– Ja, vi har verkeleg får kjenne på forureininga i lufta her, seier landslagssjef Sondre Skarli til NRK.
Han og laget var blant dei første som kom til den kinesiske millionbyen der verdscupen på skøyter skal opne fredag morgon.
Dei skjønte raskt at her var det litt andre tilstandar enn heime. Luftforureininga i Harbin er så dårleg at den når ekstreme verdiar.
– På forureiningsskalaen ligg Oslo på mellom 35 og 40 mikrogram svevestøv per kubikkmeter på svært trafikkerte dagar. Her har det vore oppe i 999. Det er så høgt skalaen går, seier Skarli.
– Samstundes låg ein så forurensa by som Beijing på rundt 200, så det er klart at lufta her er ekstrem, legg han til.
– Eit sjokk
Han og løparane er trygt plasserte inne i skøytehallen, og der er lufta litt betre - men dei merkar den der også.
Løparane brukar munnbind når dei er ute av hotellet og hallen.
– Vi held oss for det meste inne. Det blir elles stort sett hotellet og buss og bane vi ser her i byen, seier landslagsløpar Espen Aarnes Hvammen.
Sprinttrenar Jeremy Wotherspoon seier lufta var eit stort sjokk for løparane då dei kom. Han har vore i Harbin før, men det er nokre år sidan.
– Det var heilt klart usunt å puste dei første dagane, spesielt ein av dagane var det forferdeleg. Då blei vi åtvara mot fysiske aktivitetar utandørs, og det er ikkje slike forhold ein vil ha når ein skal førebu seg til konkurransar. Det var eit lite sjokk for nokre av løparane.
– Men det blei betre etter kvart. Eg håpar det bli endå betre fram til løpa tek til, seier Wotherspoon.
Slit med astma
To dagar før løpsstart var forureininga nede i 59. Det er katalogisert som moderat. Prognosane for helga er opptil 137, definert som «helsefarleg for sensitive grupper».
– Nokre av løparane som er med her, slit med litt astmaproblem. Dei kan få litt større problem enn andre.
Byane nordaust i Kina er ofte utsette for sterk forureining. I klimaet der temperaturen midtvinters kan gå ned til minus 40 grader, blir det i stor utstrekning brukt kol til fyring og oppvarming.
Ei vindstille veke i oktober/november for tre år sidan var det spesielt ille. Konsentrasjonar på over 1000 mikrogram gav sikt på berre 50 meter. Flyplassane måtte stengje, det same måtte 2000 skular i området.
Video: Sjå korleis skøyteløparane førebur seg i Harbin