Hopp til innhold

Må gå med skinne i tre til fire veker

SOGNSVANN (NRK): Therese Johaug må trene alternativt i tre nye veker. Etter eit nytt brot i handa må Johaug nøye seg med ein stav når ho går på rulleski.

Johaug etter brot

POSITIV: Therese Johaug håpar å snu brotet i handa om til noko positivt og meiner dette skal gjere ho enda sterkare.

Foto: Morten Stenberg

På fredag reiste Therese Johaug rett heim til Oslo etter eit fall på løpetur i italienske Livigno. For andre gong denne sommaren var skistjerna uheldig og pådro seg eit brot i handa. I juli var det venstrehanda, denne gongen var det høgre.

Johaug innrømmer at det ikkje berre har vore lett dei siste dagane sidan ho kom heim i helga.

Slepp operasjon

– Det er veldig irriterande. Sist gong klarte eg å snu det veldig fort og tenkje positivt. Denne gongen måtte eg ha nokre ekstra dagar. Men det skal gjere meg enda sterkare til vinteren, seier Johaug bestemt.

Operasjon slepp 27-åringen, men ho må gjere store endringar på treninga dei neste vekene.

– Det går jo bra, men det er så klart ikkje ein situasjon eg ynskjer å vere i. No må eg bruke skinne i tre-fire veker og får ikkje gå med to stavar på rulleski på tre veker, fortel Johaug som akkurat har gjennomført ei økt på rulleskimølla på Olympiatoppen – med ein stav.

Det verste med skaden er likevel ikkje mindre rulleskitrening.

– Det eg synest er mest kjipt er at det blir vanskeleg å trene overkroppsstyrke. Den jobben eg har gjort der har eg prioritert veldig i det siste, og vil ikkje gå tilbake på, seier Johaug.

Felt av eit hol i bakken

Fallet i Livigno kom på løpetur med resten av landslaget i dei italienske Dolomitter. Johaug hadde følge av Niklas Dyrhaug då uhellet skjedde ein halvtime ut på den tre timar lange turen.

– Eg og Niklas tok ein feil veg og kom inn på ein anna sti. Det var mykje gras og plutseleg var det eit hol i bakken, som eg ikkje såg. Eg datt og tok meg for på strak arm. Sidan eg hadde brot i den andre i sommar, fekk eg alt trykket på den andre handa.

Sjølv om ho kjente at noko var feil valde Johaug å fortsette løpeturen.

– Det var same kjensla som tidlegare i sommar, så eg tenkte at det her er meir enn berre ei forstuing. Men eg hadde ikkje vondt og ein vil jo så klart tru det beste. Det var berre å køyre rett ned, lure pressa litt og så kome seg på røntgen, seier Johaug med eit lurt smil.

Ikkje bekymra for vinteren

Sjølv om ho no må trene alternativt eit par veker, trur ho ikkje skaden vil hemme sesongoppkøyringa noko særleg.

– Eg har aldri hatt noko avbrekk med langvarig sjukdom og skader tidlegare i karrieren. Det kunne jo ha vore kyssesjuke eller andre meir alvorlege skader. Det her kjem jo til å gro, smiler ho og er tydeleg ikkje bekymra.

Men likevel:

– Eg skulle jo ynskje eg kunne setje dei joggeskoa bort litt, men dei blir nok min beste ven framover, ler Johaug.

Pressekonferanse med Therese Johaug der hun snakker om bruddet i hånden.

Sjå heile pressekonferansen med Therese Johaug her:

Siste nytt

  • Landslagsspiller klar for finsk ishockey: – Enkelt valg

    Den norske landslagsspilleren Christian Kåsastul har skrevet under en kontrakt med den finske ishockeyklubben KooKoo.

    27-åringen bekrefter overgangen til TV 2.

    – Det var et enkelt valg. Jeg ville tilbake til Finland. Det er en topp liga i Europa. Det er fokus på struktur og det defensive spillet, og det passer meg godt, sier Christian Kåsastul til TV 2.

    FID276OpxVg
    Foto: NTB
  • Store endringer på kombinertlandslaget: Fra 13 til seks utøvere

    I vinter var det ni menn og fire kvinner på kombinertlandslaget. Til neste sesong slås de to lagene sammen til ett, samtidig som det kuttes drastisk.

    – Vi ønsker å spisse satsingen enda mer mot et VM på hjemmebane neste år og optimalisere satsingen mot de aller, aller beste, sier sportssjef Ivar Stuan til NRK.

    De seks utøverne som blir en del av Elite A-landslaget er: Jørgen Graabak, Ida Marie Hagen, Gyda Westvold Hansen, Mari Leinan Lund, Jens Lurås Oftebro og Jarl Magnus Riiber.

    Samtidig har ledelsen opprettet et B-landslag. Der er det én kvinne og syv menn. Blant dem flere som har medaljer og gull fra VM og OL.

    B-laget består av: Marte Leinan Lund, Espen Andersen, Espen Bjørnstad, Kasper Moen Flatla, Einar Lurås Oftebro, Aleksander Skoglund, Andreas Skoglund og Simen Tiller.

    – Vi legger også til rette for de nest beste, men de vil trene mye mer lokalt med sine regionale team, sier sportssjef Stuan om utøverne på Elite B-laget.

    Ifølge Stuan handler kuttet i antall på A-laget først og fremst om optimalisering, men også noe økonomi.

    Neste år er det VM på hjemmebane i Trondheim.

    Kombinert
    Foto: NTB
  • VG: VM endte med millionunderskudd for Norges Håndballforbund

    Den norske delen av VM i håndball gikk over én million kroner i underskudd. Medarrangørene Danmark og Sverige fikk bedre økonomiske resultater.

    Norges håndballpresident Kåre Geir Lio opplyser om underskuddet til VG. Håndballmesterskapet for kvinner ble avholdt i november og desember 2023.

    Ifølge Lio fikk Danmark et overskudd på seks millioner kroner, mens svenskene gikk omtrent i null. Det økonomiske tapet skal likevel ikke være en sperre for mesterskap i Norge i framtiden.

    – Vi må være modige og tørre, sier Lio til avisen.

    Norge arrangerte totalt 23 VM-kamper i gruppespillet, hovedrunden og kvartfinaler. Det var totalt 36.870 tilskuere på kampene til de norske håndballjentene. Mesterskapet endte med VM-sølv for Norge.

    Neste år er Norge vertskap sammen med Danmark og Kroatia når håndball-VM for menn arrangeres. (NTB)

    cLJZ5U40J_M
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal