– Dagen blei ein stor siger for sporten vår. Jentene våre viste ein del bra, og kan enkeltvis vere både stolte og fornøgde, meiner hoppsjef Clas Brede Bråthen i prat med NRK.
Det var tidenens første hopprenn for kvinner i OL, etter at IOC i 2011 endeleg gav klarsignal.
Det første OL-gullet gjekk til tyske Carina Vogt. Ho vann framfor Daniela Iraschko-Stolz, medan franske Coline Mattel fekk med seg bronsemedaljen.
For herrane gjekk det første gullet til polske Kamil Sotch, medan slovenske Peter Prevc tok sølvet. Anders Bardal sikra norsk bronse i konkurransen søndag.
– Etter to renn er det seks forskjellige hoppnasjonar med medalje, seier ein glad Bråthen til NRK.
Lundby hoppa seg opp
Etter første omgang låg Line Jahr best plassert av dei norske, men etter andre omgang var Maren Lundby best plassert.
Lundby hoppa seg opp frå 13.-plass til ein solid åttandeplass i andre omgang. Line Jahr heldt på niandeplassen frå første omgang.
Helena Smeby Olsson blei nummer 14, medan Gyda Enger enda på 24.-plass.
– Eg skjelv! Dette er heilt sjukt, sa Line Jahr til TV 2 etter første omgang.
- Les også:
Storfavoritten svikta
Før rennet fortalde Anette Sagen mellom anna kven ho trudde kom til å vinne. Ho tippa Iraschko-Stolz på andreplass, og fekk rett der, men vinnaren tippa ho feil.
– Eg tippar Sara Takanashi vinn, sa ho til NRK.
For japanske Takanashi var storfavoritt før tidenes første OL-hopprenn for kvinner. Ho har vore på pallen i alle verdscuprenna så langt i år og leiar verdscupen med 1220 poeng – 459 poeng føre Vogt.
Takanashi låg på tredjeplass etter første omgang med 124,1 poeng. I andre omgang hoppa ho derimot berre 98,5 meter.
Då Iraschko-Stolz slo til med 104,5 meter, det lengste hoppet i konkurransen, blei Takanashi dytta ned til fjerdeplass. Både Mattel og Vogt enda nemleg framfor japanaren.