NRK Meny
Normal

Må treffe på straffekast

God uttelling på straffene kan bli heilt avgjerande for norsk EM-suksess, meiner landslagssjefen.

- Vi kan ha gått glipp av kanskje ein semifinale på grunn av dårleg utteljing på straffene i VM i Tunisia i 2005, seier landslagssjef Gunnar Pettersen til NRK.

Nettradio: - Kan ha kosta oss VM-semifinale

Då vart Noreg nummer sju, trass i berre 61 prosent utteljing på straffene.

Bør setje 8 av 10

Dei beste laga har rundt 80, og der har Noreg vore det meste av det siste halvåret. Men mot Island og Polen i førre veke svikta det.

- Sviktar vi på straffene, må vi vere sktra gode på alt det andre for å vinne. Det var vi mot Polen, men vi kan ikkje lite på det i kvar kamp, seier Pettersen.

I Alexander Buchmanns skadefråver er det Kjetil Strand som skal ta straffene i EM. Han er klar.

- Eg kan ikkje tenke konsekvens av treff eller bom når eg står der. Slike tankar må stengjast ute, elles går det gale, seier Strand.

Siste nytt

  • Dansk konflikt midlertidig løst

    Danmarks fotballforbund (DBU) og Spillerforeningen er blitt enige om en delavtale som gjør at kvinnelandslaget spiller VM-kvalifisering mot Kroatia tirsdag.

    Spillerne har nektet å trene og spille, derfor er kampen mot Sverige i kveld avlyst.

    Etter Kroatia-kampen skal partene forhandle videre om en permanent avtale. Da skal også FIFPro og UEFA være med som meglere, melder Danmarks Radio.

    Pernille Harder
    Foto: Patrick Post / AP
  • Everton-bråk blir politisak

    Politiet i Liverpool opnar etterforsking av bråket på Goodison Park under Evertons kamp mot Lyon i går kveld, melder BBC.

    Bråket involverte både spelarar og tilskodarar. Ein av tilskodarane gjekk inn i tumultane med eit barn på armen.

    Everton har i dag bannlyst denne tilskodaren frå Goodison Park.

    Bråk Everton - Lyon
    Foto: OLI SCARFF / AFP
  • Putin inviterer Blatter til VM

    Tidlegare FIFA-president Sepp Blatter seier at han kjem til å reise til fotball-VM i Russland neste år etter å ha blitt invitert av president Vladimir Putin, melder telegrambyrået AFP.

    FIFA har tidlegare utestengt Blatter i seks år etter at han i 2015 blei dømd for korrupsjon.

    Blatter var FIFA-president då Russland i 2010 blei tildelt 2018-VM.

    Sepp Blatter og Vladimir Putin
    Foto: Maxim Shipenkov / Ap

Sendeplan

Kl. Program Kanal