel at Niemann sin historie har vore ei snakkis i miljøet i lang tid før Carlsen trakk seg frå førre vekes turnering.

Han peikar også på at uavhengig av om Carlsen har rett eller ikkje, er oppførselen motivert av gode intensjonar:

– Eg forstår motivet hans. Det er ikkje egoistisk, det er prinsipielt. Dersom han har rett, så gjør han noko som potensielt kan skade ham sjølv, men han gjør det for å vareta sjakken. Dersom han tar feil, skader han kanskje ei annan person, men motivet er ikkje egoisme, tolkar Caruana.

Les også: Carlsen bryter tausheten om sjakkdramaet: – Situasjonen nå er uheldig for mange

Niemann og Carlsen
Niemann og Carlsen

Siste nytt

  • Kolstad fikk det tøft og tapte klart for Zagreb i mesterligaen

    Kolstad tapte med klare 20-31 borte mot Zagreb i mesterligaen håndball. En elendig avslutning av 1. omgang ødela.

    Kolstad var i føringen innledningsvis og ledet etter vel halvspilt første omgang på 9-10, men så klarte hjemmelaget å gjøre åtte mål til 17-10 uten at Kolstad klarte å score et eneste mål de siste tolv og ett halvt minutt av 1. omgang.

    Zagreb fortsatte å dominere også etter hvilen, og Kolstads første mål i 2. omgang kom etter fire minutter på 19-10.

    Islendingen Sigvaldi Gudjonsson var det eneste lyspunktet hos Kolstad. Kantspilleren stoppet på elleve mål.

    (©NTB)

    Håndball: Avkast for REMA 1000-ligaen 2023/24
    Foto: Javad Parsa / NTB
  • Valijeva-høringen utsatt til november

    CAS-høringen i dopingsaken til kunstløper Kamila Valijeva ble torsdag satt på pause. Den gjenopptas 9. november.

    Det opplyser Idrettens voldgiftsrett (CAS) i en melding på sitt nettsted.

    Etter at partene hadde lagt fram sine saker i løpet av tre dager, ba voldgiftspanelet om ytterligere dokumentasjon. Partene vil få tid til å fremskaffe dette, og det er berammet to nye høringsdager i Lausanne 9. og 10. november.

    Det vil trolig ytterligere forsinke den endelige avgjørelsen i saken, ettersom dommerne vil ha tid til å fatte sin avgjørelse og skrive begrunnelsen.

    Valijeva avga en positiv dopingprøve i desember 2021. Hun rakk å vinne laggull i Beijing-OL med ROC-laget før den positive prøven ble kjent. Seiersseremoni og fordeling av medaljer i den øvelsen er ennå ikke foretatt.

    Valijeva krever selv at hun ikke skal bli straffet for den positive prøven.

    FILE PHOTO: Figure Skating - Team Event - Women Single Skating - Free Skating
    Foto: ALEKSANDRA SZMIGIEL / Reuters
  • Tiller nær seier i Belgia

    Uno-X gjorde en sterk prestasjon i det belgiske endagsrittet Circuit-Franco Belge torsdag.

    Rasmus Fossum Tiller kjempet om seieren, men klarte ikke å angripe Arnaud De Lie de siste meterne før mål.

    Corbin Strong ble nummer tre, mens Tillers lagkamerat Tobias Halland Johannessen tok fjerdeplassen.

    Rittet er et Pro-ritt, nivået under WorldTour.

    Uno-X kjemper i øyeblikket om tredjeplassen blant ProTeamene. Det vil gi automatisk invitasjon til alle endagsrittene på WorldTouren neste sesong.

    Tour de France
    Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Hovland med hole-in-one - bilder med tillatelse fra Viaplay 01:16
Neste