NRK Meny
Normal

Pedersen sjanselaus på medalje: – Trenar ikkje for å bli nummer to

HAMAR (NRK): Sverre Lunde Pedersen forklarer sin vanskelege sesong med at han blei for ivrig i treninga i sesongstarten. I VM var han sjanselaus på medalje.

Sverre Lunde Pedersen inn til foreløpig 2. plass

SJANSELAUS: Sverre Lunde Pedersen gjekk for bronse. I staden redda han berre så vidt fjerdeplassen

Sverre Lunde Pedersen måtte slå sin makker Jan Blokhuijsen med 5,65 sekund for å ta VM-bronse. I staden var det han som blei knust.

– Eg hadde ikkje det giret som måtte til for å halde følgje, seier Sverre Lunde Pedersen etter at han tapte med nesten ni sekund og var på nippet til å miste fjerdeplassen også.

Trippel nederlandsk

Dermed blei alt nederlandsk. Sven Kramer gjorde akkurat det han måtte for å vinne både 10.000 og VM-gullet. Unge Patrick Roest (20) tok sølvet og Jan Blokhuijsen bronse.

– Kroppen er etter omstenda bra. Det gjorde godt å få ein 10.000 meter utan kollaps, sa Pedersen, med tanke på 10.000 m i EM tidlegare i vinter.

– Det gjorde godt for sjølvtilliten, sa Pedersen. Tidlegare på dagen gjennomførte han ein oppløftande 1500 m på 1.46,23, etter at resultata laurdag var skuffande.

God 1500 meter

– Eg tenkte mange tunge og negative tankar i går kveld, men heldigvis greidde eg å snu det, sa han før 10.000-meteren.

Sverre Lunde Pedersen slår tilbake

IMPONERTE: Her går Pedersen ein sterk 1500 m

På milløpet opna han også bra, og i 15 rundar makta han nokolunde å følgje sin nederlandske makker.

– Men så auka han farten, og eg greidde ikkje å halde følgje lenger. Det var slutt på kreftene, og eg måtte berre prøve å justere for å halde farten inn til mål, seier Pedersen.

– Trenar ikkje for å bli nummer to

– Eg har hatt ein vanskeleg sesong. Litt av problemet var nok at eg ville for mykje før sesongstart, og blei for ivrig for å kome heilt til topps. Så bikka det litt over, seier sølvvinnaren frå VM i fjor.

– Eg trenar ikkje for å bli nummer to. Då må ein ta nokre sjansar i treninga.

NRKs ekspertkommentator Even Wetten meiner Pedersen har medaljenivået inne.

– Det har han vist fleire gonger. Han er eit tidspoeng bak der han var i fjor. Med det tidspoenget er han med på å kjempe om medaljar, seier Wetten.

Pedersen er heilt klar på at Sven Kramer er ein unik løpar. Kramer tok i dag sin niande VM-tittel i allround, og har vunne 23 av dei 24 samanlagtmeisterskapet han har stilt opp i.

– Sven er nok tidenes skøyteløpar, og eg har vanskar med å sjå nokon annan som kjem til å vere like god, iallfall i mi tid. Han er heilt ekstrem, seier Sverre Lunde Pedersen.

Siste nytt

  • VM-lag i flydrama

    Den ene flymotoren tok fyr da Saudi-Arabias VM-mannskap landet i Rostov. Det opplyser landets fotballfotbund på Twitter. Alle spillerne skal være i god behold, men det ble altså en høydramatisk ankomst for laget som skal møte Uruguay på onsdag.

    FBL-WC-2018-RUS-KSA
    Foto: PATRIK STOLLARZ / AFP
  • Kaptein-Kane header inn 2-1

Sendeplan

Kl. Program Kanal