– Det har vore snakka ein del om at vi manglar ein del spelarar, men likevel vinn vi fortent. Vi manglar den beste fotballspelaren i verda, seier Lucy Bronze og siktar til Ada Hegerberg før ho legg til:
– Vi manglar den franske landslagskapteinen, vi manglar ein av dei føretrekte midtstopparane og vi mangla Nikita Parris.
Hegerberg sjølv var ikkje på bana grunna ein skade. Ho fekk med seg feiringa og takka laget på Twitter.
– Damene mine, skreiv ho.
– Ganske stort
Ingrid Syrstad Engen spelte heile finaletapet mot Lyon. Sjølv om dei regjerande meistrane vart for sterke, synest ikkje NRKs fotballekspert Morten Morisbak Skjønsberg at midtbanespelaren gjorde seg bort blant eliten.
– Dette er det ypparste av fotballkvalitet i verda, så det er ganske stort at Ingrid Syrstad Engen er på midtbanen til Wolfsburg, seier han og legg til at Engen har teke enorme steg sidan overgangen frå LSK Kvinner.
– Utfallet av kampen var fortent, men det var inga overkøyring. Sjølv om Lyon framleis er best, ser vi at laga i sjiktet under dei nærmar seg, legg han til.
– Burde vore modigare
Etter kampen fortalde Wolfsburgs danske stjernespelar Pernille Harder kva ho sakna i førsteomgang.
– Dei er best gjennom heile kampen, men vi pressa dei godt i andreomgang då vi våga å vere modigare. Hadde vi vore det frå start kunne alt sett annleis ut, seier ho til Viasat etter kampen.
– Ein speler finalar for å vinne dei, og det er skuffande å ikkje vinne. Vi jobba veldig hardt for sjansane våre. Det trong ikkje Lyon å gjere, legg Harder til.
Ikkje lett for Engen
Sidan 2016 har ikkje Wolfsburg tapt i meisterligaen mot noko anna lag enn Lyon.
Da er det ikkje så merkeleg at det blei ein vanskeleg dag på jobben for Engen.
Fleire gonger leita ho etter moglege pasningsalternativ, men medspelarane hennar vart stort sett alltid dekte. På den måten klarte Lyon å demme opp for Engens kvalitetar.
– Ho er jo ein kjempegod pasningsspelar, men vi fekk ikkje sjå for mykje av det i dag, sjølv om ho fekk vist seg fram nokon gonger, seier Skjønsberg.
Sakna ikkje Hegerberg
Lyons store talisman dei siste sesongane har utan tvil vore Ada Hegerberg, som i 2019 vart kåra til den beste fotballspelaren i verda.
Ein skulle tru at sakna av henne var stort i ein så viktig kamp, men Eugénie Le Sommers og Saki Kumagais skåra kvart sitt mål i førsteomgang og dei regjerande meistrane hadde god kontroll.
Wolfsburg-veteran Alexandra Popp tende eit håp for tyskarane då ho stanga inn ei redusering rett før andreomgang var eit kvarter gammalt.
Håpet vart likevel sløkt to minutt før full tid då Sara Björk Gunnarsdóttir skåra det siste målet i kampen.
Ekstra surt var det nok for dei med hjarte for Wolfsburg at akkurat ho skåra. Gunnarsdóttir gjekk nemleg til Lyon frå tyskarane midt i inneverande sesong, etter fem år i klubben.