Hopp til innhold

Må ta grep for å halde lagkameratane bak seg: – Eit faresignal

Johannes Thingnes Bø har funne årsaka til kvifor han føler seg som «ein seigmann på ski». Samstundes nærmar lagkameratane seg i sporet, og derfor veit verdsmeisteren kva han må gjere.

Verdenscup skiskyting

Til Austerrike: Verdscupen går føre seg i Hochfilzen fredag. Sprint står på programmet.

Foto: Fredrik Sandberg/TT / NTB

Til trass for at Johannes Thingnes Bø sikra seg fem pallplasseringar i finske Kontiolahti, har ikkje forma vore heilt som den pleier.

Etter jaktstarten, fortalde 27-åringen at han følte seg som ein seigmann på ski. Fleire av lagkameratane har halde følge så langt i verdscupen, og det meiner han er urovekkande.

– Det ser ein svart på kvitt, det. Dei er på veg, og det er eit faresignal. Eg må verkeleg jobbe hardt for å halde dei bak no, seier Thingnes Bø til NRK.

Mista tilgang

Han meiner årsaka er at han ikkje har fått trent nok styrke under nedstenginga av Noreg.

– På grunn av korona har vi halde oss vekke frå treningssenter, og her på World Cup har vi som regel hatt tilgang til det, men ikkje i år. Og då har eg mista det som skal til, seier han.

Den manglande krafta i skigåinga kjem av at styrken i overkroppen ikkje er god nok, per dags dato.

– Eg føler ikkje at eg har noko trykk i stavtaket, og ei heller hjelp frå mageregionen i det eg set ned stavtaket. Så no må eg legge meg i benken og finne fram jarnet, fortset han.

Liv Grete Skjelbreid Poiree

EKSPERT: Liv Grete Skjelbreid føl skiskyttarane tett.

Foto: Marit Sofie Strand / NRK

Ekspert Liv Grete Skjelbreid er einig i at Thingnes Bø manglar kraft i skigåinga.

– Det såg vi på han, spesielt i dei to første renna. Sjølv om han gjekk litt betre i det siste løpet på stafetten søndag, så er han ikkje heilt der han har vore, seier Skjelbreid til NRK.

Lært av verdsmeisteren

Lagkameratane meiner derimot ikkje at Thingnes Bø er i dårlegare form enn før.

– Eg trur Johannes er i minst like god form som han har vore, men vi har nok lært litt av det han har gjort i mange år no, å starte knallhardt. Det er der han har teke sekund. Eg fekk faktisk ein sekundering på første sprint som var lik med Johannes, men tre sekund bak Samuelsson. Så det er andre som opnar med alt dei har no og let det stå til, i staden for den kontrollerte Ole Einar Bjørndalen-opninga han blei så kjend og god på, seier Vetle Sjåstad Christiansen til NRK.

Landslagstrenar Egil Kristiansen meiner Sjåstad Christiansen er inne på noko.

– No er nok Johannes eit knepp raskare enn dei andre, men ein ser at det er fleire som er nærare enn dei har vore. Eg vel å tru at Johannes ikkje er dårlegare, men at dei andre har blitt betre, seier Kristiansen.

Johannes Dale meiner han òg har lært av Thingnes Bø.

– Eg hadde nokre teknikkøkter i mai der eg prøvde å gå litt som Johannes – altså å gå stort og legge litt meir i kvart skyv. Det blir ein vanvitig fart, men det kostar. Eg trur eg har prøvd å etterlikne han litt og det har heva grunnivået mitt, seier Dale.

Skiskytterne

SEIER: Noreg jublar etter stafettsigeren i Kontiolahti.

Foto: Antti Aimo-Koivisto / AP

Tarjei Bø, som har slite mykje med sjukdom dei siste åra, har vist i år at han kan gå raskare enn veslebroren.

– Johannes kan gå seg i form. For eitt år sidan var han ikkje på sitt beste den første helga, men så kom han som ein rakett utover desember, seier Bø.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal