Heile 28 av 65 løparar kom aldri til mål i den første omgangen.
Truls Ove Karlsen, Emil Kristiansen og Markus Nilsen var av dei uheldige alpinistane som fekk alt for store vanskar med løypa i første omgang laurdag.
Lystad: – Ikkje normalt
Av dei mange som køyrde ut var det også fleire som gjekk på trynet like før mål.
– Så mange utkøyringar er ikkje normalt, konstaterer kommentator Lars Lystad, og legg til:
– Det må forholda ta skulda for. Det har snødd ein del her, men i tillegg er siste bakken før mål utruleg bratt. Det er som unnarennet i ein hoppbakke.
VIDEO: Fall på fall i Adelboden
SJÅ VIDEO: Fleire fall under dagens storslalåm
Lund Svindal ut
Også i finaleomgangen heldt bomturane fram for dei gjenverande utøvarane. Aksel Lund Svindal var langt bak teten på 20. plass etter første omgang.
I andre omgang kom han ikkje ein gang til mål. Med det blei det ein heilsvart dag for nordmannen.
Hirschner holdt unna for Raich
Kjetil Jansrud enda på 15.-plass, og blei med det beste norske laurdag. Verdscupleiar Marcel Hirscher vann rennet.
Hirscher leia etter første omgang og haldt unna for Benjamin Raich, som køyrde ein fabelaktig finaleomgang.
Åtte hundredels sekund skilde den austerrikske duoen, medan italienske Massimiliano Blardone kapra den siste plassen på sigerspallen.