– Aksel Lund Svindal er ein ekstremt motivert pasient. Han er heilt eksepsjonell som idrettsutøvar. Både når det kjem til mental styrke og vilje til å jobbe hardt for å komme tilbake etter skade, seier mannen som opererte VMs store sensasjonsalpinist.
19. oktober 2014: Tre timar etter at Aksel Lund Svindal har skada seg etter leik med ball, ligg han på operasjonsbordet til kirurgen Christian Fink i Innsbruck.
Kort tid etter at nyheiten når norsk presse er konklusjonen langt på veg at sesongen er over for ein av verdas beste alpinistar dei siste åra – og at det vil ta nordmannen seks månader å komme tilbake for fullt.
Fink er meir optimistisk. Austerrikaren har sett tidlege comeback før. Mindre enn eit år i forvegen opererte han maraton-terrengsyklist og VM-vinnar Alban Lakata.
Austerrikske Lakta og Aksel Lund Svindal driv vidt forskjellige idrettar, men begge har vore dominerande i sin sport i mange år.
Begge har også kjent akillesen ryke.
Vann ritt i comebacket
– Etter ei stund sjekka eg opp i kor Lakata var i karrieren. Det viste seg at han hadde vunne eit World Tour-ritt fire månader etter operasjonen. Det betyr også at han har vore tidleg tilbake på sykkelen.
– Tenkte du at Aksel også kunne gjøre eit raskt comeback?
– Ja, eg tenkte at det var mogleg sidan det hadde skjedd før, seier Fink, som også fortalde Lund Svindal historia om Lataka.
Men at Lund Svindal skulle gjøre comeback under VM bare tre månader seinare hadde han aldri venta.
– Det vil vere løgn å seie at eg trudde han skulle klare det. Eg rekna på tida fram mot VM og tenkte at det ikkje ville gå. Opptrening etter akillesskade tar tid. I tillegg krev det stor arbeidsinnsats.
VIDEO: Aksel Lund Svindals sesongdagbok
Passerte test på rekordtid
Fink fortel at Lund Svindal har vore innom til kontroll 3-4 gangar etter han pådro seg skaden.
Spesielt ein test etter uhellet i Sölden gjorde legen ganske paff.
– Han testa akillesen ved å stå på ein fot og løfte hælen for å sjå om han kunne stå på tærne.
– Normalt tar det 14-16 veker for ein idrettsutøvar å klare dette etter operasjon. Aksel brukte bare rundt ti veker. Det er unikt, seier Fink.
2. februar 2015: Tre månader og 14 dagar etter akillesskaden kallar Aksel Lund Svindal inn til pressetreff på hotellet Elk Horn Lodge i Beaver Creek. Han er klar for å køyre utfortrening i VM-løypa.
– Er du overraska over at det gjekk så fort å komme tilbake?
– Eg er litt overraska, men han som opererte meg er nok endå meir overraska. Han synst det var ganske sjukt då eg skulle til Innsbruck i januar for å stå på ski igjen, sa Svindal til NRK.
Fink innrømmer at han var sjokka.
– Kva tenkte du?
– Forhåpentlegvis skjer det ikkje noko gale no, seier Fink og ler.
Har lært
Fink hyller også Lund Svindals medisinske apparat på Olympiatoppen. Fysioterapeut Håvard Moksnes ein av dei som har jobba tettast på alpintstjerna.
– Det er nyttig å ha erfaringa med Lund Svindal til neste gang det kjem nokon med ei slik skade, seier Moksnes.
– Kva har de lært frå Svindals rekordcomeback?
– Vi har lært at ein utøvar kan starte treninga ganske tidleg etter skade i slike tilfelle. Endå tidlegare enn det vi trudde for nokre år sidan, seier Moksnes.
Det er ikkje bare testinga hos lege Christian Fink som har overraska. Då Svindal prøvde fysikken på Olympiatoppen i januar blei nordmannen sjølv forbløffa.
– Eg visste ingenting om korleis eg låg an. Eg hadde trena, men ikkje hatt noko hjelp eller assistanse. Det viste seg at testresultata i for eksempel knebøy var like gode som eg hadde hatt sommaren før eg blei skada. Alle testane var ganske bra. Då var eg overraska, seier Svindal.
– Føler mest for Svindal
3. februar 2015: Tre månader og 15 dagar etter uhellet i Sölden har Aksel Lund Svindal har nådd målet.
Med Beaver Creeks største glis tar han av seg skia etter eit godkjent treningsrenn og møter støtteapparatet til ein siste samtale før han snur seg mot dokumentafilmselskapet som har vore med på reisa sidan 19. oktober:
– Eg må nesten bare køyre, roper Svindal, og melder seg klar for Super-G-rennet dagen etter.
I målområdet står imponerte konkurrentar. Plutseleg blir han lansert som medaljekandidat.
– Han er verdas beste super-G- og utforkøyrar, så det er mogleg, seier den siste super-G-vinnaren før VM, Dominik Paris.
– Han ville ikkje køyrt om han ikkje hadde følt at han hadde ein god sjanse til å komme på pallen, seier regjerande VM-vinnar i super-G, Ted Ligety.
I Austerrike sit ein letta lege.
– Det er klart ein blir kjenslemessig involvert. Eg kjenner på det når Aksel køyrer.
– Han hadde eit mål, men gjorde seg ikkje avhengig av å nå det målet. Han sa at han tok dag for dag og plutseleg er han tilbake, seier Fink.
– Kven vil du heie på under VM - austerrikarane eller Aksel Lund Svindal?
– He-he. Begge, men eg føler mest for Aksel Lund Svindal. Eg håpar verkeleg at han kan ta medalje i VM, seier den austerrikske legen Christian Fink.
Og etter VM er kanskje Svindal tilbake med ballen i beina.
– Skaden med ball var bare ei «freak accident». Eg synst vi skal halde fram med det i laget alle saman, seier Lund Svindal.