NRK Meny
Normal

I dag startar gåturen frå Bergen til Ålesund

I dag startar Per William Lie på sitt livs lengste gåtur. Rute: Bergen-Ålesund. Grunn: Tap av eit fotballveddemål.

Per William Lie

MÅ GÅ: Per William Lie må gå frå Bergen til Ålesund i dag.

Foto: Liegruppen

Per William Lie er ein ihuga Brann-supporter, med ståltru på dei raudkledde. Dette har gitt han mange fine stunder, men også ført han på djupt vatn. Som no. Han hadde ikkje rekna med at gåturen til Ålesund skulle bli ein realitet.

Fiskebåtprat

Det heile starta på ein konferanse i Oslo. Rundt 60 medlemmer av Fiskebåt -interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon for den norske havfiskeflåten – var samla.

Dette var hausten 2012, nokre dagar før Hødd skulle møte Brann i semifinalen i cupen. Eliteserielaget brann mot eit av botnlaga i 1. divisjon – Hødd. Per William Lie var skråsikker. Det måtte gå dei raudkledde sin veg. Dei blå var for små. Det var seint nattetid. Dei storkjefta sunnmøringane hetsa klubben i hans hjarte. Og han måtte slå tilbake.

– Eg røyste meg og sa at om ikkje Brann slo Hødd og kom til cupfinalen, skulle eg gå frå Bergen til Ålesund. Eg blei til og med beden om å gjenta det. Noko eg gjorde, fortel Per William Lie til NRK.

Så tapte Brann

Men dei blå var ikkje for små. Brann klarte det ikkje. Dei tapte med to mål til og med. 3–1 til Hødd. Jubelen ville ingen ende ta i Ulsteinvik.

Les:

Hødd vil ha europacup til Høddvoll

TAPTE: Per William Lie sitt kjære Brann tapte mot Hødd. Og Lie tapte mot Fiskebåt-kompisar frå Sunnmøre.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Det vart eit hardt slag for Lie.

– Dette var ein av mitt livs svartaste stunder. Fordi Brann tapte. Men ikkje minst på grunn av det tapte veddemålet.

Som mann for sitt ord lova han straks å gå den lange vegen til Sunnmøre. Han måtte berre gjere unna silde- og makrellsesongen først.

No går han

Som sagt så gjort. I dag startar gåturen for Per William Lie. Og han er godt budd.

– No har eg fått to gode venner til å gå saman med meg i sympati. Vi har gått ein del lange turar på asfalt. 2,5 mil her og ei mil der, for å førebu oss litt. Så vi håper å legge opp til økter på ca 5 mil om dagen.

Og det er ikkje berre dei tre som tek turen til Sunnmøre. Ein følgjebil høyrer med på langtur.

– Eg har vore så heldig at kokken om bord i båten som eg jobbar på har sagt seg villig til å køyre ein bubil oppover, og lage mat til oss på vegen.

Bilen skal også frakte dei gjennom tunnelar der det ikkje er lov å gå. Målet er at dei tre gåande, og kokken, skal vere framme i Ålesund fredag 24. mai.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Ingebrigtsen hjemkomst
EM feltritt: Dressurridning
EM feltritt: Dressurridning
EM feltritt: EM feltritt - dressurridning
EM feltritt: Dressurridning
Toppserien: LSK Kvinner - Avaldsnes
Toppserien: LSK - Avaldsnes
Toppidrettsveka: Sprint
Toppidrettsveka: Sprint i Aure
Toppidrettsveka: Sprint